I starten av ei aktivistreise

Støvet har så vidt lagt seg etter at Camp Freedom 2021 er over. Vi har gjennomført aller første utgåve av det vi i Uloba håpar skal bli ein lang tradisjon.

Takk for ei fantastisk veke!

– Eg håpar og trur at Camp Freedom vil bygge nettverk og relasjonar, kameratskap og kompetanse. For skal vi klare å oppnå endring, både i synet på kven vi funksjonshemma er og reell likestilling, så må vi vere sterke. Det gjer vi best saman, sa generalsekretær Vibeke Marøy Melstrøm i opningstalen sin, måndag 28. juni.

Ei dryg veke seinare vonar og trur vi at desse orda er på veg til å bli sanning. 11 deltakarar er sertifiserte med diplom for å ha vore gjennom nærast ei førstegongsteneste i aktivisme.

– Det som har vore mest interessant med Camp Freedom er alle dei ulike og flinke førelesarane. Drøftingane vi har hatt i gruppa har òg vore topp, seier deltakar Anne Grete Saxegård Olaisen frå Valdres.

Faksimile av eit avisutklipp frå ein aksjon som Ellen Fossheim Johansen var med på. På biletet er fleire funksjonshemma i rullestol berre ikledd badeklede, altså bikini og badebukse, midt på Karl Johan ein sommardag. "Kropp er topp - uansett!" er tittelen under biletet.
Ellen Fossheim Johansen, BPA-rådgjevar i Uloba, har delteke i mange aksjonar. Her frå ein aksjon på Karl Johan i Oslo.

Les meir om Camp Freedom her(lenke)

Digitalt, men nært

Gruppa som har stått bak utføringa av Camp Freedom 2021, ser alt no ei påbyrja aktivistreise i deltakarane. Det har vore eit privilegium å høyre refleksjonane deltakarane har delt og sjå resultatet av arbeidet dei har lagt ned gjennom veka, ifølgje gruppa.

– For ei reise, for ein innsats, for ein gjeng! Eg er djupt imponert, audmjuk og takksam for at eg har fått vere med å leggje til rette for at Camp Freedom vart til røynd, seier koordinator Hilde Larsen i Uloba.

Iva Srot, BPA-rådgjevar i rådgjevar-teamet i Uloba, håpar det var like fint for deltakarane å vere med, som det var for arbeidsgruppa å organisere leiren.
– Trass i at vi var skeptiske på om programmet skulle vere alt for omfattande, fann deltakarane til og med energi til å delta i lange, konstruktive diskusjonar om dagens emner, på kveldstid. Det vert gledeleg å treffe igjen denne sterke gjengen samfunnsaktivistar i haust, seier ho.

Les meir om Camp Freedom i nettavisa Framtida(lenke).

Frå ideologi og samfunnsmodell

Gjennom denne aller første Camp-veka har deltakarane blitt kjende med funksjonshemma sin likestillingskamp. Valåret vi er inne i gav høve til å snakke om FN-konvensjonen for funksjonshemma, som i mars i år kunne blitt stemt inn i lovverket. Vi har òg vore gjennom dei ulike samfunnsmodellane ein kan forstå funksjonshemming gjennom.

– Er det samfunnet som stenger meg ute i staden for at det er eg som ikkje passar inn i samfunnet? spurde BPA-rådgjevar i Uloba, Ihra-Lill Scharning retorisk.

Og Lars Ødegård frå Norsk Handikapforbund og Uloba-generalsekretær Vibeke Marøy Melstrøm har snakka om språket både samfunnet og vi funksjonshemma sjølv nyttar.

– Alle omgrepa om funksjonshemma er negativt ladda. Det gjer noko med forståinga av oss, sa Ødegård.

I Uloba nyttar vi til dømes omgrepet funksjonshemma om oss sjølv. Men hemminga skjer i det samfunnet ikkje legg til rette og stenger oss ute, ikkje i diagnose og medisinsk forståing.

Til seksualitet og inspirasjon

Den mest populære posten på programmet handla om seksualitet. Ingrid Thunem losa deltakarane gjennom både presentasjon og workshop.

– Ofte tenkjer ein på funksjonshemma som aseksuelle, og som menneske som ikkje kan ha sex, sa Thunem.

Fem funkisaktivistar delte òg av sine aktivistreiser og gav tips til leirdeltakarane. Ellen Fossheim Johansen, BPA-rådgjevar i Uloba, fortalde om sine røynsler med større aksjonar. Ho har utført fleire gjennom åra. Mellom anna lenka ho og fleire funksjonshemma seg fast i trikken ved Guneriuskvartalet i Oslo.

– I beste handletid på ein laurdag, fortalde ho.

Marianne Knudsen og Ida Hauge Dignes fortalde om sitt arbeid i rørsla og om podkasten Hemma.

Og tidlegare leiar for ungdomsdebattspalta Si;D i Aftenposten, snakka om å delta i samfunnsdebatten. Så fekk deltakarane utdelt ei oppgåve dei skulle løyse inn mot valet 2021, av politisk rådgjevar i Uloba, Martine Eliasson.

Internasjonal overrasking

Uloba har lenge snakka om å starte opp ein leir for unge aktivistar, og konseptet Camp Freedom er inspirert av sommarleiren frå Netflix-dokumentaren «Crip Camp», om Camp Jened som blei arrangert i Catskills-området utanfor New York. I rekka tidlegare leirdeltakarar på Jened finn ein mellom andre Judy Heumann, Independent living-legende og ein nøkkelperson i den amerikanske borgarrettsrørsla for funksjonshemma. Onsdag fekk leirdeltakarane ei helsing frå Heumann i overrasking.

– Lær, le, ha det gøy, gråt der det er naudsynt. De er leiarar, alle saman, sa Heumann.

– At vi kunne etablere denne leiren i år er ei fin markering av 30-årsjubileet seier generalsekretær Vibeke Marøy Melstrøm.

– Så må vi lære kva vi må ha meir eller mindre av, og det vil sjølvsagt bli annleis når det blir fysisk.