Vi er stolte av å vere i gang med Camp Freedom!

– Vår likestillingskamp har alltid vore fronta av unge aktivistar, seier generalsekretær i Uloba, Vibeke Marøy Melstrøm, i innleiinga til Uloba sin nye aktivistleir.

Måndag 28. juni gjekk startskotet. 16 deltakarar har logga seg på Camp Freedom, Ulobas nye aktivistleir for unge vaksne, for første gong. Ulobas generalsekretær Vibeke Marøy Melstrøm opnar leirveka og ønskjer deltakarane velkomen.

– Eg vil ønskje dykk gratulerer med plass, seier Melstrøm.

Generalsekretæren viser til at det er 50 år sidan unge funksjonshemma samla seg på Camp Jened utanfor New York, i innleiingstalen sin. Desse unge funksjoshemma starta seinare likestillingsrørsla som fleire truleg er kjende med gjennom Netflix-dokumentaren «Crip Camp».

Men for Uloba er det ikkje først 50 år etter at tanken om ein aktivistleir har fått feste seg.

– Vi har snakka om det i ti år

– Eg tykkjer det er kjempefint at vi endelig kan kome i gang. Vi har snakka om dette meir eller mindre dei siste ti åra, seier Vibeke Marøy Melstrøm

Ho ønskjer seg ein sommarleir som kan byggje relasjonar, kompetanse og nettverk mellom unge aktivistar. Og som byggjer på Independent Living-ideologien og kampen for fumksjonshemma sine rettar, likestilling og frigjering i samfunnet.

– Det er viktig at vi får ein ny generasjon. Rettane våre er ikkje noko som er vunne ein gong for alle, seier Melstrøm.

Ho trur at dersom funksjonshemma sjølv sluttar å kjempe kampen om likestilling, vil vi vende attende til institusjonar, isolert eksistens og ei svak rolle i samfunnet.

– Mange av oss som har halde på med dette i 30, 40, 50 år, er avhengig av nye krefter som ser samfunnet i eit moderne perspektiv.

Likestillingsperspektivet har blitt tydelegare i organisasjonane for funksjonshemma, meiner Melstrøm, og det er viktig å setje dette inn i eit system.

– Vi står no i eit generasjonsskifte. Og som ein av gründerane i Uloba kjenner eg på at det er viktig å ha nokon å stå saman med. I vår kamp møter ein motstand. Då er det krevjande å stå åleine.

– Kva tenkjer du om årets program?
– Det framstår svært fint. Eit godt første program med ein fin balanse og eit lett format med både uformelle sekvensar og meir fagleg innhald. Så må vi lære kva vi treng meir eller mindre av til neste, håpar vi, fysiske leir. Det er eit godt første program.

 Les meir om kva Camp Freedom er, her(lenke).

– Vi kan aldri kvile

Generalsekretæren har ikkje sjølv hatt høve til å vere med på noko liknande som ung. Men ho har klare oppmodingar til årets- og framtidige deltakarar:

– Vi kan aldri kvile. Ei viktig rolle til framtidas aktivistar er å vere vaktbikkjer. Vi må ikkje akseptere færre moglegheiter og rettigheiter enn andre. Vi må ikkje vere nøgd med noko mindre enn andre i samfunnet kan vente seg.

Med dette ønskjer vi leirdeltakarane våre ei fantastisk og inspirerande veke på Camp Freedom.

Camp Freedom er ein aktivistleir for ungdom mellom 18 og 35 år. Målet er å ruste, inspirere og gje kraft til morgondagens funkisaktivistar slik at vi kan stå i likestillingskampen saman.