Freedom Drive 2024: Byggje opp og ta tilbake

Den 11. Freedom Drive er over.  – Vi treng håp, og å krevje tilbake rettane våre.  

– Eg er ikkje sårbar, eg er marginalisert. Og vi treng ikkje omsorg, men støtte!  

Orda kom frå Jamie Bolling, direktør for Independent Living Institute i Stockholm og med-president for styret i Det europeiske Independent Living-nettverket ENIL.  

Jamie Boiling på scenen. Ho har ropert i handa og parolar rundt seg.
Jamie Boiling på Freedom Drive 2024.
Kent Børge Einseth, Marte Imingen og Ane Gisholt Gustavsen i rullestolar i ring rundt ein gåande journalist.
Fleire frå Ulobas delegasjon vart intervjua av pressa før marsjen.
Clementine Doevendans hadde palestinaskjerf, skinnjakke og skaut.
Clementine Doevendans frå ENIL Youth leverte kamprop etter kamprop. – Grunnleggjande rettar bør ikkje vere for mykje å be om!

Likestillingskommissær  i EU, Helena Dalli, hadde nett heldt sitt innlegg i dagens første programpost under konferansen “Rebuilding the Independent Living Pillars” på Thon Hotel EU i Brussel, den siste dagen av Freedom Drive 2024.  

ENILs største kampanje som vert arrangert annan kvart år, handla difor om å ta tilbake rettane våre. Å byggje opp att grunnpillarane som Independent Living-rørsla er tufta på.  

– Vi treng håp. Vi treng både å stille tydelege, kompromisslause krav og samstundes å kommunisere dei små, men viktige endringane vi kjempar fram, sa medleiar for ENIL Youth, ungdomsnettverket, Charlie Willis frå Universitetet i Leeds. Saman med Jamie Bolling opna han konferansen denne siste dagen av ENILS tre dagar lange mønstring.

Charlie Willis i panelet, ved sida av Jamie Bolling.
Charlie Willis frå Universitetet i Leeds mana til betre kommunikasjon på tvers av rørsla.

Likestillingsverktøy  

Under årets Freedom Drive feira det europeiske Independent Living-nettverket ENIL 35 års jubileum. Uloba, som har vore med sidan den spede starten av nettverket, bidrog med fleire innslag i programmet. Først ut var Kristin Torske med ein workshop om beslutningsstøtte, eller “supported decision making”, på engelsk. Beslutningsstøtte, og Ulobas modell beslutningsstøtteråd, går ut på at den funksjonshemma har eit styre rundt seg av utvalde menneske. Personar som er tett på livet til den funksjonshemma og kjenner til korleis personen sjølv vil leve og ta dei små og store avgjerdene kvardagen er bygd opp av.   

Uloba lanserte rapporten “Mitt liv, mitt valg” i 2023, og fekk dele funna frå rapporten, erfaringane frå prosjektet og arbeidet med eit alternativ til dagens vergemålslov, med europeiske søskenorganisasjonar og medaktivistar.  

Kristin Torske er midt i biletet, i kvit og rosa Freedom-Drive-T-skjorte. Rundt henne går fleire Ulobistar med parolar.
Kristin Torske og fleire Ulobistar under marsjen mot EU-parlamentet.

Nordisk kompetansehub 

I tillegg bidrog politisk rådgjevar Martine Eliasson på to aktiviteter. Først la ho fram situasjonen for funksjonshemma i Noreg og Ulobas arbeid med BPA og inkorporeringa av FN-konvensjonen om rettane for funksonshemma, for den svenske parlamentsmedlemmen Pär Holmgren. Ettersom Noreg ikkje er fullverdig medlem av EU, fekk Uloba delta i samtalen saman med delegasjonen frå STIL, Stiftarna av Independent Living i Sverige. Under konferansen på den siste dagen av arrangementet, deltok ho i panelsamtale om det nyopretta Nordiske kompetansesenteret på BPA.  

– Eit nordisk kompetansesenter på BPA kan spele ei avgjerande rolle ved å gjere det mogleg å dele erfaring og samarbeide, utarbeide politikk og retningsliner for BPA basert på FN-konvensjonen og på erfaring på tvers av dei fem nordiske landa. Gjennom å utvikle og betre lobbyarbeidet og etablere god praksis kan vi saman oppnå eit likestilt samfunn, sa Eliasson.  

Ta tilbake og byggje opp 

Freedom Drive 2024 gjekk føre seg frå 22-25 september i Brussel i Belgia og vart for første gong arrangert i Strassbourg i 2003. Funksjonshemma frå over 40 land i Europa deltok, inkludert delegasjonen frå Uloba på nesten 30 menneske.  

Tysdag 23. September stimla folk, parolar, rullestolar og andre hjelpemiddel saman i Parc du Cinquaintenaire for saman å gå paradestrekninga til EU-parlamentet.  

ENIL stilte med banner og paradeflåte som vart brukt som podium.
ENIL feira 35 år i år.
Folkemengda av aktivistar frå heile Europa i Parc du Cinquantenaire i Brussel.
Aktivistar frå heile Europa kom saman under Freedom Drive 2024.

Der det i 2022 regna til minst éin elektrisk rullestol frå Ulobas delegasjon måtte bøte med livet, starta paradeoppvarminga i parken med strålande sol. ENIL hadde òg for første gong med eit eige lite band med blåseinstrument.  

