Camp Freedom

Meld deg på Ulobas satsing på unge funksjonshemma.

På gul bakgrunn dannar tre utropsteikn forma til eit bål. Over utropsteikna ser du aktivistflammen. Under, i svart skrift, står det “Camp Freedom”

Vil du bli kjend med likesinna og lære om kva det betyr å vere funkis? Kanskje vil du finne kreative måtar å uttrykke engasjementet ditt på?

På Camp Freedom får du lære om funkisaktivisme frå dei fremste folka på feltet, og du blir introdusert for ei rørsle som finst i heile verda.

Finn påmeldingslenka lenger ned på sida.

Vår eigen Crip Camp

Ulobas Camp Freedom er inspirert av sommarleiren frå Netflix-dokumentaren «Crip Camp», Camp Jened. Leiren vart arrangert i Catskills-området utanfor New York på 60- og 70-talet. Ein fristad for mange unge funksjonshemma i USA. Her kunne deltakarane berre vere seg sjølv, danne venskap, dele erfaringar. Ungdommane kunne finne saman og få ei felles forståing av diskrimineringa dei opplevde frå verda utanfor Camp Jened.

I wanna see a feisty group of disabled people around the world. If you don’t respect yourself and if you don’t demand what you believe in for yourself, you’re not gonna get it.

Judy Heumann, verdskjend aktivist og tidlegare Camp Jened-deltakar

Du kan sjå Netflix-dokumentaren lenger ned på sida.

Blant tidlegare leirdeltakarar på Camp Jened, er Judy Heumann. Ho er ei ekte Independent living-legende, aktivist og ein nøkkelperson i den amerikanske borgarrettsrørsla for funksjonshemma.

For deg som vil vite meir om likestillingskampen

Vi held fram tradisjonen vi starta i 2021 og legg opp til ein skikkeleg sommarleir. Årets tema for campen er klimaaktivisme. Korleis kan funkisaktivisme òg overførast til andre viktige saker? Og kan ein engasjere seg for fleire saker på éin gong?

Aili Kirste Arntzen stiller eit spørsmål i mikrofonen som er montert fast i bordet. Ho har lys grå hettegenser, kort hår og briller. Rundt henne sit Andreas Melbye og assistenten hennar. I bakgrunnen heng paroler med teksten "Full frihet for faen" og "Hva er et liv uten frihet".  Biletet er frå Camp Freedom 2022.
Thomas Melbye, Aili Kirste Arntzen og assistent, på Camp Freedom 2022.

Vi møtest i Drammen

Vi møtest i Drammen, på Independent Living-huset, Ulobas hovudkontor. Deltakarane som får delta fysisk får bu på hotell i nærleiken, men det går òg an å delta digitalt.

Uloba tilbyr gode, lærerike innlegg og samtalar, workshops og ikkje minst sosial aktivitet. Deltakarane får vere med på ei solid førstegongsteneste i aktivisme. Det blir innføring i ulike typar aktivisme, korleis ta vare på seg sjølv som aktivist og innføring i det du må vite om menneskerettane våre som funksjonshemma.

Du får knyte nye kontakter, kanskje danne nye vennskap.

Ein ny generasjon funkisaktivistar

Vi i Uloba veit at det må skje mykje før dei funksjonshemma som veks opp i dag kan få dei same rettane og høva som alle andre. Det jobbar vi for kvar dag, og Uloba er ein del av den europeiske Independent Living-rørsla. Vi starta opp og utvikla BPA, borgarstyrt personleg assistanse, i Noreg, og BPA skal vere eit verktøy som kan likestille oss funksjonshemma med alle andre i samfunnet. Camp Freedom skal bidra til å få unge aktivistspirar til å vekse, nett som på Camp Jened.

Gratis å delta

Camp Freedom er for deg som er svolten på å lære meir om å vere funkis i Noreg. Du som har lyst til å knyte band til andre i same situasjon, og som tykkjer aktivisme kan vere noko for deg. Og du som berre er nyfiken og tykkjer dette ser interessant ut.

Får du plass på Camp Freedom, er det gratis å vere med.

Søk om å få vere med på Camp Freedom 2023 her!

Snakk med oss!

Usikker på om Camp Freedom er noko for deg? Då vil vi gjerne høyre frå deg. Send mail til våre to leirleiarar:

Henriette Nielsen

Politisk rådgjevar

Henriette er til dagleg politisk rådgjevar i Uloba, er sjølv funksjonshemma og har lang erfaring med politikk og å engasjere seg i ulike organisasjonar. Mellom anna er ho med i sentralstyret til Fri, i Unge Høyre og i sentralstyret til Amnesty International. Du når henne på: henriette.nielsen@uloba.no

Martine Eliasson

Politisk rådgjevar

Martine er saman med Henriette, politisk rådgjevar i Uloba. Ho er sjølv funksjonshemma og aktivist og har erfaring som mellom anna kampanjeleiar for Redd Barna. Du når henne på: martine.eliasson@uloba.no 

Vi gler oss til å møte deg på Camp Freedom!

Nyfiken på tidlegare Camps? Les artiklane “Vi er så stolte av å vere i gang med Camp Freedom” (lenke), “I starten av ei aktivistreise” (lenke) , og “Andre Camp Freedom-kull er uteksaminert!” (lenke)