Kva er BPA?

BPA står for Borgarstyrt personleg assistanse (også kalla brukarstyrt personleg assistanse).

Mann med headset gjør treningsøvelser i stua, assistent sitter på kne på treningsmatte

Eit verktøy for likestilling

Funksjonshemma møter systematisk barrierer og hinder i samfunnet. Det kan vere så enkelt som eit utilgjengeleg bygg eller at du møter diskriminering i utdanning og arbeid. Vi utvikla BPA for å forsøke å bekjempe desse hindera. 

Assistanse til livet slik du sjølv vil leve det

Assistenten eller assistentane i ei BPA-ordning skal kunne utføre dei oppgåvene du treng utført i kvardagen din slik du sjølv ville gjort dei. Med assistanse skal du altså kunne delta på lik line, gjennom å få kvardagen din til å stå opp, å kunne gå på skule og ta utdanning, kunne vere i arbeid og delta på fritida. 

BPA er ein lovfesta rett

Det står i det norske lovverket at dei som treng BPA har rett til det. Her finn du lovtekstene der det står om BPA (lenke).