10 år etter at BPA blei ein lovfesta rett:  – Ein ”gamechanger” for dei som får ha assistanse.

Biletet viser eit talkshow-liknande saloppsett med fire menneske, to skjermar i bakgrunnen, sofabord, golvteppe og lysestakar. Egil Skogseth står, han har blondt hår, skjegg, mørkeblå blazer og kvit skjorte. Ved bordet sit generalsekretær Stig Morten Skjæran i rutete skjorte og brune skinnstøvlar, og styreleiar Lars Ødegård i Kvit skjorte, mørkeblå genser og briller. I hjørnet skimtar ein såvidt samtale- og kampanjeleiar Anneth Nielsen med langt, brunt hår, briller og svart dress.
Foto: Simen Kjelsrud/Uloba

 – Men BPA-politikken Stortinget vedtok har ein innebygd systemfeil, seier seniorrådgjevar analyse og statistikk Egil Gullestad Skogseth i Uloba. 

– Eit vegskilje. Livsendrande. Eg bestemmer. Eg tek ansvar. BPA gjer livet mogleg. 

Seniorrådgjevar for analyse og statistikk, Egil Skogseth, starta Skansgårdforelesningen 2025 med å lese opp sitat frå arbeidsleiarar som i dag lever eit fritt liv med BPA. Sitata var henta frå Tilstandskartleggingen 2025, den ferske, offisielle temperaturmålinga på tilstanden for funksjonshemma med assistansebehov i Noreg. Men å oppnå denne fridomen med BPA, kan koste dyrt.  

– Eg fekk mitt første BPA-vedtak etter fire år med søkeprosessar. Det har ført til helseproblem eg framleis har. Livet vart heilt annleis og mykje betre med BPA.

– Eg fekk mitt første BPA-vedtak etter fire år med søkeprosessar. Det har ført til helseproblem eg framleis har. Livet vart heilt annleis og mykje betre med BPA, seier ein annan arbeidsleiar. 

Skansgårdforelesningen 2025 var organisert som eit timelangt digitalt seminar med nokre titals publikumarar i salen på Independent Living-huset i Drammen 17. oktober. 209 følgde med digitalt.  

Kommunanestrategi mot BPA 

Egil Skogseth er seniorrådgjevar analyse og statistikk. Han har bøyelmikrofon, mørkeblå blazer, kvit skjorte og mellomblondt hår og skjegg.
– Skal eg tillate meg å vere litt meir direkte enn helsebyråkratane, vil eg seie at BPA-politikken Stortinget vedtok i 2015 har ein innebygd systemfeil, sa Egil Skogseth. Foto: Simen Kjelsrud/Uloba.

1. Januar 2025 talde ti år med BPA som ein lovfesta rett i Noreg. Ein såkalla «gamechanger» for funksjonshemma med assistansebehov. Eit likestillingsverktøy. Men får alle som har behov for BPA i dag, eit høve til å leve likestilt på eigne premiss? 

Ein svært stor del av funksjonshemma som har svara på tilstandskartleggingane i 2020-2025 fortel at kommunen har forsøkt å unngå å late dei styre livet med BPA. Kommunane nyttar då desse strategiane: 

  • Kontaktar sjeldan funksjonshemma for å informere om BPA. 
  • Møter ikkje BPA-søkarar som innbyggjarar som treng å bli likestilt i lokalsamfunnet. 
  • Forsøker å overtyde BPA-søkarar om at dei heller skal ha helse- og omsorgstenester. 
  • Avslår svært mange BPA-søknader. 

Systemfeil 

Tilstandskartleggingane viser dessutan at BPA-rasjonering bidreg til dårlege levekår, utanforskap og sosial isolasjon. Den tvitydige BPA-lovgjevinga bidreg slik til at mange funksjonshemma mister tilliten til kommunen dei bur i. 

– Skal eg tillate meg å vere litt meir direkte enn helsebyråkratane, vil eg seie at BPA-politikken Stortinget vedtok i 2015 har ein innebygd systemfeil. Intensjonen med ordninga er at kommunane skal forvalte ei BPA-ordning som gjev sjølvråderett, likestilling og høve til å delta i samfunnet. På same tid skal kommunane kontrollere arbeidsleiarane og løyve så få timar at likestilling og deltakig blir umogleg, sa Egil Skogseth.  

