Bente Skansgårds Independent Living-fond

Logo: Grønn trestamme med tre store blader til venstre for teksten "Bente Skansgårds Independent Living Fond"

Med Bente Skansgårds Independent Living-fond, støttar vi funksjonshemma som vil bidra til fridom, deltaking og kunnskap om kva det vil seie å vere funksjonshemma i samfunnet.

English version (link)

Ønskjer du å utvikle din eigen kunnskap om Independent Living-rørsla? Vil du knyte nettverk med andre funksjonshemma, eller arrangere noko som kan gjere ein skilnad for deg og andre funksjonshemma? Bidrage til at fleire av oss får bestemme sjølv og vere med å utvide forståinga i samfunnet om kva det vil seie å vere funksjonshemma? Då kan du søke om middel frå Bente Skansgårds Independent Living Fond. Fondet er oppretta av Uloba – Independent Living Norge.

Fondet skal støtte funksjonshemma med stipend. Stiftinga kan gje støtte til aktivitetar som studier, studiereiser, utviklingsprosjekt, informasjonsarbeid og likepersonsarbeid. Òg til tiltak der funkjonshemma sjølv er med å auke kunnskapen og forståinga i folket om undertrykkjinga vi møter i dagens samfunn.

Sjå filmen vår om Uloba-gründer Bente, og lat deg inspirere av tankane hennar om Independent Living.​

Søknadsprosessen

Vi ber om at alle søkere benytter seg av eget skjema for søknad. Søknadsskjema vil bli publisert i løpet av høsten 2023.

Søknadsfrist: 9. februar 2024.

Neste tildeling vil skje 9.mai 2024.

Søknaden må minst innehalde:

  • Kort presentasjon av søkaren.
  • Tittel som skildrar aktiviteten det vert søkt om middel til.
  • Bakgrunnen og formålet med aktiviteten.
  • Skildring av aktiviteten, og når og kvar søkaren tenkjet at den skal gjennomførast.
  • Skildring av kva aktiviteten vil ha å seie for søkaren og eventuelt andre funksjonshemma.
  • Totalt budsjett for aktiviteten.
  • I budsjettet må det stå ein konkret søknadssum og eit tidsestimat for gjennomføring.
  • Dersom søkaren i tillegg søker økonomisk støtte frå andre, må ein opplyse om det. (Det vert ikkje vilga middel til vanleg drift.)
  • Kontaktopplysningar, det vil seie e-post, telefon og adresse, og bankkontonummer (IBAN-nummer dersom søkaren er utanfor Noreg).

Vi er ekspertane

Ein føresetnad for å søke, er at tiltaka eller aktivitetane som får økonomisk støtte frå fondet, skal vere basert på prinsippet om at funksjonshemma sjølv er ekspertane på vår eigen situasjon, både som enkeltindivid og som gruppe. Det er vi sjølv som best kan gje råd og rettleiing til andre funksjonshemma.

Du som søker om middel frå Bente Skansgårds Independent Living Fond, må skrive både søknad og sluttrapport på eitt av følgande språk: engelsk, norsk, svensk eller dansk. Emnefeltet skal merkast med «Søknad» og «årstal» (Eks: «Søknad 2021»). Alle søkarar vil få ei stadfesting på e-post om at søknaden er motteken. Søknaden må være motteken av styret i stiftinga innan fristen kvart år, normalt 9. februar. Søknader som kjem inn for seint vert ikkje handsama.​

Rapportering

Alle som får middel frå stiftinga skal utarbeide ein sluttrapport om den gjennomførte aktiviteten. Rapporten skal vere sendt til stiftinga seinast to månader etter at aktiviteten er gjennomført. Dersom aktiviteten går over meir enn eitt år, må ein sende inn halvårsrapportar i tillegg til sluttrapporten. Søkarar som får middel, vil få e-post om dette. Søkarar som får avslag får ikkje e-post. Innvilga søknader vil bli publisert på nettsida til stiftinga 9. mai.

Har du spørsmål? send oss ein e-post (lenke).​

Vedtektene for stiftinga finn du her: Vedtekter for Stiftelsen Bente Skansgårds Independent Living Fond

Andre fond du kan søke: Rolf Bergfors Minnefond (ekstern lenke)​​​

Her kan du lese meir om Independent Living: Ulobas idégrunnlag (lenke)