– Funksjonshemma kvinner må ta utfordringa sjølv

[ingress]- Det opptek meg at kvinnerørsla er lite interessert i funksjonshemma kvinner. Å ta opp andre grupper sine interesser i sin eigen likestillingskamp, er vanskeleg.[/ingress]

Det er Berit Vegheim som snakkar. Til dagleg leier ho stiftinga Stopp Diskrimineringen, som jobbar mot diskriminering av funksjonshemma i Noreg. Vegheim er 61 år gammal, utdanna kriminolog og har mange år bak seg i organisasjonen Kvinnefronten. Vi har kontakta ho for å snakke om kvinnedagen og funksjonshemma kvinner i Noreg i 2021. Og litt om ho sjølv.

– Eg kan gjerne snakke om sak. Men å få fram meg sjølv har aldri hjelpt nokon, svarer ho kontant.

– Har du ei kvinne du ser opp til?

– Namnesyster Berit Ås, seier Vegheim.

Berit Ås er norsk sosialpsykolog og politikar. Ho var den første leiaren for Sosialistisk Venstreparti i Noreg.

Vi skal kome att til kva Berit Vegheim meiner om kvinnerørsla sitt syn på funksjonshemma kvinner. Først, funksjonshemma kvinner i 2021.

Sterkare kvinnediskriminering  av funksjonshemma kvinner

– Kva kan du seie om utfordringane funksjonshemma kvinner møter i dag?

– Det er eit så stort spekter og ulikt frå kvinne til kvinne. Det kan vere éin ting å vere kvinne i psykiatrien og ein heilt annan å vere funksjonshemma kvinne i rullestol. Kvinna i psykiatrien vil ikkje naudsynlegvis vite noko om korleis diskrimineringa slår ut for kvinna i rullestol.

Vegheim meiner at funksjonshemma kvinner vert undertrykt på same måte som andre kvinner.

– Men diskrimineringa vert forsterka fordi ein er funksjonshemma kvinne.

– Dette er interessant. Kan du gje nokre døme?

– Tradisjonelt har både funksjonshemma, kvinner, svarte og born vorte sett på som svake, og som råka av formyndarregime. Det handlar om paternalisme. Men i Noreg i dag er det funksjonshemma, særleg kvinner, som er råka.

Vegheim meiner fleire kvinner enn menn opplever tvang og tap av fridom i psykiatrien. At kvinner med kognitive og psykososiale funksjonsnedsetjingar opplever meir sosial kontroll. Ho meiner òg at funksjonshemma kvinner er særleg utsett for seksuelle overgrep. Og at rettsvernet i slike saker er dårlegare enn for andre kvinner.

– Saker som elles ville verte dømt som valdtekt, kan i staden verte dømt som utnytting av ei funksjonsnedsetjing. Og dette treng vi meir forsking på, slår ho fast.

Berit Vegheim saman med representantar frå sivilsamfunnet i FN-møte. Fleire sit rundt eit bord, Berit framst. Ho har hendene falda i ein pyramide framfor seg.
Til dagleg leier Berit Vegheim stiftinga Stopp Diskrimineringen, som jobbar mot diskriminering av funksjonshemma i Noreg. Her som ein del av sivilsamfunnet i møte i FN.

Heng att i tradisjonelle kjønnsroller

Vegheim nemner óg risikoen for å verte mistenkeleggjort av barnevern og andre maktinstitusjonar.

– Ein kan oppleve at det vert sett likskapsteikn mellom funksjonsevne og evna til å vere ei god mor. Særleg alvorleg er det når det handlar om kvinner med rørslehemming og synshemning. Det er synet ditt eller høvet ditt til å bruke til dømes hendene dine, som får avgjere om du kan vere ei god mor eller ikkje.

– Men ein studie frå likestillingssenteret i 2019 slår òg fast at tradisjonelle kjønnsroller får vere med og avgjere kva hjelpemiddel ein skal få. Funksjonshemma menn får i større grad hjelpemiddel til bruk for å delta aktivt i samfunnet, medan kvinner får hjelpemiddel til bruk i heimen.

– Økonomiske ytingar ber òg preg av ein kjønna, diskriminerande tenkjemåte. Alt handlar om det grunnleggjande diskriminerande kvinnesynet. Difor høyrer funksjonshemma kvinner sin kamp med i kvinnekampen.

Les om å vere mor på lik line med BPA (lenke)

Majoritetskvinne

Berit vegheim tek fram ordet majoritetskvinne i ordstraumen som følgjer. Ho pratar fort, men klinkande klårt. Kvinner har ikkje noko «antidiskrimineringsgen», meiner ho. Dei er ikkje fritekne for fordommar og diskriminering mot andre grupper.

– Tek ikkje majoritetskvinnene, som du kallar dei, med funksjonshemma i kvinnekampen?

– Det særskilde med kvinnekampen er at kvinner tradisjonelt har vore undertrykt i ei rolle som omsorgspersonar. Kampen har vore å frigjere seg frå denne tradisjonelle rolla, seier Vegheim.

