BPA og kommunen

Til den norske kommunen,

Difor skal de som kommune vilge BPA til dei funksjonshemma innbyggjarane dykkar.

BPA, borgarstyrt personleg assistanse, er eit godt verktøy til eit fritt og sjølvstendig liv:

  • Tradisjonelle, kommunale tenester, sjølv om dei er gode, er ikkje tilpassa aktive, deltakande samfunnsborgarar.
  • BPA er utvikla av oss funksjonshemma sjølv. Vi veit best kvar skoen trykkjer i vårt eige liv.
  • Kommunen er plikta å tilby BPA. Personar med assistansebehov over 25-32 timar i veka har ein lovfesta rett til BPA og kan krevje slike tenester.
  • Det betyr ikkje at ein automatisk skal avslå søknader for dei som har eit mindre assistansebehov. Uloba sin BPA skal i utgangspunktet kunne vilgast frå første time.

Forsvunnen ungdomstid

For generalsekretær Vibeke Marøy Melstrøm, forsvann heile ungdomstida hennar utan BPA:
– Under starten av studiene hadde jeg én assistent, mot slutten hadde jeg to. Men jeg fikk bare dekket mine aller mest grunnleggende behov. Jeg hadde ikke nok assistanse til å pleie nettverk, være med venner eller delta på noe sosialt. Uten assistanse fra min nærmeste familie, ville det ikke fungert. Det var helt utenkelig for meg å kunne reise, ha hobbyer eller på noen måte være aktiv i fritiden.

Slik organiserer du likestillingsverktøyet BPA

Fleire måtar å organisere på

Som kommune, avgjer de sjølv korleis de skal sørgje for at innbyggjaren dykkar får tenesta hen treng og har rett på.

De kan gå fram på følgjande måtar:

  • Organisere BPA sjølv.
  • Kjøpe tenesta frå ein privat tilretteleggjar eller leverandør.
  • dersom den som skal få BPA sjølv ønskjer å vere arbeidsgjevar, og er eigna til det, kan de organisere det slik. Kommunen må sjølv vurdere om den som vil vere arbeidsgjevar i eiga ordning, er eigna til det.

Uansett kva for ei løysing de vel, gjeld dei same føringane:

  • Arbeidsleiar skal ha grundig opplæring i korleis hen skal styre ordninga si, eller ordninga hen styrer på vegner av ein nærståande.
  • Helsedirektoratet har gjeve ut ei eiga opplæringsbok for BPA. Denne kan vere til god hjelp, og understrekar kor viktig det er at opplæringa er god nok. De finn handboka her (ekstern lenke).
  • Undervegs skal arbeidsleiaren kunne få rådgjeving, rettleiing og høve til kompetanseheving, dersom hen treng det.
BPA er lønnsamt

Ein sjanse til å gje tilbake

BPA er med på å gje ressursar tilbake til samfunnet.

BPA kan setje innbyggjaren i stand til å ta utdanning, vere i jobb og stifte familie. På denne måten kan hen verte ein aktiv samfunnsborgar som gjev attende til fellesskapen. Hen får høve til å vere med å forme samfunnet rundt seg, slik som alle andre.

Ettersom innbyggjaren sjølv skal rekruttere assistentane sine, kan det òg vere ein sjanse for kommunen til å få fleire ut i arbeid. Også dei som ikkje har tradisjonelle utdanningar. Innbyggjaren i kommunen vil velje assistentane sine basert på kva hen treng hjelp til. Om det er å ta med borna på fotballtrening eller vaske huset, eller om det er for å få hjelp til å dusje, ete og gå på toalettet.

Bestill Ulobas BPA

Slik kan kommunen bestille Ulobas BPA

Uloba sit på den originale BPA-en i Noreg.

Når kommunen skal bestille Ulobas BPA til innbyggjarane sine, er det nokre praktiske ting det er greitt å hugse på:

Å sende eit stadfestingsbrev.

Uloba har eige skjema

Vi har utvikla eit eige skjema som kommunen kan nytte, men det er ikkje pålagt. Her går det fram kva opplysningar vi treng av kommunen for å få i gang vedtaket.

Nedanfor finn du ein mal på eit stadfestingsbrev til BPA-vedtak.  

Kjøpe frå andre

Kommunen kan kjøpe BPA frå andre aktørar

Vel de som kommune å kjøpe BPA frå private aktører, anten det er ein tilretteleggjar som Uloba, eller det er ein kommersiell aktør, er de ansvarleg for at tenesta som innbyggjaren til slutt får, er forsvarleg og god. Slik skjer det i praksis: 

  • Dei aller fleste kommunane som kjøper BPA nyttar ein standardkontrakt. Den finn du her(lenke).
  • Dei fleste kommunane nyttar òg tenestekonsesjon for å skaffe seg slike tenester. Det betyr at kommunen lagar og sender ut ein rameavtale med dei ulike minstekrava tenesta må innehalde. Deretter kan private leverandørar eller tilretteleggjarar som Uloba, delta i konkurranse om å få tilby tenesta i kommunen.  

