Gratulerer med den europeiske Independent Living-dagen!

Vi feirar fridom, mangfald og likestilling med fotoutstillinga «Velg livet».

Helle-Viv Helle Magnerud, Vibeke Marøy Melstrøm, May-Nina Auby og Bihayo Mwende Kashindi framfor dei utstilte fotografia av Helle-Viv ved Oslo rådhus.

English version (text only).

– Eg er veldig stolt. Stolt, sterk og synleg, seier Helle-Viv Helle Magnerud.

Bestemora, mora, punkaren, medlemsrådgjevaren i Uloba, og for høvet fotomodellen, sit framfor ein stor plansje med fotografi av seg sjølv, rett ved sida av Oslo Rådhus. Medan bunadskledde og konfirmasjonsfest-klare menneske hastar forbi, strekk ho knytneven med peikefingeren og veslefingeren heva, i vêret. Så opnar ho munnen i eit lydlaust brøl.

Ei kvinne kledd i svart med tatoveringar og rosa hår som er barbert bort på sidene sit framfor ein stor plansje med foto av seg sjølv. Ho hever knytneven i vêret og opnar munnen i eit brøl.

BPA er alt

– BPA er, og betyr, alt, seier ho.

Utan assistanse kunne ho ikkje vore ei aktiv bestemor for barneborna sine. Ho kunne heller ikkje delteke aktivt i samfunnet, meiner ho.

Forbi henne rullar endå ein av dei fire modellane. Bihayo Mwende Kashindi slår av ein prat med fleire av menneska som stoppar for å kike på utstillinga.

To menneske i elektriske rullestolar sit framfor ein stor plansje med foto av ein gul boks. Inne i boksen er Bihayo, ein av menneska framfor plansjen, avbileta. I forgrunnen står tre av borna hans, som òg er med på bileta. Bihayo har blå bukse, sennepsgul genser, brune skinnsko og ein papptallerken med eit stykke marsipankake i hendene.
Bihayo er ein særs lukkeleg gift seksbarnsfar og utdanna revisor og lærar. Her saman med Ulobas generalsekretær, framfor eitt av dei utstilte fotoa av seg sjølv og tre av borna. Foto: Agnete Brun

– Dette er gøy, men litt skummelt òg! seier han og ler.

Bileta er tekne av fotograf Agnete Brun, og prosjektet er eit samarbeid mellom fotografen og Uloba.

– Å ta desse bileta var ein kjempemorosam prosess, og mykje jobb. Alle har trådt til! seier fotografen.

I laupet av den første timen ved Rådhuset er 1500 menneske passert og 150 kakestykke delt ut.

– Slike pop-up-utstillingar dannar eit viktig møtepunkt. Helle-Viv er den outrerte bestemora, og ho er kul, hjul eller ikkje. Det er alle modellane, kule, heilt vanlege folk. Ved å vere her i dag, kan vi utnytte blikkfanget, by på eit kakestykke og prate med dei som kjem forbi, seier Stig Morten Skjæran, leiar for avdeling for personleg assistanse i Uloba.

Tre kvinner står med ryggen til framfor eit fotografi av ein mann omgjeven av hengande mikrofonar.
Sebastian Tjørstad (på fotografiet med rosa bakgrunn) er skodespelar, komikar og far. Foto: Agnete Brun

Internasjonal merkedag

Det er ikkje tilfeldig at det er søndag 5. mai at Uloba serverer kake ved utstillinga. 5. mai er den europeiske Independent Living-dagen, ein protestdag og ein dag for å synleggjere funksjonshemma, for Independent Living-rørsla som Uloba er ein del av.

– 5. mai markerer ein viktig dag for den internasjonale rørsla vår. For oss handlar dagen om det vi heile tida står saman og jobbar for: Våre grunnleggande menneskerettar som verdas største minoritet, sier generalsekretær Vibeke Marøy Melstrøm.
– Det er avgjerande å jobbe for at vi nett skal få velje det livet vi ønskjer, slik desse fotografia illustrerer. Det er viktig for å oppnå eit mangfaldig samfunn, og for funksjonshemmas likestillingskamp, seier ho.

Det viktigaste for den norske Independent Living-rørsla no, er å gjere BPA til likestillingsverktøyet det var meint å vere.

– Det gjeld framtida vår. Assistansen vår må ut av helselovgjevinga og kommunane, inn i eigen lov og opp til staten. Og CRPD, vår menneskerettskonvensjon, må inn i menneskerettighetslova, seier generalsekretæren.

Rakk du ikkje kome innom utstillinga søndag? Den blir ståande fram til måndag 13. mai. Her kan du lese om dei fire modellane:

Sebastian Tjørstad: Opprøreren
Ingeborg Aurora Øverli: Nordnorsk lesehest
Bihayo Mwende Kashindi: Superpappaen
Helle-Viv Helle Magnerud: Black metal