BPA sparer kommunane for milliardar

Borgarstyrt personleg assistanse (BPA) er vesentleg billegare enn andre tenester funksjonshemma har rett på. Det viser ein ny samfunnsøkonomisk analyse.

Vibeke Marøy Melstrøm, Tove Linnea Brandvik, Roar Høidal, Terje André Olsen og Ingeborg Rasmussen
Foto: Sarah Naomi Lunner

Å finne eit verkemiddel som er så treffsikkert som BPA er, er ikkje vanleg, seier samfunnsøkonom Ingeborg Rasmussen i Vista analyse.

Rasmussen er samfunnsøkonom og partnar i analyse-selskapet Vista Analyse. 19. august presenterte ho ein heilt ny rapport som viser samfunnsnytten av brukarstyrt personleg assistanse, BPA, på Independent Living-huset i Drammen.

Å finne eit verkemiddel som er så treffsikkert som BPA er, er ikkje vanleg.

Funna i rapporten er tydelege:
– Vår rapport viser at kommunane sparar 1,8 milliardar kroner (eit nedre estimat, red.anm) når dei gjev BPA i staden for andre lovpålagte tenester funksjonshemma har rett på. I tillegg viser analysen store samfunnsgevinstar, seier samfunnsøkonomen.

BPA gjer at fleire funksjonshemma kan ta utdanning, delta i arbeidslivet og bidra i samfunnet.

– Det er ikkje mogleg å prissetje alt, men verdien av fleire i arbeid kan gje betydelege gevinstar, ifølgje Vista Analyse.

Gevinstane er ifølgje rapporten utrekna til over 6 milliardar kroner i ein tiårsperiode. Les rapporten på denne sida.

Ny rapport stadfester gamle funn

Vibeke Marøy Melstrøm, Tove Linnea Brandvik, Roar Høidal, ogTerje André Olsen.
Foto: Sarah Naomi Lunner

– Det er ingen overraskingar i denne rapporten. Resultata er openberre for oss, og dette har vore dokumentert gong på gong gjennom mange år, seier spesialrådgjevar og tidlegare generalsekretær Vibeke Marøy Melstrøm frå Uloba.

Melstrøm, saman med Tove Linnea Brandvik frå Norges Handikapforbund, kommenterte rapporten etter at samfunnsøkonom Ingeborg Rasmussen hadde lagt han fram. Dei to førstnemnde stilde opp på vegner av samarbeidet BPA-koalisjonen.

BPA-koalisjonen

  •  BPA-koalisjonen består av representantar for Noregs største interesse- og ideelle organisasjonar for funksjonshemma: Norges Handikapforbund, Norsk forbund for utviklingshemmede, Funksjonshemmedes fellesorganisasjon, JAG assistanse, Samarbeidsforum av funksjonshemmedes organisasjoner, Norges Blindeforbund, Unge funksjonshemmede og Uloba.
  • Samarbeidet blei danna undervegs i BPA-utvalet sitt arbeid med NOU 2021:11.
  • Koalisjonen står bak bestillinga av analysen som Vista Analyse har gjennomført.

Også samfunnsøkonomen påpeiker at det som kjem fram i analysen, ikkje er heilt nytt:

– Vi finn det same som andre faglege utgreiingar alt har funne. I tillegg til at BPA er kostnadseffektivt, sparar ordninga ressursar, gjer det mogleg å styre eige liv og delta i samfunnet. BPA bidreg òg til å få fleire i arbeid, førebyggje bruk av tvang og makt, og det er eit verkemiddel for likestilling og samfunnsdeltaking som fungerer etter intensjonen, seier Ingeborg Rasmussen.

Rettare sagt: BPA fungerer etter intensjonen når alle som har rett på assistanse, får det. Dersom BPA-ordninga blir utvida til å gjelde fleire, blir flytta ut av helse- og omsorgslovverket og opp til statleg forvalting, vil BPA fungere etter intensjonen.

Skilnaden på dei tidlegare undersøkingane og denne samfunnsøkonomiske analysen, er at Vista-analysen oppfyller krava til Finansdepartementet til korleis ein skal gjennomføre slike analysar.

BPA veltar ikkje kommuneøkonomien

– Å påstå at BPA til 4000 innbyggjarar veltar kommuneøkonomien framstår svært rart. Gruppa gjeld 0,16 prosent av folket, seier Rasmussen.  

Men norske kommunar har lenge klaga over at utgiftene til BPA veltar kommune-økonomien. Seinast under Arendalsuka 2025 argumenterte tidlegare stortingspolitikar og statsforvaltar Valgerd Svarstad Haugland for at «store, uføreseielege tenester» bør takast over av staten.

– Rapporten fortel det vi veit frå før: Kommunane er ikkje eigna til å forvalte BPA. For at vi skal få assistansen vi har rett på må staten overta, seier spesialrådgiver i Uloba Vibeke Marøy Melstrøm.  

Då BPA vart ein lovfesta rett, forventa ein at 14 500 menneske skulle få leve livet med assistanse. I dag er talet framleis berre litt over 4 000. Gapet handlar ikkje om eit manglande behov, men manglande vilje i kommune-Noreg.

Forstår ikkje BPA

Vibeke Marøy Melstrøm og Tove Linnea Brandvik.
Foto: Sarah Naomi Lunner

– Problemet for kommunane, er at dei ikkje realiserer gevinstane i BPA, eller forstår dei, seier Ingeborg Rasmussen i Vista Analyse.

Ho fastslår at kommunane er for tilbakehaldne når og dersom dei gjev BPA til innbyggjarane sine. Når kommunane gjev heimesjukepleie og andre tradisjonelle helse- og omsorgstenester i staden for BPA, bind dei i røynda opp knappe ressursar.

Spesialrådgjevar i Uloba, Vibeke Marøy Melstrøm, kommenterer:
– Kommunane har ansvar for eit mykje meir avgrensa område enn det ei BPA-ordning skal kunne gjelde. BPA skal gjelde heile livet og alle samfunnsarenaar.

Forbundsleiar i NHF, Tove Linnea Brandvik, heng seg på:

– Vi møter ofte påstanden frå ordførarar og kommunedirektørar, at BPA er for dyrt. Eg ventar at kommune-Noreg tek innover seg det som her er dokumentert, seier ho.

Politisk handlingslamming

Lite har skjedd etter at BPA-utvalet leverte NOU 2021:11. To gonger denne stortingsperioden har eit breidt fleirtal på Stortinget bede regjeringa leggje fram forslag om endringar i ordninga – utan resultat. Og medan nasjonale politikarar somlar, opplev funksjonshemma at menneskerettane tek slutt ved kommunegrensa.

– Kvar dag kommunane saboterer BPA-ordninga, held dei tusenvis av menneske utanfor utdanning, arbeidsliv og fellesskap. Det går ikkje lenger. Nasjonale politikarar må rydde opp, seier Tove Linnea Brandvik i Handikapforbundet.