Her kan du lese meir om tenestekonsesjonar (ekstern lenke).

BPA-kontrakten

Kommunen er ansvarleg for kontrakt

Kommunen må inngå kontrakt med leverandøren eller tilretteleggjaren for BPA, og de må følgje gjeldande lov og føreskrift når det gjer det.

Den aktuelle lova finn de her (ekstern lenke).

Kommunen skal òg sende ut kontrakten som de skal inngå med leverandøren eller tilretteleggjaren i to eksemplar. Men dersom kommunen vel å nytte Uloba sin BPA direkte, utan nokon prosess med fleire tilbydarar, tilbyr vi vår eigen kontrakt med dei timeprisane som gjeld til ei kvar tid hjå oss.

Vår kontrakt krev at vi får vite kven som skal stå som kontaktperson for vedtaket i kommunen, og at vi får kontaktinfo til vedkomande.

Prosessen før BPA-vedtaket

Det kommunen må vurdere

Her får du ei oppsummering av det som kan skje i prosessen før ein får eit vedtak, og våre tips til kommunen.

Når innbyggjaren har sendt søknaden til kommunen, skal kommunen handsame saka. Det kan vere vanskeleg å forstå kva som skjer i prosessen etter at søknaden er levert. Sjølv om BPA blei rettsfesta i 2014, er det ulikt frå kommune til kommune om innbyggjaren får vilga BPA eller ikkje.

Vi meiner kommunen bør vurdere særskilt to ting:

  • Har innbyggjaren behov for BPA, og har hen rett til det? BPA skal fungere som eit likestillingsverktøy. Det skal setje innbyggjaren i stand til å leve eit aktivt liv på line med andre i samfunnet.
  • Er BPA den beste måten å organisere tenesta på? Med BPA kan ein få dei tenestene ein treng av kommunen i éin pakke. Det kan òg spare ressursar for kommunen.
Slik reknar ein timar i ei BPA-ordning

Livet, time for time

For at arbeidsleiaren skal kunne styre livet sitt med BPA, må ein ha nok timar.

Timetalet skal òg vere innanfor ramene som lova og regjeringa sin intensjon med BPA, set. Her kan du finne det som står om BPA i lovtekstene (ekstern lenke).

Timane kan gå til:

  • Personleg bistand: Å leggje seg, stå opp, gå på toalettet, stelle seg, få i seg måltida ein treng på ein dag og andre ting ein treng for å fungere i kvardagen.
  • Praktisk bistand: Å gjere reint heime, vaske klede, måke snø, handle, lage mat og å lære opp assistentane i korleis ein vil ha desse oppgåvene gjort.
  • Sosiale aktiviteter: Å ha ei aktiv fritid slik som ein sjølv ønskjer, å kunne organisere seg eller ha andre roller i lokalmiljøet, å kunne stå i arbeid, ta utdanning, og berre kunne setje seg på ein kafé saman med nokon ein kjenner.

Sjølv om kommunen skal rekne timar ut frå kva innbyggjaren treng assistanse til, vil assistansebehovet variere frå dag til dag og veke til veke. Ein vinter der det ikkje snør, treng ein ikkje mokehjelp, til dømes. Men kanskje treng ein heller hjelp til noko anna, som å reinse takrenner for vått lauv.

Innbyggjaren skal sjølv kunne disponere timane sine etter kva hen treng assistanse til. Difor er det vanleg å rekne med eit gjennomsnitt timar i veka.

Når vedtaket er fatta, skal arbeidsleiaren sjølv lære opp assistentane sine. Hen skal òg gjennomføre medarbeidarsamtalar.

Skal du rekne ut eigenandel på ei BPA-ordning, kan du berre rekne ut dette frå timane som er tildelt til praktisk bistand.

Kommunen kan gje nær familie løyve til å jobbe som assistent

Eit uavhengig liv

Det er ein delintensjon med BPA at innbyggjaren skal kunne styre sitt eige liv, og ikkje vere avhengig av hjelp frå familien. Men det finst unntak.

Hovudregelen er at ein ikkje skal tilsette nær familie som assistentar i ei ordning. Regelen har vore slik frå og med rundskriv I-20/2000 (ekstern lenke).

Men det betyr ikkje at ein ikkje kan nytte nær familie som tilkallingsassistent, til dømes. Og det hender at sakshandsamaren vurderer at det mest praktiske og fornuftige er å late nærståande jobbe som assistentar.