1. April runda Vibeke Marøy Melstrøm av 15 år som generalsekretær.
– Det som kanskje er spesielt for situasjonen min, er at andre som skulle inn i ei slik stilling som eg kom inn i 1. januar 2010, nok hadde eit mål og ein ambisjon om å leie mange menneske. Slik var det ikkje for meg.
1. April 2025 markerte eit stort skifte i den snart 34 år gamle historia til Uloba – Independent Living Norge. Vibeke Marøy Melstrøm, generalsekretær gjennom dei siste 15 åra, gav stafettpinnen vidare til avdelingsleiar for BPA-rettleiing og kompetanseutvikling, Stig Morten Skjæran.
Fødd: 1967 i Oslo
Alder: 58 år.
Bustad: Ski
Yrke: Avtroppande generalsekretær i Uloba – Independent Living Norge, no spesialrådgjevar for leiinga.
Sivilstatus: Gift med Terje Marøy
Erfaring med BPA: Sidan 1991. Først i Norge med funksjonsassistanse i 1997.
Då ho tok over roret i Uloba, hadde ho vore assisterande dagleg leiar for med-gründer Knut Flaaum i mange år. Han ønskte å gå ut av stillinga, og Melstrøm var den opplagte kandidaten. Ho hadde vore operativ og som ho sjølv seier “hands on” i rolla som assisterande dagleg leiar, men ho hadde ikkje noko ønskje om generalsekretærposten. Diskusjonen handla difor om konstituering. Om ho ville bere rolla fram til ein kunne finne ein annan arvtakar til den då 19 år gamle organisasjonen for rettar og likestilling for funksjonshemma.
– Likevel vart eg råda til å gå fast inn i stillinga. Eg hadde vore med på å byggje opp Uloba, som rådgjevar, fagleiar og assisterande dagleg leiar. Ettersom Knut og eg begge var gründerar var det viktig at det ikkje vart utydeleg kven som tok avgjerdene. Men eg hugsar at eg tenkte “maks fem år”. Slik blei det ikkje, seier Melstrøm og smiler.
Praten med Terje
Før Melstrøm takka ja til stillinga som generalsekretær måtte ho ha ein prat med mannen Terje Marøy. Ho trefte han då ho framleis dreiv med dykking og han var instruktør. Ho har nemleg over 500 dykk bak seg. Og nokre år etter ulukka som 20-åring, som gjorde henne avhengig av rullestol, sende ho han eit julekort. I 2025 har dei vore gift i 18 år.

– Terje har stått støtt ved meg både i krise og i ideologiske diskusjonar. Det har nok vore krevjande for han å skulle vere der godt nok for borna sine, og samstundes vere der for meg. Difor kunne eg ikkje gå inn i ei slik stilling utan å ha han med på laget.
– Og kva var utfallet av praten?
– Terje har eit stort hjarte for saka, og er like brennande oppteken av urett og menneskerettar som eg. Det var ikkje tvil, seier ho og smiler.
Godt driv
Då Melstrøm tok over var organisasjonen i godt driv. BPA-ordninga hadde vorte skriven inn i sosialtenestelova i 2000. Etter ti år i sterk vekst pressa Uloba på for å få BPA lovfesta som individuell rett for funksjonshemma med store og varige assistansebehov. Retten til å leve livet på eigne premiss. Organisasjonen arbeidde òg for å få til ein tariffavtale for dei nærare 6000 assistentane i det dåverande andelslaget (BA).
– Tariffavtalen med fagforbundet var ein siger og ein god dag på jobb, seier den avtroppande toppleiaren.
Året var 2013, og forhandlingane hadde ikkje vore enkle. Tidleg i prosessen ønskte Fagforbundet at den komande tariffavtalen måtte vektleggje helsefagleg kompetanseheving for assistentane.
– Då ville heile ideen ha falle. Vi skulle ikkje tilsetje helsepersonell. Vi skulle tilsetje folk som skulle utføre dei praktiske oppgåvene einkvar ville ha utført for seg sjølv. Armar og bein, ikkje helse og omsorg.
Gjennomslag
Tariffavtalen skulle leggje grunnlaget for landsovereinskomsten som gjeld for Virke og Fagforbundet i dag. Vendepunktet kom i møte med dåverande Fagforbundet-leiar Jan Davidsen.
– Eg trur det letta for han og for Fagforbundet då han kunne relatere det til sine eigne familiemedlemmer. Og det er fornøyeleg når du kjenner at du får gjennomslag. A-ha-kjensla når du opplev at andre menneske byrjar å forstå funksjonshemma som vanlege folk.

