Lars Ødegård vil drive spydspissen vidare

I 2025 har Uloba – Independent Living Norge fått ny styreleiar.
Då han vart spurd om å vere vara i Ulobas styre i 2023, var det ingen tvil, fortel den 69 år gamle mannen på den andre sida av skjermen, truleg heime i Nannestad, som no har teke over styreleiar-vervet i Uloba. Han har brune auge bak svarte, firkanta briller og grått hår, og han var sett inn som styreleiar i juni. Når vi gjennomfører intervjuet er det snart styremøte og styreseminar. Då er haustens arbeid for Uloba-styret offisielt i gang.
Første på Stortinget
Lars Ødegård har ei lang merittliste. Mellom anna var han første rullestolbrukar på Stortinget som vararepresentant for Akershus. Han var generalsekretær for Norges Handikapforbund i 17 år, og han har motteke ei rad prisar, mellom andre Stolthetsprisen og Kongens fortenestemedalje.
Eg føler eit sterkt ansvar for å bidra, og går inn i dette med lyst og glød!
I 2023 kom han inn i styret i Uloba, først som vara, og i 2024 vart han ordinært styremedlem. Så gjekk tidlegare arbeidande styreleiar Jan Kåre Stura brått bort, 29. Oktober 2024. Stura gjekk bort etter kort tids sjukdom, og etter å ha via livet sitt til likestillingskampen. Ødegård vart beden om å gå inn, først som nestleiar under Knut Flaaum, og så som leiar for styret.
– Eg hadde kjent Jan Kåre i over 40 år. Ein bauta for Uloba var med eitt borte. Det er eit stort sakn, seier Ødegård.

Følgt med sidan fødselen
Nannestadsokningen har følgt Uloba tett sidan starten i 1991. I jubileumsboka Spydspissen fortel han at han var med på fødestova den gongen, for 34 år sidan, at gründereventyret Uloba vart til.
– Då eg vart spurd om å ta over styreleiarvervet, var det vanskeleg ikkje å seie ja. Eg føler eit sterkt ansvar for å bidra, og går inn i dette med lyst og glød, seier han.
Vi må likevel be Ødegård gå litt djupare.
– Eg kjende styret og organisasjonen godt, og eg er oppteken av likestilling og BPA. Uloba er leiande, særleg i arbeidet med BPA, men òg i alliansebygging og samarbeid med andre. Uloba klarer både å vere prinsippfaste og nytenkande. Det er det verdt å ta vare på og utvikle vidare, seier han.
Det er særskilt to sider ved Uloba som fengjer den tidlegare stortingspolitikaren.
– Det at Uloba er ein ikkje-kommersiell BPA-tilretteleggjar veg tungt for meg. Ikkje minst at det er vår eigenerfaring og eit samvirke av funksjonshemma sjølv som driv organisasjonen framover.

Tre store saker
Når han no er innvald som styreleiar er han naturleg nok vald inn for eitt år av gongen. Men har det noko å seie for ambisjonsnivået?
–Kva blir det viktig for deg å ta tak i?
– Særskilt tre store saker vil vere viktige for styret, seier Ødegård.
Først og fremst, meiner han, har rørsla no eit høve til å styrke BPA og få plassert ordninga i eit tydeleg statleg ansvar. Der blir Vista analyse si samfunnsøkonomiske utgreiing av BPA-ordninga avgjerande.
Har du ikkje høyrt om Vista sin samfunnsøkonomiske analyse av BPA-ordninga? Les meir her.
– Med raudgrøn regjering og truleg raudgrønt fleirtal på Stortinget for å inkorporere FN-konvensjonen om funksjonshemma sine menneskerettar, må vi utnytte moglegheitsromet.
Den andre saka handlar om å finne ein permanent arvtakar til den nyleg avtroppa generalsekretæren gjennom mange år, Vibeke Marøy Melstrøm.
– Og det tredje og kanskje viktigaste handlar om at vi i Uloba skal styrke vår posisjon i marknaden av BPA-aktørar. Vi skal skjerpe innsatsen, styrke marknadsføringa og kontinuerleg finne betre måtar å nytte ressursane våre på, seier han.
– Kva legg du i det?
– Vi må byggje ein kultur prega av sterk lagkjensle og eit fellesskap som trekkjer lasset den ønskte vegen, saman. Administrasjonen skal vite kva styret meiner og vil, og leiinga og styret må samhandle godt. Difor er eg oppteken av at den administrative leiinga må vere lyttepost, slik at det som rører seg i administrasjonen òg kjem opp til styret. Kunnskapen kvar enkelt tilsett har, er viktig, og kommunikasjonen må gå begge vegar. Eg ønskjer at det må vere høgt under taket innad i Uloba, samstundes som vi ikkje ukritisk tek med oss interne debattar ut av organisasjonen.

Likestillingsaktivist
Tidlegare styreleiar Jan Kåre Stura var 100 prosent arbeidande styreleiar i 20 år, fram til han gjekk bort som 73-åring. Sjølv om ulike leiarar har ulike måtar å leie på, har styret i uloba hatt ein fast tradisjon og rame for styreleiararbeidet.
– Tidlegare har det vore lagt til grunn at styreleiaren skal vere arbeidande i 100 prosent. Det vil ikkje vere aktuelt for meg, seier Ødegård, og held fram:
– Eg vil sjølvsagt bidra utover ordinære styreleiaroppgåver, og kanskje ha om lag 20 prosents arbeidstid utover dette. I tillegg til å vere styreleiar er eg òg ein likestillingsaktivist som trur på godt lagspel. Difor blir det viktig å få til ein dynamikk som gjer at heile styret får brukt ressursane sine, seier Ødegård.
Familiemann i styre og stell
– Til slutt: Kven er du utanom styreleiararbeidet?
– Eg er ein familiemann, gift for andre gong, med vaksne barn som har flytta heimefrå. Kona mi er oppteken av dyr, så det kryr av dyr her.
Ødegård er òg oppteken av fleire minoriteter enn funksjonshemma. Attåt er han framleis aktiv kommunepolitikar, og har andre styreoppdrag enn for Uloba. Slike verv har han hatt mange av, òg på nasjonalt nivå. I nesten ti år var han leiar i Bioteknologinemnda, og han har vore nestleiar i styret til Forbrukarrådet.
– Eg har vore oppteken av etikkspørsmål som gjeld oss som gruppe. Til dømes har eg skrive mykje om eutanasi og eugenikk. Det er aktuelle spørsmål i vår tid, – og viktige debattar som særleg gjeld oss funksjonshemma, seier han.
Vi ønskjer styreleiaren lukke til!


