I 2010 vart ho ei av få kvinnelege toppleiarar i Drammens-området. Det hadde ikkje vore mogleg utan BPA.
– Kvinnedagen er ein dag vi vil trenge i lang tid, seier Ulobas generalsekretær Vibeke Marøy Melstrøm.
Gjennom dei siste 15 åra har Vibeke Marøy Melstrøm støtta kvinnekampen frå toppleiarvervet i Uloba. No, i stova hennar i Ski, avleverer ho beskjed til ektemannen Terje Marøy om hunden deira Lavrans. Så får vi det fulle fokuset.
Alder: 57
Bustad: Ski
Yrke: Generalsekretær i Uloba – Independent Living Norge
Sivilstatus: Gift med Terje Marøy
Erfaring med BPA: Sidan 1991. Først i Norge med funksjonsassistanse i 1997.
– Eg har nok ikkje vore den flinkaste til å vere synleg fysisk i 8. mars-toget. Det handlar mykje om høvet til å delta, om assistanse og tilgjengelegheit. Vi har òg andre merkedagar i rørsla der det har vore viktig for meg å vise meg som både kvinne og funksjonshemma, fortel ho.
Teksten held fram under biletet.
Det har vore desto viktigare for henne å halde seg oppdatert i andre kanalar.
Engasjement for arbeidskvinner
– Eg følgjer utviklinga, mellom anna digitalt. Særleg har eg eit engasjement for funksjonshemma kvinner i arbeidslivet, seier ho.
Engasjementet skriv seg attende til eit kvinneforum i 1990-åra der ho sat saman med Uloba-gründer Bente Skansgård. Ikkje minst gjennom 15 års arbeid som Ulobas generalsekretær.
– Grunnleggjande er det framleis mykje å kjempe for som kvinne. Men biletet vert ytterlegare skeivt dersom ein tek med diskrimineringa ein opplev som funksjonshemma. BPA skal òg kunne likestille deg som kvinne, påpeiker ho.
Dobbel diskriminering
Nyare forsking viser at funksjonshemma kvinner oftare vert utsett for overgrep og mishandling . Ulobas eigen rapport Tilstandskartleggingen viser dessutan at kvinner får færre BPA-timar til å leve livet enn menn (lenke), og at funksjonshemma foreldre oftare blir melde til barnevernet. Som mann får ein òg oftare innvilga hjelpemiddel til å vere aktiv i samfunnet, enn kvinner. I tillegg har funksjonshemma kvinner i arbeidslivet den lågaste plasseringa på lønnsstigen.
– Det blir ei slags dobbel diskriminering. Som funksjonshemma møter vi haldningar om at vi er ressurssvake og sjuke, og ikkje i stand til å ta ansvar. Slik vert diskrimineringa vi opplev som kvinner forsterka. Men for oss handlar det like mykje om identitet, om å kjempe for henne du er som person, som for andre kvinner, seier Melstrøm.
For oss handlar det like mykje om identitet, om å kjempe for henne du er som person, som for andre kvinner.
Like mykje kvinne
Generalsekretæren skildrar det vi i dag kjenner som interseksjonell diskriminering. Diskriminering som går på tvers av fleire minoritetsgrunnlag. Der ein som skeiv kvinne eller kvinne med ein annan etnisitet opplev forsterka kjønnsdiskriminering, opplev funksjonshemma kvinner oftare at ein berre ser funksjonsnedsetjinga. At ein reint gløymer at du er kvinne.
– Eg hamna i rullestol då eg var 20 år gammal. Den gongen vart det svært tydeleg for meg at eg ikkje lenger vart rekna med, verken som kvinne eller ressursperson, seier ho.
Teksten held fram under biletet.

Karrierekvinne
I 2010 tok Vibeke Marøy Melstrøm over stafettpinnen som generalsekretær for Uloba. Ho var ein av gründerane i organisasjonen og hadde hatt fleire roller i administrasjonen, mellom anna som BPA-konsulent. Seks år seinare stilde ho opp som ei av få kvinnelege toppleiarar i ei sak i lokalavisa Drammens Tidende om dei største verksemdene i området.
