– Du er heldig om du får date ein funkis!

Ingrid Thunem er nysingel og trivst med det. Men då ho traff eksen, fall ho for henne på første date. Bokstaveleg tala.

OBS! Saken er fra 14. februar 2022!

– Eg har ikkje noko særleg kjernemuskulatur, og då eg skulle møte eksen var eg så lur at eg ikkje skulle ha med assistent. Det førte til ein faceplant rett av benken, seier Ingrid Thunem i andre enden av telefonen, og ler.

Thunem, som omtalar seg sjølv som skeiv, funkis- og seksualitetsaktivist og jobbar som spesialrådgjevar i Medvind assistanse, sit heime i Tromsø. Ein kan høyre assistentane hennar småprate i bakgrunnen, og i skrivande stund er det ikkje valentinsdag heilt enno. Thunem fortel at ho er på Tinder igjen, etter eit seks år langt forhold.

– Eg møtte eksen min på Tinder, men då hadde eg ikkje bilete av meg sjølv i rullestol. Så for å forklare det, tok eg bilete av låra mine, med teksten: «Liker du kyllinglår?», seier dei og ler litt.

80 match på ei veke

No har den tidlegare para-landslagssymjaren  reaktivert profilen og oppdatert med ny tekst. På ei veke har dei fått nesten 80 matchar på ei veke.

– Eg skriv at eg rullar gjennom livet utan problem, og at eg ikkje er elefant sjølv om eg har snabel, seier ho og viser til respiratorslangen ho har på hovudet.

– Kva tips har du til funkisar som ønskjer å finne kjærleiken?

– Å vere open og ærleg om både situasjonen din og livet elles. Og hugse på at du kan finne nokon kvar som helst, anten det er på butikken, eller på eit politisk arrangement.

Ho trur òg det er lett for funkisar å tru at ingen vil ha ein.

– Ofte er det lett å tru at det er funksjonsnedsetjinga som er grunnen, men så kan det rett og slett vere at ein har dårleg musikksmak.

Dei beste kjærastane

Ein er heldig dersom ein får date ein funksjonshemma, meiner Thunem.

– Vi er vane med å navigere barrierar og finne løysingar. Då kan vi ofte handtere motgang betre òg.

– Meiner du at funksjonshemma er sterkare eller betre enn ikkje-funksjonshemma?

– Funkisar er like ulike som alle andre. Men eg er sikker på at dersom du stiller hundre funkisar og hundre «normisar» ved sidan av kvarandre, vil du finne dei beste kjærastane blant funkisane, seier dei, og legg til med ein liten latter:

– Utan at eg har testa det ut.

– Gå på date med deg sjølv!

Ingrid Thunem jobbar med kjærleik og seksualitet kvar dag.

– Kva råd har du til funkisar på valentinsdagen?

– Viss du ikkje har ein date, gå på date med deg sjølv. Gå heim og onaner litt!

– Ok! Kva tema møter du mest på når det gjeld funksjonshemma, seksualitet og kjærleik?

– Ofte dette med onani og assistanse, og det å sikre gode høve til sjølvstimuli. Korleis ein ivaretek både assistentar og den det gjeld. Mykje går også på dating og sjølvtillit. Men ein normbrytande kropp er like flott og sexy som ein ikkje-funksjonsvariert kropp.

Thunem har starta eit Instagram-prosjekt der dei legg ut bilete av seg sjølv i ulike antrekk for å illustrere nett dette.

– Når ein har gått gjennom eit brot føler ein seg kanskje ikkje så sexy, seier ho

– Send assistenten på døra med blomar!

– Kva kan ein bruke assistenten til på valentinsdagen?

– Når du har assistent kan du i prinsippet vere to stader på ein gong. Lat assistenten din stæsje opp romet ditt medan du sjølv sit i stova og ser på romantisk film med daten. Eller bruk assistenten til å overraske, send dei på døra til daten din med sjokolade eller blomar!

– Siste spørsmål. Kva skal du gjere på valentinsdagen?

– Eg skal faktisk på jobbmiddag, seier Thunem og ler.

Ein smule antiklimaktisk, kanskje. I bakgrunnen summar stemmene til assistentane, tydeleg urolege for om dei har gløymt dagen.
– Det er på måndag, kviskrar Thunem, før ho avsluttar:

– Men kanskje det blir ein forseinka valentinsdag den 15?

Les valentinintervjuet med Morten Marius Skau i 2021 her(lenke)