Camp Freedom 2022

Bur det ein ung aktivist i deg? Er du mellom 18 og 35 år? Vil du møte nye menneske og vere med i ei rørsle av og for funksjonshemma? Og vil du lære om aktivisme og høyre frå kjende funkisaktivistar om korleis du òg kan engasjere deg? Søk om å få veremed på vår eigen førstegongsteneste i aktivisme, no!

Dato
2. des-5. des 16:00 - 14:15
Sted
Quality Hotel River Station
Pris
Gratis
På gul bakgrunn dannar tre utropsteikn eit bål. Over utropsteikna ser du aktivistflammen. Under, i svart skrift, står det «Camp Freedom»

Fristen for å søke er søndag 30. oktober, men vi vurderer søknader fortlaupande.

Tilbod for deg som vil vere med i likestillingskampen

Den 3. desember er FNs internasjonale dag for oss funksjonshemma, og vi i Uloba feirar i år dagen med å arrangere Camp Freedom.

Vi held fram suksessen frå i fjor med å arrangere ei aktivisthelg for unge funkisar mellom 18 og 35 år, fredag 2. til søndag 4. desember. Det som i fjor var ein heildigital leir på grunn av pandemien, blir i år i tillegg halde fysisk.

Vi møtest fysisk

Vi møtest i Drammen, på Ulobas nyoppussa Medlemmanes Hus, og deltakarane som ønskjer å delta fysisk får bu på Scandic Hotel River Station langs Drammenselva, populært kalla «Brunosten». Uloba tilbyr ei helg stappfull av gode, lærerike innlegg og samtalar, og ikkje minst sosial aktivitet. På programmet står mellom anna panelsamtale med nokre av dei mest kjende funkisaktivistane nett no. Det blir innføring i ulike typar aktivisme, korleis ta vare på seg sjølv som aktivist og innføring i det du må vite om menneskerettane våre som funksjonshemma.

Du får knyte nye kontakter, kanskje danne nye vennskap. Du får òg høve til å vere med å overrekkje underskriftene frå BPA-kampanjen vår, «Betre BPA no!», til ein politikar måndag 5. desember.

Les meir om Camp Freedom 2022 her! (lenke)