Hjelp oss å gje deg fridomen du har krav på! 

Tilstandskartlegginga for 2023 er ute no. Og Uloba vil vite korleis du har det.  

Uloba sender ut ei spørjeundersøking til medlemar og arbeidsleiarar kvart år. Er du medlem eller arbeidsleiar hos Uloba, finn du snart årets undersøking i innboksen din! 

Undersøkinga heiter Tilstandskartleggingen, og er heilt avgjerande for at vi som arbeider med å få politikarane til å betre BPA-politikken, skal vite kvar skoen trykkjer. 

Alle som svarar på undersøkinga kan vere med i trekkinga av eit universalgåvekort på 4000 kroner! Vi loddar òg ut boka Folk med foto tekne av fotograf Morten Krogvold.

Vi håpar alle de som mottek spørjeundersøkinga, tek dykk tid til å svare på henne. Det gjeld deg som er:  

  • arbeidsleiar i Uloba 
  • Uloba-medlem, men ikkje har fått BPA  
  • Uloba-medlem med BPA hos ein annan aktør 

Alle opplysningar vi mottek blir anonymisert. Er du medarbeidsleiar, er det fint om du kan hjelpe den du leiar saman med til å svare på undersøkinga.  

Vi brukar spørjeundersøkinga til å lage rapporten Tilstandskartleggingen. Den presenterer vi kvart år for politikarar, fagmiljø og andre. Fotoet er frå årets presentasjon på Skansgårdforelesningen 17. oktober.

Dine svar tel 

Vi brukar dine erfaringar direkte i det politiske arbeidet for ein betre BPA-kvardag for alle. Undersøkinga brukar vi til å lage ein rapport som vi presenterer for politikarar, fagmiljø og media kvar haust. Vi sender òg rapporten ut til dei som har nytte av han. 

Her kan du lese korleis resultata frå undersøkinga har blitt brukt tidlegare: (lenke) 

Dette spør vi om 

Uloba meiner at BPA er ein måte å oppfylle våre menneskerettar på. Ein måte å sikre at du som treng BPA, får leve livet og ta vala du ønskjer deg. Difor spør vi mellom anna om: 

  • korleis du bur. 
  • om du har fått vedtak om BPA eller ikkje.  

Vi veit gjennom Tilstandskartleggingen 2020 og 2021, at mange av oss ikkje tør å flytte til ein annan kommune i frykt for å miste BPA-vedtak og -timar. Mange får ikkje ta utdanning og kjem ikkje ut i arbeid, sjølv om dei ønskjer det.   

Her kan du lese Tilstandskartleggingen 2022 som blei presentert i oktober (lenke).

Her kan du lese om Tilstandskartleggingen 2021 (lenke).