– Har du først sagt ja til å vere med på date må du kline til og ha det gøy!

[ingress]Dersom BPA kan hjelpe kjærleikslivet ditt er det berre å køyre på, meiner Morten «Rulle» Marius Skau.[/ingress]

– Eg har aldri brukt assistent på date før, seier ei stemme raskt gjennom telefonrøyret.

Morten Marius Skau (31) alias Morten Rulle, bur i Oslo og jobbar som lærar.

– Korleis skal du feire valentinsdagen?

– Eg skal game og drikke pepsi max. Eg gler meg!

Han er òg kjend som vloggar, er aktiv på Instagram og er tilknytt Sunnaas-stiftinga. Der er han med i serien «Klok av skade».

Sjå eit av instagraminnlegga hans under:

Se dette innlegget på Instagram

Et innlegg delt av Morten Marius Skau (@mort1rulle)

Skogstur til ulempe

– Kan du fortelje om ein date du har vore på som anten var fin eller som ikkje gjekk så bra?

– Eg hugsar eg og ei eg var saman med skulle på skogstur til Grefsenkollen ein sommar. Vi skulle sove i hengekøye. Planen var at ho skulle bere meg til bålplassen, seier Skau.

Han fortel at terrenget mot den populære turplassen i Oslo etterkvart viste seg å vere vanskeleg.

– Vi kom eit lite stykke unna der vi parkerte, og då klarte ho ikkje å bere meg lenger. Så vi bestemte oss for å setje opp hengekøya der, seier Skau lattermildt.

Då natta kom oppdaga dei to i hengekøya at dei òg hadde gløymt myggsprayen. Oppetne av mygg måtte dei dermed avbryte klokka tre om natta, ifølgje vloggaren.

– Har du nokon gong nytta assistenten din til kjærleiksformål?

– Nei, det trur eg ikkje. Eg har vore på spontantur til Liseberg utan assistanse, og det gjekk fint for meg. Men har ein lite rørsle, kan ein jo nytte assistent. På Tusenfryd ville eg nok nytta assistent, seier han.

Rullestolen som isbrytar

– Tykkjer du at ein skal kunne nytte BPA til å gå på date?

– Ja. Dersom det kan hjelpe kjærleikslivet ditt tenkjer eg at det berre er å køyre på. Så lenge assistenten er komfortabel med det kan ein nytte assistanse i alle samanhengar. Kanskje kunne assistenten hjelpt til å lage mat før ein date.

Skau blei singel rett før årsskiftet, fortel han. Den siste tida har Tinder vore måten å bli kjend med potensielle å gå på date med.

– Eg nyttar mykje humor. Eg postar tullebilete av rullestolen min, nyttar han som isbrytar. Eg trur det gjer at eg skil meg ut. Eg får nesten fleire matchar på Tinder på grunn av det, seier Skau og ler.

Men Tinder-datinga har ikkje gått berre bra.

– Eg fekk ein såkalla booty call ein kveld, av ei eg hadde matcha med og snakka litt med på Tinder.

Skau knaska ein viagra, fortel han, og hoppa i ein taxi. Men då han kom fram fekk han ikkje noko svar av ho som hadde bede han dit.

– Så då sat eg jo der. Det var mislykka.

Singel på TV

Sjølv om han er nysingel, er han ikkje ny på datingmarknaden. I 2018 var han nemleg med på dokumentarprogrammet «Singel» på TV 2. Han ønskte å vise fram at å date som funksjonshemma ikkje er noko annleis enn å date utan å vere funksjonshemma.

– Føler du at du fekk vist fram det?

– Ja, det vil eg seie.

– Kva er ditt beste råd til funksjonshemma som ønskjer å prøve seg i kjærleiken?

– Viss du er usikker på funksjonsnedsetjinga di, by heller på deg sjølv. Om du sit i rullestol til dømes, er det ikkje noko å tenkje på. Dei du går på date med har alt gjort seg opp tankar om det. Har du sagt ja til å vere med på date må du kline til og ha det gøy!

 

Pssst!
I år vil vi gjerne feire valentinsdagen i lag med dykk! Då vil vi gjere stas på forelska funkisar. For å vere med vil vi at du:

1, Legg ut di finaste valentines- eller kjærleikshistorie på instagram under emneknaggen #Ulobalove. Klippet kan vere på opptil eitt minutt.

2, Sjekkar innboksen din. Vi trekkjer ein vinnar som får hjartekonfekt i posten. Dersom du vinn, sender vi deg ei direktemelding!