Born kan òg få BPA

Funksjonshemmet gutt kaster gress i ansiktet på voksen mann og ler

Borgarstyrt personleg assistanse, BPA, kan følge barnet ditt der barnet er. Når hen er barn, når hen blir ungdom, og til slutt vaksen.  

Med BPA kan borna få kvardagen dei treng for til slutt å verte sjølvstendige, trygge vaksne. Oftast er det du som forelder som skal leie ordninga for barnet ditt.  Då blir du medarbeidsleiar.

Då blir du medarbeidsleiar: 

Dette gjer ein medarbeidsleiar

  • Rekrutterer assistentar på vegner av barnet.
  • Deltek på kurs i arbeidsleiing. Uloba arrangerer desse kursa.
  • Gjer arbeidsleiaroppgåver som du får av Uloba. Desse får du vite meir om av rådgjevaren din.

Som medarbeidsleiar i Uloba får du ein rådgjevar som sjølv er arbeidsleiar på vegner av nokon andre. Hen kan bistå deg i det du måtte lure på.  

Uloba sørger i tillegg for at assistentane får rett løn til rett tid, at du har oversyn over kor mange timar du har brukt, at du har alle forsikringar som lova pålegg, og at du får dekt utgiftene til drifta av ordninga di.  

Sjølv om dei aller fleste born gjerne er avhengige av foreldra sine den første delen av livet, er det nokre ting barnet vil klare sjølv: 

  • Vere med bestevennen heim. 
  • Rydde romet sjølv og hjelpe til med middagen. 
  • Gå på fotballtrening eller kulturskule. 
  • Gå i bursdag utan mamma eller pappa, slik som andre born.  

Dette er fordelene for deg som forelder ved å få BPA til barnet ditt: 

Norske undersøkingar viser at foreldre til born med BPA kan jobbe meir og meistre eigen kvardag betre.  

  • Vi i Uloba erfarer at kvardagen blir meir fleksibel og mindre stressande med BPA.  
  • Livskvaliteten blir høgare, ikkje berre for barnet ditt, men for syskena og for deg som forelder.  
  • Du kan òg vere trygg på at barnet har assistentar som passar saman med både hen og familien.  

Under kan du sjå filmen om 9 år gamle Tobias Fagerås. Han har BPA. Du kan òg laste ned teksten til filmen her (lenke).  

(Teksten held fram under vindauget

Les òg om Julian som har BPA, her(lenke)