
Kommunikasjonsrådgjevar Sarah Naomi Lunner håpar at BPA skal gje henne overskot til å vere meir romantisk.
– Eg er ikkje så veldig romantisk av meg, så eg har ikkje brukt å gjere så mykje ut av valentinsdagen, seier Sarah Naomi Lunner frå Uloba.
«Journalisten» lurer straks på om Lunner er rett person å intervjue om Valentine’s Day 14. februar. Men så kjem det frå andre sida av bordet:
– Eller, eg har ikkje hatt så mykje overskot til å vere romantisk. Kanskje du får eit heilt anna svar dersom du spør meg om eit år?
- 27 år gammal
- Bur i Sarpsborg saman med servicehunden Isa, men er frå Fredrikstad.
- Er kommunikasjonsrådgjevar i Uloba
- Er òg fylkestingpolitikar for Høgre, nestleiar i Norges Handikapforbunds ungdom og vara i Norges Handikapforbund Øst.
Nett fått BPA
Lunner har nemleg nett fått vedtak om BPA av kommunen.
Men du har feira Valentine’s Day før?
– Ja, dei siste par åra har vi brukt å lage litt god mat saman og kanskje gjere noko kjekt. Eg har vore ute og spist og gått på kino og sånt òg, men det er nokre år sidan, seier ho og ler.
Ho gler seg til fridomen livet med BPA kan gje.
– Eg ønskjer jo å vere meir sjølvstendig. No er det til dømes ofte kjærasten min som lagar maten fordi det er enklast, seier ho.
Då slepp ho å spørje om hjelp til å hente tallerkenar ned frå høge hyller og ta oppvasken når dei er ferdige. Nyleg fekk ho tilsett alle assistentane ho treng, og ho kan no få ordninga opp og gå.


BPA og seksualitet
Gratulerer med assistentar! Kva gler du deg til med BPA?
– Eg gler meg til at assistentane kan leggje til rette for at eg får bruke meir av tida og energien min på å berre vere saman med kjærasten min, og ikkje på alt det praktiske rundt. Og at eg kan få kjensla av at vi faktisk lagar mat i lag. Det trur eg blir fint, seier ho.
– Men eg er spent på om han (kjærasten red.anm) vil tykkje at assistentane går oppå han. Dei er der for å hjelpe meg og ikkje han. Men eg trur eigentleg han gler seg litt han òg, seier ho og smiler.
Denne veka var Sarah Naomi Lunner vore på arbeidsleiarkurs i regi av Uloba.
– Det var svært nyttig, særskilt å kunne snakke med andre som har BPA og kjærast og høyre deira erfaringar. Kurset hadde òg ein liten bolk om seksualitet.
Kva lærde du då?
– At assistenten kan leggje til rette for seksualitet, dersom det er ein del av stillingsinstruksen og det er samtykke. Men ikkje vere involvert utover det.
– Meir likeverdig forhold med assistanse
Fleire som søker BPA til å leve eit sjølvstendig liv, men som bur saman med ein partnar eller ektefelle, kan risikere at partnaren må assistere fordi kommunen ikkje vil gje nok BPA. I Tilstandskartleggingen 2022 seier ein av dei som svara på undersøkinga dette om konsekvensen av for lite BPA:
«At min ektefelle får all belastningen, siden jeg er avhengig av hjelp 24/7, og at det begrenser min frihet og selvstendighet.»
Kva tenkjer du om at kommunar rasjonerer med BPA på denne måten?
– Eg tenkjer at kjærasten min skal ikkje vere assistenten min. Kjærasten min skal vere kjærasten min. Eg trur forholdet vert betre med assistanse, for då er det meir likeverdig. Kjærasten min skal ikkje bekymre seg for om eg har energi nok til å køyre på jobb, har eg assistanse kan assistenten køyre dersom eg er sliten, seier ho.

Biff og shuffleboard
Over på noko litt mindre alvorleg: Kva planar har du for valentinsdagen i år?
– Det blir nok til at vi lagar litt god mat i lag, vi lagar gjerne biff og fløtepoteter eller kylling tandoori. Kanskje stikk vi ut og speler litt shuffle board med vennar.
Kjærasten Simen har ho vore saman med i 2,5 år. Dei møttest på Tinder.
Kva kan du seie om kjærasten din?
– Han er roleg, omsorgsfull og snill. Han seier sjeldan nei, og han er flink til å lytte, sjølv om han kanskje ikkje er like flink til å snakke sjølv, seier ho og smiler.
Og kva seier han om deg?
Lunner viser fram ei tekstmelding kjærasten har sendt henne:
«Jeg er sammen med deg fordi du er snill, omtenksom og vakker».
