Alle gode ting er ..10? Vel du Uloba som din BPA-tilretteleggjar, får du òg vere med i ei likestillingsrørsle.
Uloba – Independent Living Norge SA er ein organisasjon for og av funksjonshemma. Vi er ein ideell organisasjon, og medlemmene våre eig oss.
Dette får du om du vel Ulobas BPA:
- Den originale, norske BPA-en. Vår modell er solid og gjennomprøvd og har vore i bruk gjennom 30 år.
- Grundig opplæring og oppfølging.
- Ein BPA-rådgjevar som har solid eigenerfaring, anten som funksjonshemma med assistansebehov sjølv, eller som arbeidsleiar på vegner av eller saman med, nokon andre. Du kan få rådgjeving også utanfor arbeidstida.
- Eige driftsbudsjett til utgifter som følgjer med å ha BPA.
- Bruke vedtakstimane dine fleksibelt gjennom kalenderåret.
- Sjølv rekruttere og lære opp assistentane dine.
- Digitale verktøy til arbeidsleiarrolla og eiga handbok for arbeidsleiarar.
- Supporttelefon. Du kan ringe oss kvar dag, heile døgnet.
- Ein møteplass der du kan dele erfaringar med andre og få høyre om erfaringar tilbake.
- Høve til å vere med i Independent Living-rørsla, eit verdsomspennande fellesskap for sjølvstende og likestilling for funksjonshemma.
Vi jobbar for eit fritt liv – for deg
Vi arrangerer Independent Living-festivalen med Stolthetsparaden kvart år, der alle kan vere med oss til folkefest og protest. Vi marsjerer for likestilling.
Vi er nemleg ein del av Independent Living-rørsla som strekk seg over heile verda, ei likestillingsrørsle. Kvar dag jobbar vi for eit fritt og likestilt liv for oss funksjonshemma.
-
Borgarstyrt personleg assistanse (BPA) Oversikt over vår informasjon om BPA.
-
Kva er BPA? Les om assistansen som mange av oss har ein lovfesta rett på.
-
Korleis får eg BPA? Alle kommunar skal tilby BPA. Slik søkjer du.
-
Ver sjef i ditt eige liv Les om nokre av moglegheitene BPA gjev oss funksjonshemma i kvardagen.
-
Born kan òg få BPA Å vere arbeidsleiar sjølv er ikkje noko krav for å få BPA.
-
Dette kan du bruke BPA til Er det likestilling å få assistanse til å stå opp, dusje og sette på brødristaren?
-
Kommuner som har Ulobas BPA Sjå om din kommune har avtale med Uloba.
-
BPA og kommunen Informasjon om BPA til kommunen.