Systerorganisasjonane Stiftarna av Independent Living i Sverige og Independent Living Institute feira 40 og 30 år i teneste for Independent Living, laurdag 23. november.
– Arbeidet dykkar handlar ikkje berre om personleg assistanse, lovarbeid, prosjekt og initiativ, men om historier frå levde liv. Det handlar om kampar, sigerar og ei urokkeleg tru på retten til å leve verdige, sjølvstendige og stolte liv, sa generalsekretær Vibeke Marøy Melstrøm frå golvet framfor scenen på STILs jubileumsfest.
Ho og med-Uloba-gründer Knut Flaaum framførte talen til jubilanten på hotell Garnisonen i Stockholm, laurdag 23. november. Ein liten delegasjon frå Ulobas administrasjon reiste med den store Uloba-bussen frå Freedom Express frå Drammen til Stockholm fredag 22. november.
Knut Flaaum fortalde at det var god hjelp i både erfaringar og konkret material frå STIL då Uloba var grunnlagt.
– STIL hadde ei essensiell rolle i starten på Uloba, gjennom raus deling av erfaringar og material som vi gründerane kunne tilpasse til ein norsk kontekst. Samarbeidet mellom Adolf Ratzka og Bente Skansgård var heilt avgjerande. Det er vi svært takksame for, sa Flaaum, og heldt fram:
– Seinare har vi vokse oss større enn STIL. Men lat oss ikkje gløyme, storleik er ikkje alt! Det er kvaliteten som tel.
Jubileumsfest for fleire
Ettersom STIL vart grunnlagt på 80-talet hadde festen 80-talstema. STIL-leiar Jonas Franksson entra scenen «fashionably late» i ein dress av lilla nervøs velur og kvit rysje-skjorte. Den 20. STIL-prisen vart òg delt ut til den svenske organisasjonen Funkibator. STIL-prisen «Hjärter Ess» er Sveriges svar på Stolthetsprisen.
STIL delte jubileumsfesten med Independent Living Institute som fylde 30 år. ILI-leiar Jamie Bolling starta sin tale med å forklare at ho hadde redigert og redigert talen sin, heilt fram til siste minutt.
– Måndag kjempar vi, i kveld feirar vi!
– Vi har kome langt, men no sklir vi tilbake. Det er mykje som jobbar mot oss. Mange mistar assistanse, den medisinske modellen står sterkare. I går såg vi filmen om Independent Living i Sverige, om STIL. Når filmen kjem, må de sjå den. Eg græt, og det var tøft! Vi veit at mangel på assistanse har gjort at menneske har mista livet. Det er tøft, det er ein realitet. Måndag skal vi jobbe på, i kveld skal vi feire, sa ho, og avslutta på engelsk:
– We work on monday, but today we celebrate. Let’s party, thank you!
We work on Monday, but today we celebrate.
Minnast Adolf Ratzka
– I owe my life to Adolf Ratzka, sa STIL-gründer Heléna Karnström.
Festen gjekk føre seg på engelsk og på svensk, i høve mange internasjonale gjestar. Dagen før jubileumsfesten hadde STIL arrangert panelsamtale med internasjonale gjestar frå ENIL og ulike CILs, Center for Independent Living, i andre land. Martine Eliasson frå Uloba var òg med for å snakke om det nordiske kompetansesenteret på BPA.
Opphavleg skulle òg 80-årsdagen til Adolf Ratzka blitt markert. Ratzka var kjend for å ha teke med seg Independent Living-ideologien til Skandinavia, og han hadde ein nær venskap med Uloba-gründer Bente Skansgård. I staden tok mange mikrofonen for å minnast Independent Living-pioneren. Adolf Ratzka gjekk plutseleg bort i ei ulukke i sommar.
Jubileumsåret har vorte feira med mellom anna ein webinar-serie, og denne kvelden, med ein stor fest. Avslutninga var i svensk tradisjon, «mjölk och bullar», eller kanelbollar og kaffi.
Vi gratulerer STIL med 40 år, ILI med 30 år, og det europeiske nettverket ENIL med 35 år!
Tidlegare i haust deltok Uloba òg på Freedom Drive i Brussel, der Det europeiske Independent Living-nettverket ENIL feira 35 år. Les meir om Freedom Drive 2024 her.