Ho meiner det handlar om fordommar.

– Funksjonshemma kvinner representerer på mange måtar ein trugsel mot kvinnefrigjeringsprosjektet. Ein trur at funksjonshemma kvinner berre er opptekne av helse og krav om pleie og omsorg. Kvinner vil frigjere seg frå å bli sett på som sjuke og svake og mindre intelligente. Men så vil ein ikkje sjå at funksjonshemma kvinner har nett det same behovet for frigjering.

– Men ein kan jo vere både kvinne og skeiv og funksjonshemma og ein etnisk minoritet, på ein gong.

– Vi vinn ikkje kampen mot undertrykking viss vi deler oss opp i ulike deler. Funksjonshemma er ikkje ein naturleg del av kvinnerørsla eller LHBT-kampen. Kvinnerørsla fekk óg kritikk for å ikkje ta med etniske minoritetskvinner. Ein må sjå det under eitt.

Berit Vegheim går mot kamera langs scenen på Independent Living-festivalen 2016. Ho ser bestemt ut og har på seg raud T-skjorte med "Stolt, sterk, synlig" på brystet, gult skjerf og blå olabukse. Langs scenekanten er det lilla og rosa blomar.
– Når du veks opp som ein som skil seg ut, går du rundt som eit slags levande haldningsbarometer. Du får alle haldningene folk sit med rett i fleisen, seier Vegheim. Her fotografert på Independent Living-festivalen i 2016.

Strauk på kvinneidealprøven

– Men kva var det som gjorde at du vart interessert i kvinnesak?

– Eg engasjerte meg i kvinnepolitikk på 80-talet. Synshemma kvinneaktivist Else Momrak Haugann, som eg kjende, hadde skrive eit essay om at funksjonshemma kvinner ikkje høyrde til kvinnerørsla, og kvifor det var slik. Artikkelen vekte meg. Jøss, tenkte eg, dette er jo heilt rett.

Ho vart forsøkt verva til Kvinnefrontgruppa på juss og skreiv eit langt innlegg i Kvinnejournalen, bladet til kvinnefronten.

– Innlegget heitte noko slikt som «Jeg strøk til kvinneidealprøven», og var meint som ein test på om eg burde verte med i organisasjonen.

Vegheim fekk god respons på innlegget, og melde seg inn. Der vart ho aktiv både lokalt og sentralt. I 1992 vart ho valt inn i leiinga. Ho har site i FFO sitt nettverk for funksjonshemma kvinner og har halde kvinnepolitiske kurs for funksjonshemma kvinner.

Eit vandrande haldningsbarometer

Berit Vegheim var fødd i 1959, og vaks opp vaks opp i 60- og 70-åra, då kvinnekampen vekste seg stor i Europa. Då ho ville byrje å studere, ville ho bli psykolog.

– Men du vart kriminolog. Og så enda du med å jobbe med diskriminering?

– Når du veks opp som ein som skil seg ut, går du rundt som eit slags levande haldningsbarometer. Du får alle haldningene folk sit med rett i fleisen.

Men Vegheim forstod ikkje at det var diskriminering før ho kom på universitetet og ikkje kunne velje utdanning sjølv.

– Mitt trygdekontor meinte at synshemma ikkje kunne studere psykologi.

Ho kunne ta lån i lånekassen, men fordi ho var funksjonshemma ville ho bruke lenger tid. Det ville føre til meir lån.

– Trygdekontoret ville helst at eg skulle bli sosionom, for det visste dei at nokon andre synshemma hadde blitt.

Så gjekk Vegheim lei av psykologstudiet og vart tipsa om kriminologi.

– Dei heldt til for seg sjølv i Professorbustaden i Universitetshagen i Sentrum (Universitetet i Oslo, red.anm). Det var mykje lettare for ein som var synshemma å verte kjend med folk der. Eg vart frelst av miljøet og faget.

– Vi må utfordre kvinnerørsla

Dette meiner Berit Vegheim ein kan gjere for å betre vilkåra til funksjonshemma kvinner i dag:

  • Erkjenne på alle plan i samfunnet, at funksjonshemma har kjønn og kjønnsbetinga interesser.
  • Inkludere funksjonshemma kvinner i likelønnskamp og kamp for representasjon og mangfald på line med andre minoritetskvinner.
  • Endre straffelova. Slik at særskilt strafferettsleg vern ikkje fører til nedkriminalisering av lovbrot mot funksjonshemma kvinner.
  • Sørgje for at kjønns- og kvinneforsking inkluderer perspektiv og diskriminering av funksjonshemma kvinner på lik line med andre minoritetskvinner.

– Vi må tore å kritisere og utfordre kvinnerørsla slik etniske minoritetskvinner har gjort, og slik lesbiske kvinner gjorde før dei. Vi kan ikkje vente drahjelp. Difor meiner eg at funksjonshemma kvinner sjølv må ta utfordringa. Vi må overbevise majoritetskvinnene om at dersom kvinnekampen skal lukkast, må han ta opp i seg alle minoritetsperspektiva.