Andre Camp Freedom-kull er uteksaminert!

Camp Freedom-prosjektleiar Henriette Nielsen hiv lappar med orda som hemmar oss på bålet, i ei bålpanne utanfor hovudkontoret. I bakgrunnen står dei andre deltakarane i varme klede mot vinterkulda.
Camp-deltakarane fekk vere med på eit lite oppgjer med orda og haldningane som hemmar oss. Papirlapp for papirlapp.

– Eg er stolt av alt deltakarane har delt med oss, seier Henriette Nielsen og Martine Eliasson. Neste år vil dei få til ein aktivist-aksjon på aktivist-førstegongstenesta Camp Freedom.

– Eg har eit assistansebehov, og det er som å leve i ein stolleik. Eg spring heile tida rundt og leitar etter ein stol som ikkje er der, som ikkje finst. For meg er BPA stolen som manglar, sa Camp Freedom-leiar Martine Eliasson då historias andre Camp Freedom sette i gong fredag 2. desember.

Sjå fleire biletgalleri nedover i saka!

Stolte og klare til neste år

Martine Eliasson og Henriette Nielsen, er prosjektleiarar for Camp Freedom, Ulobas satsing på unge funksjonshemma mellom 18 og 35 som ønskjer å bli aktivistar. Til dagleg er dei politiske rådgjevarar i Uloba.

– Etter årets Camp Freedom kjenner eg på at eg er stolt. Stolt over alt deltakarane har delt med oss, refleksjonar om store og vanskelege tema. Til neste år tek eg med meg at vi må vere endå meir synlege og helst køyre på med ein aksjon eller to, seier Nielsen.

Ti Camp Freedom-deltakarar sit rundt eit langbord inne på Skansgård, eitt av Ulobas nye, store rom. Framfor bordet er eit lerrett med ein presentasjon på, og kommunikasjonsrådgjevar, journalist og samfunnsdebatant Mone Celin Skrede står ved sida av og føreles. På bordet står boksar med julekaker og klementinar.
Kva må ein tenkje på når ein vil sende inn eit lesarinnlegg til lokalavisa? Det får deltakarane svar på her.

– Vi har hatt utruleg modige deltakarar som har delt, diskutert og deltatt. Det har vore gøy å bli betre kjend med dei! Neste år skal vi leggje Camp Freedom i august, slik at det blir ein ordentleg sommarleir, seier Martine Eliasson.

3. desember-helga inntok altså 15 funkisaktivistar med assistentar og ledsagarar, Independent Living-huset i Drammen.

Ikkje individet, men samfunnet

– Det var ikkje før eg byrja å prate med folk som var på min eigen alder, som òg var funksjonshemma, at eg forstod det. At det ikkje er eg som må tilpasse meg, det er normene som er for tronge, sa Eliasson. Ho heldt den første programposten etter at generalsekretær Vibeke Marøy Melstrøm hadde ønskt deltakarane velkomen. Det handla om dei ulike samfunnsmodellane som forklarer korleis ein forstår funksjonshemming i samfunnet.

– Eg likar Gap-modellen. Det er tydeleg at det er samfunnet som har vondt i viljen, ikkje oss, sa Hanna Betten, @ungeufor på Tik Tok.

Camp Freedom-deltakar Hanna Betten lener seg framover og gestikulerer med handa over bordet. Ho har oransje, oppklipt hår med litt ettervekst, og kvit langerma topp under ei koksgrå velur-T-skjorte. Rundt henne ved nedre del av langbordet sit fleire deltakarar.
Hanna Betten er ein av 15 entusiastiske Camp Freedom-deltakarar i årets utgåve. Ho lagar mellom anna musikk og er aktiv på Tik Tok.

Ifølge Gap-modellen (lenke) er funksjonshemming noko som oppstår i gapet mellom føresetnadene til individet og kravet samfunnet stiller. Difor er ikkje funksjonshemming synonymt med funksjonsnedsetjing i Uloba. Funksjonshemma blir ein av eit samfunn fullt av barrierar, både fysiske og haldningsbaserte.

– Det er tydeleg at det er samfunnet som har vondt i viljen, ikkje oss

Camp Freedom-deltakar Hanna Betten

Kasta fordommane på bål(panna)

– “Så flink du er som kjem deg ut!”, “invalid”, “men, kan du gjere det, då?”, “funksjonshemma eignar seg dårleg til å vere foreldre”, “åndssvak”, “tilbakeståande”, ramsa Henriette Nielsen opp, i røyken frå bålpanna utanfor Ulobas hovudkontor i Drammen. På papirlapp etter papirlapp glei ned i flammane.

Dei ulike workshopane gjennom helga skulle vise deltakarane korleis dei kan bruke engasjementet sitt. Medlemsrettleiar Helle-Viv Helle Magnerud i Uloba, introduserte dei for slam-poesi, kommunikasjonsrådgjevar, og journalist og samfunnsdebattant Mone Celin Skrede gav praktiske råd om å delta med skriftlege innlegg i det offentlege ordskiftet. Til slutt skulle deltakarane òg lage ein “Zine”, eit handlaga minimagasin.

I eit vegkryss

Det blei óg panelsamtale med fleire aktivistar, både i og utanfor Uloba. Temaet var “Likestillingskamp er politikk”, og Maria Puenchir, leiar for organisasjonen Steatornis fortalde om interseksjonell diskriminering, det å tilhøyre fleire diskrimineringsgrunnlag.

– Sjå for deg at du står i eit vegkryss. Du er funkis, du er kvinne, du er skeiv, du er same, du har mørkare hud og folk behandlar deg annleis på grunn av alle desse måtane dei oppfattar deg på. Ofte diskriminerande, fortalde hen.

Samtalen opna òg for refleksjonar om den personlege aktivistreisa kvar enkelt av paneldeltakarane har vore gjennom.

Fridomsreise

Jo Benjamin Iversen (36) fortalde om si fridomsreise frå eit tilvære på sjukeheim i to år, til eit sjølvstendig liv med assistanse.

– Så du tenkte (då du budde på sjukeheim etter å ha blitt funksjonshemma red.anm) “60-70 år …her?”, Spurde politisk leiar Aage Gjesdal ein av aktivistane i panelet.

– Eg tenkte ikkje så mykje på det, kanskje fordi eg ikkje ville tenkje på det. Noko anna var på ein måte ikkje eit alternativ. Men så blei det jo det etterkvart, svara Iversen.

Bloggar, aktivist og aktiv i partiet Sentrum, Guro Helene Sørdalen, snakka om kva aktivisme betyr for henne.

– Å vere aktivist kan vere kva som helst. Det kan vere å skrive eit lesarinnlegg ein gong i året eller melde seg inn i ein organisasjon. For meg starta det med eit medlemsskap i ein organisasjon, til å vere med i styret, og no er det nesten heile identiteten min. Eg har funne meg sjølv, fortalde ho.

Interessert i å vere med på Camp Freedom neste år?

Du kan lese meir om vår førstegongsteneste i funkisaktivisme her (lenke), og når påmeldinga opnar til neste runde, er det her du finn henne.