Hei på alle unge funksjonshemma, assistentar og arbeidsleiarar!

[ingress]Bur det ein ung aktivist i deg? I år skal vi skape historie.[/ingress]

Er du mellom 18 og 35 år gammal?

Vil du møte nye menneske og vere med i ei rørsle for og av funksjonshemma?

Vil du lære om aktivisme og høyre frå kjende funkisaktivistar nett korleis du òg kan engasjere deg?

Vil du lære om å vere ung funksjonshemma i det norske samfunnet, om seksualitet og psykisk helse, og om kampane som fyl med?

Sommarleiren som starta ein revolusjon

På 70-talet danna ein sommarleir driven av ein gjeng hippies i staten New York i USA, på mange måtar grunnlaget for Independent Living-rørsla i landet. På Camp Jened som leiren heitte, kunne funksjonshemma ungdom få vere ungdom aller først. Assistanse var ein naturleg del av kvardagen, og leiren vart ein fristad for ungdom i ei tid der funksjonshemma menneske var nær usynlege i kvardagen. Judith Heumann, ei ung kvinne frå Brooklyn i New York, var ei av desse leirdeltakarane. I dag er ho kjend som ein pioner i Independent Living-rørsla.

Ho og fleire leirdeltakarar skulle seinare vere med og starte ein revolusjon.

I april 1977 tok over 100 funksjonshemma og aktivistar seg inn i lokala til Helse-, utdanning- og velferdsdepartementet i San Francisco og nekta å forlate bygget. Demonstrasjonen pågjekk i 25 dagar og vart rekna som ein av dei lengst pågåande demonstrasjonane i eit offentleg bygg i USA til dags dato, ifølgje The New York Times i 2020. I byar over heile USA heldt aktivistgrupper av funksjonshemma, assistentar og andre tilsvarande demonstrasjonar.

Men utan frøet som vart sådd på leirplassen til Camp Jened, ville ikkje Independent Living-rørsla lukkast med å få gjennomslag slik dei gjorde den gongen. Sjå dokumentaren om “Crip Camp” under.

Ein ny generasjon

Vi i Uloba veit at det framleis er eit stykke att til dei funksjonshemma som veks opp i dag kan få dei same rettane og høva som alle andre. Uloba er ein del av den europeiske Independent Living-rørsla, men vi er òg organisasjonen som tok idéen om BPA, borgarstyrt personleg assistanse, til Noreg. Vi vil at BPA i røynda skal vere eit likestillingsverktøy, og vi vil gjere noko med posisjonen funksjonshemma har i samfunnet i dag. Vi vil at unge funksjonshemma skal oppleve ein slik fristad som deltakarane på Camp Jened opplevde. Difor vil vi skape neste generasjons Crip Camp.

Her kan du lese meir om Independent Living(lenke)

Ei heldig gruppe unge menneske frå 18 til 35 år, får eit unikt høve til å vere med og starte det vi håpar skal bli ein lang tradisjon.

Vi har leitt etter de som er svoltne på å lære meir om å vere funksjonshemma i Noreg. De som har lyst til å knyte band til andre i same situasjon og med same engasjement. Og de som berre er nyfiken, vil bli kjend med nye folk å ha det moro saman med, og tykkjer dette ser interessant ut.

Søknadsfristen er no gått ut, vi har valt dei heldige aktivistspirane. Men fortvil ikkje, neste år håpar vi at det blir ny camp!

Ver med frå di eiga stove

Frå 28. juni til 2. juli i sommar får dei heldige vere med frå eiga stove. På dagtid vert det samtalar, kurs og føredrag om seksualitet, psykisk helse, inspirasjon, politikk, kvardagskamp- og liv. Både med Ulobas eigne aktivistar og rådgjevarar og med eksterne føredragshaldarar.

Vi har òg lagt inn ledig plass i programmet, slik at deltakarane får vere med og bestemme kva vi skal snakke og lære meir om. 

På kveldstid kan du logge deg på att for litt lågterskel leik, moro og sosial avkopling.

Koronapandemien har gjort at vi må vere ekstra kreative, men sommarleir skal det bli. Vi håpar at neste års utgåve, i 2022, blir fysisk og at vi kan drive tradisjonen vidare.

Her kan du lese meir om Uloba(lenke)

Snakk med oss!

Lurer du på om Camp Freedom er noko for deg? Då vil vi gjerne høyre frå deg. Send mail til:

Prosjektleiar Birgitte Nicolaysen: bni@uloba.no

Koordinator Hilde Larsen: hla@uloba.no