– Det hadde ikkje vore mogleg utan assistanse. Eg brukar BPA-ordninga til praktiske gjeremål. Det har gjeve meg høvet til å ha ei toppleiarstilling i ei tid då det framleis er mangel på kvinnelege toppleiarar.
– Kva kvalitetar har vore avgjerande for deg som kvinneleg toppleiar?
– Bente Skansgård sa ein gong at du må «ordne opp sjølv. Det kjem ikkje på ei fjøl». Dei orda lev eg etter framleis. Vi må ta initiativet og jobbe for det sjølv.
Klapp på kinnet
Med toppleiarstillinga i Uloba følgde fleire roller i næringslivet. Mellom anna har Melstrøm site i hovudstyret i Virke. Og med ein plass i næringslivet fekk ho kjenne på dei diskriminerande haldningane, ikkje berre som funksjonshemma.
– I kvardagen har eg kollegar rundt meg som har fokuset på arbeidet, saka og politikken. Vi er eit mangfald. Men med ein gong du kjem inn på ein annan arena, møter du dette. Eg har blitt klappa på kinnet, og då har eg tenkt at «dette handlar ikkje berre om at eg er funksjonshemma».
Teksten held fram under biletet.
– Eg må vere høfleg og pedagogisk
Med styrevervet i Virke følgde middagar med mange mannlege toppleiarar til stades. Særskilt godt hugsar ho bankdirektøren som sat ved sida av henne og framfor alt ville vite kva som feila henne. Og ein politikargjest i ein middag for ein markant tidlegare stortingsrepresentant.
– Ein av dei mannlege gjestane som sat overfor meg, hadde lagt merke til fingrane mine. Han ville vite korleis eg kunne få til noko som helst, seier Melstrøm og småler.
– Kva gjorde du då? Og kva gjer ein i slike situasjonar?
– På ein måte vert ein aldri heilt budd på det. Eg har forsøkt å avvise det på ein litt ironisk måte. For meg har det vore naturleg å styre samtalen over på BPA. Når ein får høyre om storleiken på Uloba vert ein fortare interessert. Eg leiar ein stor organisasjon som har fått til store ting. Likevel må eg svare på spørsmål om fingrane mine på middag med næringslivet, seier Melstrøm.
– Så du må vere pedagog.
– Ja. Eg må vere høfleg og pedagogisk. Og eg opplev det framleis. Til slutt vert ein jo drittlei. Faren med det er at ein trekkjer seg unna desse arenaene, der ein som andre skal ha rett til å delta. Det vert eit nytt tap, for sjølvsagt skal eg som andre ha rett til å ta denne plassen.
Judy Heumann bana vegen
Når generalsekretæren får spørsmål om kva for ei sterk kvinne ho ser opp til, må ho tenkje seg om.
– Det er mange. Men eg må trekkje fram Judy Heumann, ei av den globale Independent Living-rørslas største kvinneskikkelsar.
Judith Ellen «Judy» Heumann (1947-2023) var kjend som mor til menneskerettsrørsla for funksjonshemma i USA. Som ung kvinne leia ho ein historisk okkupasjon av eit offentleg bygg i USA, “The 405 sit-in”. Aksjonen bana veg for det amerikanske lovverket for funksjonshemma sine rettar, eit lovverk som framleis eksisterer og gjeld. Seinare arbeidde ho som rådgjevar i regjeringa for Clinton- og Obama-administrasjonane.
– Ho hadde mange med seg, men samstundes hadde ho ei tydeleg rolle. Judy var sentral i utforminga av funksjonshemmapolitikken i USA. Dessutan var ho ein varm og omsorgsfull person eg kjende godt. Ho elska laks og annan fisk frå Øygarden.
Teksten held fram under biletet.

– Til slutt: Kva likestillingsutfordringar ser du elles for funksjonshemma kvinner i dag?
– Det er utfordrande når dei ulike likestillingsrørslene ikkje greier å ta opp i seg andre minoritetar. Ein ender med å stenge ute sine eigne, når vi i botn og grunn står i den same kampen. Vi opplev det når det gjeld kvinner med psykososiale funksjonsnedsetjingar, og når det gjeld utviklingshemma kvinner.
– Vi må stå saman og løfte kvarandre dersom vi skal kome noko vidare!