
Vi gratulerer JAG assistanse med 15 år, 3. februar!
– Gjennom åra har JAG Assistanse etablert seg som både ein viktig BPA-aktør og ei viktig stemme og pådrivar i likestillingskampen for oss funksjonshemma, seier generalsekretær Vibeke Marøy Melstrøm.
Måndag 3. februar inviterte JAG Assistanse Uloba og fleire til feiring i lokala sine i Oslo. Teamleiar for rådgjevarteam 2, Terje Pedersen, stilde opp på vegner av Uloba og overrekte blome til jubilanten. Dagleg leiar Cathrine Schumann ønskte velkomen og oppsummerte JAG si historie dei siste 15 åra.
Bursdag med bismak
– Mange av dei som kom inn i JAG assistanse som arbeidsleiarar då vi vart stifta, er her endå. Det tyder på at dei har det bra, og at dei ønskjer å bli verande hos oss. Det er vi glade for, sa Schumann, før ho gav ordet vidare til fagsjef Alette Reinholdt.

Reinholdt fortalde at der JAG til å byrje med var heileigd av JAG i Sverige, eig medlemmene i JAG i Noreg no om lag 50 prosent av organisasjonen.
– Når det er sagt, er dette ein bursdag med litt bismak. Vi ser at ein strammar inn, særskilt for dei av oss som treng medarbeidsleiing. Og rettane våre vert angripne når det gjeld kommuneøkonomien og dei som kommunane og media kallar yngrebølgen. Kommunane vil heller ha fleire i samlokaliserte bustader med tradisjonelle tenester, sa Reinholdt.
– Det er på tide å brette opp ermane att, la ho til.
Les meir om medarbeidsleiing og BPA til born her.
JAG gjer ein avgjerande skilnad i mange liv
JAG assiststanse har sidan oppstarten i 2010 spesialisert seg på å vere ein tilretteleggjar for assistanse til funksjonshemma med kognitive funksjonsnedsetjingar. Organisasjonen arbeider dessutan interessepolitisk for å påverke avgjerdstakarar og myndigheitene, og sikre at BPA får vere eit likestillingsverktøy òg for personar med kognitiv funksjonsnedsetjing.
– Med det særskilte fokuset JAG har på BPA med medarbeidsleiar, bidreg dei til å sikre eit mangfaldig og inkluderande samfunn. Dedikasjonen og engasjementet deira gjer ein avgjerande skilnad i mange liv. Som Independent Living-organisasjon ser vi fram til mange fleire år med arbeid og innverknad frå JAG Assistanse, seier Vibeke Marøy Melstrøm.

Organisasjonen byggjer på verdigrunnlaget til organisasjonen JAG i Sverige, og er ein del av Independent Living-rørsla, på line med Uloba.
Vi ønskjer JAG Assistanse nok ein gong tillukke med 15 år, og med ønskje om mange fleire!