Bed om funksjonsassistanse til studentar  

Sju menneske er avbileta inne på Stortinget. Bakerst, f.v: Sverre Fuglerud, Alf Erik Andersen (FrP), Morten Wold (FrP) og Bjørnar Laabak (FrP). Framme f.v: Vibeke Marøy Melstrøm, Aage Gjesdal og Tove Linnea Brandvik. Gjestane har besøksnamnelapp på brystet.
Bakerst, f.v: Sverre Fuglerud, Alf Erik Andersen (FrP), Morten Wold (FrP) og Bjørnar Laabak (FrP). Framme f.v: Vibeke Marøy Melstrøm, Aage Gjesdal og Tove Linnea Brandvik.

BPA-koalisjonen blei invitert inn til FrP i Arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget. Studentar må få funksjonsassistanse som strakstiltak. 

Tysdag 28. oktober var BPA-koalisjonen invitert inn til møte med mellom andre første nestleiar i Arbeids- og sosialkomiteen Alf Erik Andersen (FrP) og partikollega Bjørnar Laabak.  

– Vi fekk sett fokus på den manglande oppfølgjinga av BPA-utvalet og behovet for å setje i verk tiltak no. Kommunane er ikkje i stand til å forvalte likestillingsverktøyet vårt. Difor hastar det å få på plass ei betre, statleg BPA-ordning. Medan det nye ekspertutvalet arbeider med noko regjeringa til slutt skal behandle politisk, må studentar få bruke funksjonsassistanseordninga i studiekvardagen. Det kan fungere som eit strakstiltak, seier Aage Gjesdal.  

BPA-koalisjonen på Stortinget

Gjesdal er nestleiar og leiar for Samfunnspolitisk avdeling i Uloba. Han og spesialrådgjevar Vibeke Marøy Melstrøm, Sverre Fuglerud frå Blindeforbundet og Tove Linnéa Brandvik frå Norges Handikapforbund representerte BPA-koalisjonen i møtet. Dei tre sistnemnde sat òg i det regjeringsoppnemnde BPA-utvalet som la fram NOU 2021:11 “Selvstyrt er velstyrt” og dissensen til denne.  

BPA-koalisjonen er eit samarbeid mellom dei største organisasjonane for funksjonshemma i Noreg. Samarbeidet inkluderer paraplyorganisasjonar som Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (FFO) og Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO). Koalisjonen jobbar for å få til ei BPA-ordning ute av helselovgjevinga, helst i eige lovverk, og forvalta og finansiert av staten.  
Usikker på kva dette betyr? Les meir om BPA-koalisjonen her. 

Delegasjonen frå Uloba var godt nøgde med møtet. F.v: Aage Gjesdal og Vibeke Marøy Melstrøm.

– Vi står saman

– Vi fekk òg vist fram at vi funksjonshemma står saman i kampen for BPA, trass i påstandane frå Helse- og omsorgsminister Vestre om at rørsla er splitta i BPA-saka. Det blei et godt møte, seier Gjesdal.  

I spørjetimen i Stortinget 22. Oktober uttalte Vestre bekymring over det han meiner er “store sprik i kva dei ulike aktørane på feltet ønskjer seg” (lenke).  

Koalisjonen fekk òg presentert den samfunnsøkonomiske utgreiinga av gevinstane og kostnadene ved BPA som Vista Analyse har utført på vegner av koalisjonen. Analysen viser at BPA både er eit treffsikkert verkemiddel for likestilling, og ei økonomisk berekraftig løysing for samfunnet.  
 
– Vi er samde om å halde kontakta vidare. Særskilt vil vi sjå på høvet Stortinget har til å halde tempoet oppe, seier Gjesdal.  

Les fleire nyhende frå Uloba her.