Ver sjef i ditt eige liv

Du bestemmer kven som skal assistere deg, kva dei skal assistere deg med, når og kvar du treng assistanse.  

Assistenten eller assistentane dine skal utføre oppgåver som du ville gjort sjølv, slik du ville gjort dei. Slik vil BPA bidra til at du kan styre livet ditt på line med alle andre i samfunnet. Du skal finne, tilsette og lære opp assistentane du treng.  

Men du har sjølvsagt Uloba i ryggen

  • I starten kan du få hjelp til å søke om BPA og vurdere kva timebehov du har, dersom du treng det.  
  • Du får ein rådgjevar som sjølv er funksjonshemma og har assistanse. Hen kan rettleie deg og følgje deg opp når du treng det.  
  • Du får delta på obligatoriske kurs i arbeidsleiing. Uloba arrangerer kursa.  

Her får du vite korleis du skal gå fram for å få vår BPA (lenke).  

Dersom du ikkje kan vere arbeidsleiar sjølv, kan du likevel få BPA

  • Nokon som kjenner deg godt, til dømes ein familiemedlem, kan hjelpe deg å leie ordninga. Vi kallar det medarbeidsleiing.  
  • Du som er funksjonshemma med assistansebehov og den som skal vere medarbeidsleiar i ordninga di, skal saman finne ut korleis de legg opp kvardagen din. Medarbeidsleiaren vil ha ansvaret for assistansen din, i samråd med deg.