Funksjonshemma er den einaste diskriminerte gruppa ein kan risikere å plutseleg hamne i, i laupet av livet, utan at ein ønskjer det. Diskrimineringa er usynleg, innarbeidd i samfunnsstrukturen. Ein ser på funksjonshemma som pasientar, som sjuke og hjelpetrengande, ikkje som ressurssterke samfunnsborgarar. Difor tek det tid å nå fram, meiner Melstrøm.
Men det gjekk seg til. Ein av mange sigerar for funksjonshemmas likestilling i det norske samfunnet i åra som generalsekretær.
– Det er det som har vore mi “drivkraft”. Eg har aldri hatt store leiarambisjonar på eigne vegner, men eg har kjent på eit stort ansvar. Eg har forstått at rolla eg har hatt har stor påverknadskraft. Saka har kome først fordi eg veit at BPA er viktig for folk, seier Melstrøm, og held fram:
– Eg kunne sjølv aldri ha hatt denne stillinga utan.
Ei frihelg i året
Ulobas historie er først og fremst ei forteljing om suksess. Om å setje ei folkegruppe som tradisjonelt har vore sett på som sjuke og svake og staten sitt ansvar, i stand til å ta ansvaret sjølv, for eige liv og helse.
For Vibeke Marøy Melstrøm er det ikkje mogleg å tenkje seg eit vaksenliv utan organisasjonen. Frå starten i 1991 har ho leve og pusta Uloba.
– Dei første tolv åra i organisasjonen hadde eg kanskje tolv helger fri, innrømmer ho.

Den avtroppande generalsekretæren hamna møtte den framtidige med-gründeren Bente Skansgård på Sunnaas sjukehus utanfor Oslo. Uloba vart raskt synonymt med livet og kvardagen, den einaste farbare vegen mot eit normalt liv. Melstrøm bytta ut naturinteressa frå ein oppvekst i speidaren og draumen om å bli dykkarinstruktør, med kampen for fridom og likestilling. Men livet byr òg på nedturar. Som den første gongen organisasjonen måtte takke nei til ein konsesjon, tenestekontrakten Uloba inngår med ein kommune om å tilretteleggje for at innbyggjarane som treng det, kan leve livet med BPA.
Utforbakke
Sjølv i 2025 vert fridomen som BPA-ordningar landet over skal representere, trua i mange kommunar. I stor grad freistar kommunane å nytte BPA som ein måte å organisere sine eigne, tradisjonelle tenester på, som heimesjukepleie og støttekontakt. Dette er ifølgje Melstrøm eit resultat av det ho omtalar som ein utforbakke.
Litt kontekst: Før BPA vart ein individuell rett og heimla i sosialtenestelova, hadde arbeidsleiaren større fridom til å organisere assistansen sjølv, og velje kva ordninga skulle nyttas til. Men då sosialtenestelova vart slått saman med helselova, kom det inn eit krav om at tenestene skulle vere helsefagleg forsvarlege. Dermed forsvann mykje av fridomen Borgarstyrt personleg assistanse opphavleg skulle representere. Det heldt ikkje lenger at arbeidsleiaren gjekk god for kva hen ville ha til frukost og korleis assistentane skulle lage han, no måtte kommunen kontrollere at tenesta var forsvarleg.
Stor avgjerd
Den første gongen Uloba måtte setje ned foten for ein konsesjon, var det med kommunesamarbeidet Vestregionen. 16 kommunar vest for Oslo og 180 ordningar. Tenestekontrakten ville ha vatna ut tenesta for innbyggjarane, fortel Melstrøm. Kommunane meinte mellom anna at arbeidsleiaren ikkje skulle ha hovudansvaret for assistansen. Kontrakten omfatta òg direkte avgrensingar for arbeidsleiarane, som å få reise ut av heimkommunen sin med assistanse.
– Vi sat i kommunestyret og visste at standardkontrakten som vi nyttar i dag, NS 8435, snart skulle kome. Vi oppfordra difor kommunane til å vente. Eg stilde spørsmålet: Ser de skilnaden på det Rådmannen no legg fram og ein kontrakt slik som vi føreslår?
Vestregionen forstod det ikkje. Endå verre, fortel Melstrøm, var dei ikkje interessert i å setje seg inn i det.
– Ein av dei folkevalde med det øvste ansvaret sa rett ut at ein ikkje kunne vente at dei ville setje seg inn i alle detaljane i saka. Då vart eg provosert. Vil ein ikkje setje seg inn i saker som er så avgjerande for innbyggjarane i kommunen, for livet til folk, så kan ein ikkje jobbe med det, tenkte eg.
Å seie opp 180 ordningar og late 180 arbeidsleiarar stå utan Ulobas BPA skulle bli tøft. Ordningane måtte overførast til andre BPA-aktørar. Over 300 møte vart gjennomført for å for å sikre over 1000 assistentar framleis gode lønns og arbeidsvilkår i skiftet av arbeidsgjevar.
– Det var særskilt vanskeleg for fleire av arbeidsleiarane å forstå at Uloba ikkje kunne godta vilkåra kommunane la fram. Uloba ville òg miste mange millionar i inntekt. Men vi kunne ikkje selje sjela vår, seier Melstrøm.
I seinare tid har Uloba på nytt fått til samarbeid med kommunane i det som var Vestregionen. Då kom brorparten av arbeidsleiarane som den gong miste Ulobas BPA, attende til Uloba.
– Det var svært gledeleg.
Ideologisk portvakt
Når Vibeke Marøy Melstrøm får spørsmål om kva ho er stolt av frå utviklinga til organisasjonen gjennom 15 år som generalsekretær, er ho klar til å ramse opp.
– Vi har etablert og utvikla BPA i Noreg, gjennomført prosjekt som Folk er Folk og gjort det mogleg å nyte godt av fridomen BPA gjev, òg for menneske som ikkje kan leie si eiga assistanseordning. Uloba er ein rollemodell og ein spydspiss for heile funksjonshemmarørsla. Eg er stolt av alt Uloba har fått til. Og vi skal halde fram med å kjempe for endring i synet samfunnet har på oss funksjonshemma. Der ligg kampen vår, seier ho.

