Kake og kampvilje for menneskerettane våre

Justisminister Astri Aas-Hansen på scenen. Hun smiler og har på seg svart kjole med svart belte. Hun har øredobber i gull og brunt hår og blågrønne øyne. I hendene holder hun talekort. Hun snakker inn i en mikrofon og gestikulerer med hendene.
Justisminister Astri Aas-Hansen retta ein djup takk til funksjonshemma sine organisasjonar fredag 29. august.

Fredag 29. august leverte regjeringa lovproposisjonen om innkorporering av FN-konvensjonen om funksjonshemma sine rettar til Stortinget.

– Det er heilt grunnleggjane at folk i Noreg har og opplever like høve og like rettar. Fem andre menneskerettskonvensjonar er alt gjort til norsk lov gjennom Menneskerettslova.

Slik opna justisminister Astri Aas-Hansen talen til funksjonshemma sine organisasjonar på utestaden Youngs i Oslo.  

Fredag 29. august vart ein viktig delsiger og historisk milepåle i likestillingskampen for funksjonshemma i Noreg. Regjeringa la fram proposisjonen om å inkorporere FN-konvensjonen om funksjonshemma sine rettar (CRPD) i menneskerettslova. Justisminister Astri Aas-Hansen kom rett frå statsråd for å delta i feiringa.

En stor og staselig marsipankake med teksten "Menneskerettigheter for alle!. Den er rektangulær og er pyntet med frukt, bær, makroner osv.
Arrangementet, “Kakefest for CRPD”, blei arrangert av eit tverrsnitt av funksjonshemmas organisasjonar.
Tove Linnea Brandvik og Tom Tvedt på scenen. Tom står ved siden av Tove Linna og holder mikrofonen for dem. De ser på hverandre med gjenkjennende blikk. Han er høy og har på seg hvit t-skjorte og svart dressjakke. Han har olabukse og mørkt hår og brune øyne. Hun sitter i en rullestol med rød jakke og brune briller. Hun har også mørkt hår og har på seg perleøredobber og et kjede med perleanheng. De smiler begge to.
Forbundsleiar i Norges Handikapforbund, Tove Linnea Brandvik, og leiar i Norsk Forbund for Utviklingshemmede, Tom Tvedt, minna om at ei samla rørsle er avgjerande for gjennomslag.

Kongens ja

– Menneskerettslova slår fast at dersom det er motstrid mellom annan lovgjeving og konvensjonane, skal konvensjonane gå framfor. For å sikre at òg funksjonshemma skal få styrka sine menneskerettar i norsk rett, som alle personar i dette landet, har det difor lenge vore eit krav frå alle dykk som er her i dag at menneskerettskonvensjonen skal inkorporerast i menneskerettslova. For ein knapp time sidan blei lovproposisjonen lagt fram for Kongen og Kronprinsen i Statsråd. Og Kongen, han sa ja, sa justisministeren, til rungande applaus i lokalet.

Før ho overlèt scenen til neste på talarlista takka Aas-Hansen, organisasjonar som enkeltmenneske, for innsatsen.

Viktig steg mot målet

– I dag er vi glade og stolte. Det er eit viktig steg mot målet om at våre, funksjonshemma sine menneskerettar skal gjelde på same måte som for andre, sa Stig Morten Skjæran, generalsekretær i Uloba.

– Sjølv om dette kunne og burde vore gjort for lenge sidan.

Han understreka at CRPD ikkje berre handlar om jus, men om likestilling for heile samfunnet, i praksis.

– Når konvensjonen blir ein del av menneskerettslova, blir det tydeleg at vi funksjonshemma har rett til å delta fullt og heilt – på skulen, i arbeidslivet, i politikken og i kulturlivet, seier Skjæran.

Generalsekretær Stig Morten Skjæran har grått skjegg, markerte briller framfor blå auge, brun blazer og stort smil.
Konstituert generalsekretær Stig Morten Skjæran meiner lovproposisjonen om inkorporering gjev håp og premiss for likestilling i praksis.

I lokalet i Oslo sentrum gjekk politikarar for dei fleste stortingspartia opp på scenen, éin etter éin, for å gratulere. Då Synne Lerhol frå Senterpartiet rulla opp rampen, var det med blanke auge.

– Eg har klump i halsen. Og no ser det ut til at Senterpartiet kjem til å sikre at dette skjer, sa ho.

Lerhol fekk støtte av forbundsleiar i Norges Handikapforbund, Tove Linnea Brandvik.

– Styrken er at vi alle står saman og får det til i fellesskap. Mange her i salen har jobba intenst og lenge med dette. Nokon har møtt motbør i eige parti. Det har vore irriterande, frustrerande og vi har vore piss forbanna. Dette er ein delsiger, men vi er ikkje heilt i mål. Bruk energien frå kakene til å stå laupet ut!

Følg med på Uloba.no og i sosiale medium framover for meir detaljert informasjon om lovproposisjonen.

Les fleire nyhende frå Uloba.