Har det bra på jobb for likestilling

[ingress] Vår rapport, «På jobb for likestilling» viser at 86 prosent av assistentane som er tilsett i Uloba har eit godt psykososialt arbeidsmiljø. [/ingress]

Det er viktig for oss.

Utan assistanse kan ikkje arbeidsleiarane leve likestilte og uavhengige liv. Difor er arbeidsvilkåra til personlege assistentar ei sak som i høgste grad vedkjem funksjonshemma med assistansebehov og arbeidsleiarar.

Difor er det godt å få stadfesta at:

  • 97 prosent av assistentane som deltok i undersøkinga seier dei er stolte av jobben sin.
  • 73 prosent av dei gjev uttrykk for at dei har eit godt arbeidsmiljø.
  • 86 prosent meiner dei har eit godt psykososialt arbeidsmiljø.
  • 90 prosent av assistentane meiner at arbeidsinnsatsen deira blir anerkjend og verdsett av arbeidsleiaren.

I år skal òg BPA-utvalet greie ut om arbeidsvilkåra for borgarstyrte personlege assistentar. Vi har sendt inn Uloba sin rapport «På jobb for likestilling»(lenke) slik at utvalet kan bruke han i denne utgreiinga.

Sjå opptak av webinaret under. Artikkelen held fram under vindauget:

Den jamne assistent

Torsdag 26. august møttest òg Uloba og Fagforbundet for å leggje fram to rapportar med viktige tal om arbeidskvardagen til assistentane. Den ovanfor nemnde frå Uloba og fagforbundet si assistentundersøking frå 2019.

Fagforbundet kunne fortelje om den jamne fagorganiserte assistenten, ei godt vaksen kvinne med barn som hadde eit fast tilsetjingsforhold som ho hadde stått i over tid. Ho hadde òg vidaregåande utdanning som høgste utdanning. Fagforbundet sette òg lys på at 90 prosent av dei spurde i deira undersøking meinte at assistentar skal ha systematisk opplæring.

Kursing av assistentar vart eit viktig samtaletema både for Uloba og Fagforbundet. Både Veikko Lehtonen frå finske JHL, Forbundet for offentlig sektor og velferdsområdene på norsk, og Uloba sitt hovudverneombod Morten Andresen, kommenterte på dette.

– Uloba må skape møteplassar og vere opne for nettverksbyggjing. Kurs er ikkje farleg, sa Andresen.

Lehtonen fortalde òg om den finske assistentskulen der personlege assistentar får opplæring.

 

BPA har ein annan struktur enn fagrørsla er vane med.

– Å organisere borgarstyrte personlege assistentar har tradisjonelt vore ei utfordring for fagrørsla, litt fordi at tenesta har ein annan struktur enn vi er vane med, opna Ingvar Skjerve frå Fagforbundet i webinaret.

Mellom anna jobbar ein som assistent heime hos nokon, og ein har ikkje naudsynlegvis nokon felles yrkesfagleg bakgrunn, meinte Skjerve.

Dette er òg noko av det som kjenneteiknar BPA. Vi funksjonshemma kan tilsetje den kompetansen vi treng for å leve livet vi ønskjer og har rett på. Då er det positivt at assistentane har ulike bakgrunnar og kompetanse. Det snakka òg politisk rådgjevar Laila Bakke om, og ho trekte fram den nye rameavtalen som Oslo kommune har lyst ut, der kommunen etterlyser fagkunnskap hjå assistentar. Denne kan du lese meir om her(lenke). 

Du kan òg lese meir om arbeidsleiing og assistanse her: Assistenter forteller om god arbeidsledelse(lenke)

Og er du interessert i assistentyrket kan du lese meir her: Bli personlig assistent(lenke).