Uloba inviterer til historia om det gløymde folkemordet

Eit gammalt svartkvittfoto viser Hadamar sjukehus midt i biletet med vegetasjon rundt og hus i landsbyen i forgrunnen. Det ryk frå pipa på sjukehuset.
Dette biletet er teke i skjul i 1941. Bygget øvst i midten av fotografiet er NS Tötungsanstalt Hadamar, og røyken som stig opp frå pipa kjem frå krematoriet. Foto: Gedänkstatte Hadamar/Landeswohlfahrtsverband Hessen

Frå 6. juni og over sommaren kan du oppleve ein lite kjend, men essensiell del av Holocaust-historia. Uloba inviterer til utstillinga «Innlagt ved Hadamar sykehus» om Nationalsozialistische Tötungsanstalt Hadamar.

Dei fleste har høyrt om Auschwitz, Sachsenhausen og Ravensbrück, konsentrasjonsleirar for jødar og andre såkalla fiendar av Hitlers tredje rike. Men visste du at det òg fanst utryddingsprogram for funksjonshemma? Hadamar, Grafeneck og Brandenburg var tre av seks tyske drapssenter for funksjonshemma vaksne og born før og under den andre verdskrigen.

I utstillinga som no er sett opp på Ulobas hovudkontor i Drammen, får du eit nært innblikk i dette første kapittelet av Holocaust. Gjennom historia om NS Tötungsanstalt Hadamar får du lære om dei som vart drepne nett fordi dei var det nazistane ville omtala som ariske, men «defekte». Du får lære korleis nazistane perfeksjonerte metodane dei seinare skulle bruke på jødar og andre i konsentrasjonsleirane, på funksjonshemma. Og du får lære om strengt hemmeleghald, ideologien bak og menneska som levde og døydde i institusjonane. Vi åtvarer om sterke inntrykk.

Ved interesse eller spørsmål om utstillinga, kontakt spesialrådgjevar og tidlegare generalsekretær Vibeke Marøy Melstrøm.

Inntil ein million funksjonshemma blei drepne

I 1933 var arvehygienelova innførd i Tyskland, om å hindre arveleg sjuke avkom. Lova er omtala som den første raselova og førte til at rundt 400.000 funksjonshemma vart tvangssteriliserte før 1945. Offisielt vart mellom 70 000 og 250 000 funksjonshemma, vaksne og born, drepne i tyske T4-drapssenter før og under den andre verdskrigen. Dei som utførte drapa, var ofte utdanna helsepersonell – dokterar og sjukepleiarar.

Men mørketala er store. Då T4-sentera vart lagt ned i 1941 etter offentlege protestar, heldt drapa på funksjonshemma fram. No i regi av institusjonane sjølv. Dei som vart funksjonshemma, sjuke og døydde i og utanfor konsentrasjonsleirane når dei ikkje lenger var i stand til å arbeide, er heller ikkje tekne med. Difor kan det faktiske talet vere så høgt som ein million.

Er historia relevant i dag?

Eit gult murbygg er delvis skjult bak lauvverket frå store tre. Bygget har fleire etasjar. På venstre side i biletet er fleire skilt over museet og sjukehuset.
Slik såg institusjonen som i dag husar museet Gedänkstatte Hadamar ut i 2023. Foto: Mone Celin Skrede

Gjennom utstillinga stiller vi spørsmål ved kva denne gløymde og løynde delen av historia etter nazistane har hatt å seie for måten ein ser oss funksjonshemma på i dag. I Holocaust-samanheng i Tyskland nyttar ein ordet «eutanasi» utelukkande for å skildre drapa på sjuke og funksjonshemma. Nazistane kalla det som i røynda var massedrap for ei god gjerning. «Den vakre død». I dag, i ordskiftet i vårt samfunn, har ordet eutanasi ei anna tyding.

Endeleg rekna som offer for Nazismen

Det tok 40 år før sjukehusa sjølv tørka støv av arkiva sine og starta å stille spørsmål ved kva som hadde hendt då institusjonane hadde vore under nasjonalsosialistisk styre. I 2025, 80 år etter at den andre verdskrigen var over, vart funksjonshemma som diskriminert gruppe endeleg anerkjent av den tyske forbundsdagen som offer for nazismen og nazistisk forfølgjing.

Om utstillinga:

Utstillinga «Innlagt ved Hadamar sykehus» var sett opp for første gong i 2005 og var laga som ei vandreutstilling av Landeswohlfahrtsverband Hessen i 1999. Etter å ha vitja utstillinga fekk ei gruppe nordmenn laga ein norsk versjon som tidlegare er sett opp i Skien, sandefjord, Drammen, Oslo og Bergen.

20 år seinare set vi opp utstillinga på nytt i håp om at fleire får nytte av historia og kunnskapen. Utstillinga består av om lag 50 informasjonsplakatar på tysk og engelsk, med norsk omsetjing. Utstillinga vert primært ståande frå fredag 6. juni og utover hausten, førebels til første september.

Den gamle institusjonen i Hessen i Tyskland er i dag framleis nytta som klinikk, men han husar òg museet Gedänkstatte Hadamar, som informasjonen i utstillinga er henta frå.

Velkomen til ei annleis Holocaust-utstilling!

På grå bakgrunn er eit svart stempel-aktig motiv av ein sirkel med nasjonalsymbolet til Nazi-tyskland,  ørna med hakekorset. Rundt symbolet står det INNLAGT VED HADAMAR SYKEHUS i blokkbokstavar.

Følg lenka for meir informasjon om museet i Hadamar.