Korleis får eg BPA?

Dersom du har eit assistansebehov kan du få Borgarstyrt personleg assistanse (også kalla brukarstyrt personleg assistanse), BPA.  

Slik gjer du: 

Avgjer kva du treng og ønskjer assistanse til 

I Ulobas BPA er det assistansebehovet ditt som avgjer kor mange timar assistanse du treng. Du kan trenge BPA til å stå opp, til personlig hygiene og til å lage mat. Men óg til fritidsaktivitet, arbeid eller utdanning. BPA er ein lovfesta rett i Noreg, og BPA-timane vert rekna ut etter kva du treng av praktisk eller annan bistand for å leve livet ditt slik du sjølv vil, og på line med andre i samfunnet.  

Søk om BPA hjå kommunen din  

Uloba kan hjelpe deg i prosessen. Medlemsteamet vårt kan bistå deg med søknad og anna du måtte lure på.  Nedst på denne sida ser du korleis du kontaktar medlemsrettleiarane.

Få vedtak frå kommunen, og vel Uloba  

Dersom kommunen din har avtale med oss, kan du velje Uloba som tilretteleggjar for assistansen din. Har kommunen din ikkje avtale med Uloba, pliktar dei likevel å tilby BPA. Då må du velje ein annan tilretteleggjar.  

Når du får BPA, blir du arbeidsleiar. Då kan du bestemme kven som skal assistere deg og kva du treng assistanse til. Les meir om arbeidsleiing her (lenke). 

Du kan bruke BPA til alt frå å smøre brødskiver til å gå på konsert. Meir informasjon om kva du kan bruke BPA til, finn du her (lenke).  

Kontakt medlemsteamet

Helle-Viv Magnerud

Helle-Viv Magnerud

Medlemsrådgiver

Anneth Nielsen

Anneth Nielsen

Medlemsrådgiver

Tone Skavhaugen

Medlemsrådgiver