ENIL  overleverte desse fem krava for dei fem neste åra i EU til medlemmer av parlamentet:

1. Stopp utdelinga av EU-middel til å opprette institusjonar 

2. Garantér retten til Independent Living  

3. Anerkjenn beslutningsstøtte 

4. Sørg for sosial likskap for funksjonshemma 

5. Sørg for implementering av CRPD 

Bilete av ENILs eige vesle korps med trombone, saksofon, trompet, klarinett og tromme.
ENIL hadde for første gong med eige paradekorps.
ENIL-fana syns nedst i biletet. Over ser ein scenen med appelantane før paradestart.
ENIL feira 35 år i år.
Ei samling menneske klar til sluttappell framfor EU-parlamentet.
Katrin Langensiepen er einaste funksjonshemma EU-delegat. Her saman med Jamie Bolling frå Independent Living Institute.

– Som om inkludering handlar om blomster og bier 

Dei (beslutningstakarane red. Anm) sel FN-konvensjonen til oss som eit papir. Som at inkludering er noko fint, som blomster og bier, noko kjekt å ha, sa parlamentsmedlem Katrin Langensiepen medan ho sakte snudde seg i sirkel for å snakke til aktivistane som då dei fleste var komne fram til EU-parlamentet.  

Langensiepen er i dag den einaste kvinnlege, funksjonshemma medlemmen av parlamentet. Og i komande EU-periode er det ikkje lenger valt ein kommissær for likestilling i EU-kommisjonen.  
 
– Det handlar om rettar. Våre menneskerettar, vår rett til å leve sjølvstendig. Til å sleppe at nokon andre enn meg får bestemme kva eg kan og ikkje kan gjere med livet mitt! Ropte Langensiepen. Megafonen som skulle forsterka bodskapen hennar og andre talarar, hadde takka for seg.  

Vegskilje i Europa 

I 2024 står Europa i eit vegkryss. framfor nye kriser som vil råke funksjonshemma særleg hardt. Vi kan oppleve klimakriser, pandemiar og konflikt. I mange land byggjer ein opp att institusjonar for funksjonshemma i ny form, som samlokaliserte bustader, få år etter at dei store, tradisjonelle institusjonane vart rivne ned.  Det vert kutta i pengeløyva til tenester, og våre, funksjonshemmas, menneskerettar vert på nytt prioritert ned av politikarar og avjerdstakarar. Fleire land rører seg i konservativ retning. 

Podiet i den store høyringssalen inne i EU-parlamentet i Brussel. Florian Sanden frå ENIL har ordet.
– Vi ser at lokale og nasjonale avgjerdstakarar forsøkjer å få tradisjonelle helse- og omsorgstenester til å framstå som samfunnsretta tenester, som heimetenester og samlokaliserte bustader, sa Florian Sanden frå ENIL.  

Florian Sanden frå ENIL stadfesta at eit paradigmeskifte i synet på funksjonshemma er avgjerande i Europa:  

– Vi treng fleire og større middel til personleg assistanse, og til å setje funksjonshemma med assistansebehov i stand til å betale eigne assistentar. Vi treng òg å forplikte politikarar og beslutningstakarar til å implementere CRPD.   

Ei stor utfordring er at ein må kjempe mot feiltolkingar av FN-konvensjonen, kom det fram under parlamentshøyringa etter marsjen.  

– Vi ser at lokale og nasjonale avgjerdstakarar forsøkjer å få tradisjonelle helse- og omsorgstenester til å framstå som samfunnsretta tenester, som heimetenester og samlokaliserte bustader, sa Sanden.   

Feiring og takk

Jubileumsfesten tysdag kveld starta med ei minnestund for Independent Living-pioner Adolf Ratzka som gjekk bort 21. juli. Éin etter éin fekk aktivistar med nære forhold til Ratzka dele sine siste ord til leiestjerna, som Bente Skansgård kalla han. Blant talarane var Funksjonshemma-aktivist John Evans OBE (Officer of the Order of the British Empire red. Anm).   

Seinare vanka det bursdagstalar til jubilanten ENIL, ståande buffet og bursdagskake.  

Illustrasjonsfoto av overrekkjinga av Ulobas gåve til ENIL, eit fotografi frå serien "Velg livet".
Frå minnestund til gåveseremoni. På biletet: Stig Morten Skjæran, Katrin Langensiepen og Ines Bulic.
Bilete av to bursdagskaker med tekstene "ENIL 35" og "Freedom Drive 2024" på.
Ingen bursdagsfest utan kaker.
Jamie Bolling frå Independent Living Institute og Nadia Hadad frå ENIL arbeider for å blåse ut kakelysa.
Jamie Bolling og Nadia Hadad måtte til slutt tilkalle forsterkingar for å blåse ut kakelysa.
Foto av festdeltakarar.
ENIL la opp til ståande buffet på festen etter paraden.

Endå ein Freedom Drive er altså overstått 

For delegasjonen frå Uloba og andre Independent Living-aktivistar, er Freedom Drive eit gyllent høve til å skape nye relasjonar. Det er ein arena for å utveksle idear, røynsler og strategiar i kampen for likestilling.

For alle som deltok frå Uloba, har det òg vore viktig å kjenne ordentleg på at vi er ein del av ein større fellesskap. At vi står saman i solidaritet og vil halde fram med å kjempe saman for Independent Living, eit sjølvstendig og uavhengig liv. Vi er stolte, sterke og synlege – saman.