Er det likestilling å få assistanse til å stå opp, dusje og sette på brødristaren? Ja, meiner vi.
Borgarstyrt personleg assistanse, BPA (også kalla brukarstyrt personleg assistanse), er eit likestillingsverktøy. Det betyr at du skal få assistanse til å leve livet ditt slik du sjølv ønskjer det.
Tre typar assistanse i éin
Når du får eit BPA-vedtak av kommunen, får du òg tildelt eit fast tal timar i veka til assistanse. Desse tre typane assistanse kan du rekne med:
- Personleg: Å leggje deg når du ønskjer, stå opp, gå på toalettet, få assistanse til personleg hygiene, få i deg måltida du treng på ein dag og andre ting ein treng for å fungere i kvardagen.
- Praktisk: Å gjere reint heime slik du ønskjer å ha det, vaske klede, måke snø, handle, lage mat og å lære opp assistentane i korleis ein vil ha desse oppgåvene gjort.
- Sosialt: Å ha ei aktiv fritid slik du sjølv ønskjer, å kunne engasjere deg i lokalmiljøet om du ønskjer det, å kunne stå i arbeid, ta utdanning, og berre kunne setje deg på ein kafé saman med nokon du kjenner.
Heile ditt uavhengige liv
Uloba er ein Independent Living-organisasjon og med i ei rørsle for funksjonshemma over heile verda. Vi jobbar for dine rettar, for funksjonshemma har rett på det same livet som andre. Og vi meiner BPA er eit godt verktøy heile livet, frå du er liten til lenge etter at du er pensjonert.
Her kan du lese meir om kva BPA og arbeidsleiing er (lenke).
-
Borgarstyrt personleg assistanse (BPA) Oversikt over all vår informasjon om BPA.
-
Kva er BPA? Les om assistansen som mange av oss har ein lovfesta rett på.
-
Korleis får eg BPA? Alle kommunar skal tilby BPA. Slik søkjer du.
-
Ver sjef i ditt eige liv Les om nokre av moglegheitene BPA gjev oss funksjonshemma i kvardagen.
-
Born kan òg få BPA Å vere arbeidsleiar sjølv er ikkje noko krav for å få BPA.
-
Ti gode grunnar til å velje Uloba (Sjølvsagt finst det fleire grunnar enn berre ti…)
-
Kommuner som har Ulobas BPA Sjå om din kommune har avtale med Uloba.
-
BPA og kommunen Informasjon om BPA til kommunen.