I rolla ho no går inn i som spesialrådgjevar for leiinga, skal ho få vie meir tid til politikk og ideologi. Tid til dei gode, ideologiske diskusjonane med kollegar.
– Det er gjevande. Det har eg òg kjent mykje på som generalsekretær. Du får spissa deg sjølv og du lærer, er alltid i prosess.
Den avtroppande toppleiaren meiner at dette vil bli særskilt viktig for den komande generalsekretæren: å halde ideologien levande i møte med moderne kommunikasjon og media. Det er lett å late seg rive med, inn i den tradisjonelle forståinga, meiner ho.
– Eg er utruleg stolt når vi fullt ut tør å stå for meiningane våre, når vi står imot og skapar resultat. Det er utfordrande å stå i, men svært viktig.
Les om Ulobas idégrunnlag her.
Jakta på rett kompetanse
Melstrøm fortel at noko av det som har teke mykje krefter i Uloba, handlar om å få rett kompetanse inn i organisasjonen. Delen funksjonshemma som er utdanna og i arbeid er lågare enn i resten av folket. Diskriminerande strukturar gjer det vanskelegare for funksjonshemma enn for andre, å tileigne seg kunnskap og arbeidserfaring.
– Og vi må ikkje berre lære opp, men avlære òg.
Her kjem vi inn på grunnen til at Melstrøm no vel å tre av som generalsekretær i 2025. Ho har nemleg tenkt på det lenge. Sidan før ho sat i det statlege BPA-utvalet i 2019 til 2021. Utvalet skulle greie ut om BPA-ordninga si framtid. Det turbulente arbeidet enda i ein dissens til utgreiinga eit mindretal i utvalet la fram, NOU 2021:11 Selvstyrt er velstyrt, og eit framlegg om ei eiga lov om BPA, frikopla frå helseloverket og kommunal forvalting. For Melstrøm handlar det å trekkje seg tilbake no, om helse og om å ta vare på seg sjølv etter 30 år med jobb døgnet rundt. Og det handlar om å ha tid nok til å vidareføre.

– Det er viktig at vi klarer å drive kampen vidare. Etter 30 år har mange av våre beste aktivistar diverre falle frå. Mange i vår rørsle er utsett for eit kortare livslaup enn andre, det må vi berre innsjå. To av fem gründerar av Uloba er framleis i live, eg er ein av dei. Vi har òg mista svært mange gode kollegar berre dei siste åra, både i organisasjonen og i den verdsomspennande Independent Living-rørsla. Difor er det viktig for meg at kunnskapen vi representerer òg får vere med vidare.
– Sett saka først
Det som er unikt for Uloba, meiner Melstrøm, er at organisasjonen utelukkande står for likestilling og menneskerettar. Diagnosefokuset som svært mange funksjonshemma-organisasjonar i Noreg har, uteblir. Difor er ideologien avgjerande.
– Dersom vi ikkje kan stå sterke saman med ei felles forståing av ideologien, får vi problem med arbeidet utad. Det er ein prosess som nok aldri vil ta slutt.
– Kva vil du seie til arvtakaren din, påtroppande generalsekretær Stig Morten Skjæran?
– Eg er overtydd om at han vil gjere ein god jobb. Men det blir viktig for han å stå for og stå på grunnprinsippa i ideologien vår. Eg vil råde han til å bruke hjartet og ideologien som rettesnor i krevjande spørsmål. Jo lenger tid det tek før vi får løfta BPA ut av helselovverket, jo fastare må du stå. Samstundes er det viktig med ein sunn balanse mellom familien og jobben. For å halde motivasjonen og energien oppe, seier den avtroppande generalsekretæren.
– Og når det røyner på må du setje BPA og saka først, før deg sjølv og organisasjonen.

Nyfiken på meir om Vibeke Marøy Melstrøm? Vi intervjua henne i høve kvinnedagen.
Les fleire nyhende frå Uloba her.