Nytt regjeringsoppnemnt BPA-utval 

Nyleg har regjeringa sett ned eit nytt BPA-utval som mellom anna skal undersøke kva BPA kostar kommunane, kva positive nytteeffekter BPA kan skape for samfunnet, og dei skal vurdere om og eventuelt korleis ordninga skal forankrast i eit eige lovverk. Dette skjer fire år etter at det første BPA-utvalet la fram NOU 2021:11 Selvstyrt er velstyrt. Dei fire i dette utvalet som representerte funksjonshemma, la fram ein dissens til NOU-en, som inneheldt eit framlegg til ei eiga lov om BPA.  Òg i NOU 2023:13 På høy tid, er ei statleg BPA-ordning på lista over tiltak. Men etter ein heil regjeringsperiode og fleire krav om ei stortingsmelding om BPA, ønskjer regjeringa no meir informasjon.

Generalsekretær Stig Morten Skjæran har glattbarbert hovud, skjegg og rutete skjorte.
Foto: Simen Kjelsrud/Uloba

– Kvifor går det så seint? Trur dei eigentleg at vi kan ta ansvaret for vårt eige liv? Eg opplev nok ikkje at viljen til å gje oss sjansen til å vise dei det, er så stor, sa generalsekretær Stig Morten Skjæran. 

Han nemnde at det er funksjonshemma sjølv som har skapt og sørgja for at BPA-ordninga eksisterer. Uloba blei stifta på denne datoen, 17. oktober, i 1991. Det var òg starten på BPA-ordninga.

– Vi har skapt denne livsendringa som Egil Skogseth snakka om. Eg trur ikkje ein tenkte for 34 år sidan, at ein skulle klare å endre det politiske landskapet så mykje som vi har fått til. 

Etter at Skogseth hadde lagt fram tilstanden for funksjonshemma med assistansebehov i Noreg, baud dei to nye toppleiarane for Uloba, generalsekretær Stig Morten Skjæran og styreleiar Lars Ødegård på sofasamtale. For kvar står vi eigentleg, ti år etter lovfestinga av retten til BPA? Og kvifor er det tilsynelatande så vanskeleg å forstå at BPA er kostnadseffektivt og fornuftig? Kampanjeleiar Anneth Nielsen leia samtalen. 

Kunnskapsmangel, eller mangel på vilje? 

– Dette nye ekspertutvalet. Gjev det grunn til optimisme? Spurde kampanjeleiar Anneth Nielsen.  
– Når det offentlege seier at «vi treng mei kunnskap», tenkjer eg at det er greitt. Men eg må seie at her ligg det alt mykje kunnskap på bordet. Eg ønskjer utvalet velkomen, men eg lurer på om det er kunnskap som manglar, eller om det er vilje, sa styreleiar Lars Ødegård.  

Han nemnde så den samfunnsøkonomiske analysen som Vista analyse har utført på oppdrag frå BPA-koalisjonen.  

– BPA er betre, billegare og meir berekraftig enn alternative kommunale tenester. Staten kan spare to milliardar i året. Det er god butikk for samfunnet.  

– Uakseptabelt å gjere funksjonshemma til syndebukk

– Kva gjer at det er så vanskeleg å forstå, anerkjenne og etterleve at BPA faktisk er fornuftig? Spurde kampanjeleiar Anneth Nielsen. 

Tre menneske, styreleiar Lars Ødegård, generalsekretær Stig Morten Skjæran og kampanjeleiar Anneth Nielsen i Uloba sit rundt fire små bord med kafikoppar, vassglas og bunkar med rapportar.
– Ikkje å satse på BPA, er feil, meiner styreleiar i Uloba, Lars Ødegård. Foto: Simen Kjelsrud/Uloba

Ho peika særskilt debatten om “yngrebølgja” hausten i 2024. Gjennom eit oppslag i NRK fekk funksjonshemma, såkalla ressurskrevjande brukarar, i Noreg skulda for den økonomiske krisa mange kommunar står i. KS, kommunane sitt sentralforbund, stod bak kritikken.  

– Eg trur det har med å gjere at vi ikkje er representert der makta sit. Men BPA gjer at vi kan engasjere oss, både i lokalsamfunnet og oppover. Vi har fått dokumentert at BPA er kostnadsseffektivt gong på gong. Likevel klarer ein å vri det til at BPA vil bli knekke kommuneøkonomien, sa Skjæran. 

Ødegård stemde i: 

– Det er uakseptabelt å gjere funksjonshemma til syndebukk. KS har openbert ikkje fått med seg intensjonen bak ordninga. Meiner dei at vi har fått meir enn nok av likestillinga vi skulle få når all dokumentasjon viser at avstanden mellom intensjonen med ordninga, og røynda, er så stor? Spurde han retorisk, før han vende auga inn i kamera. 

Meiner KS at vi har fått meir enn nok likestilling når all dokumentasjon viser at avstanden mellom intensjonen med BPA-ordninga, og røynda, er så stor?

Blikket mot regjeringa

– Jonas Gahr Støre og Jens Stoltenberg, de ser heilt sikkert på no. De må sørgje for at det blir løyvd pengar nok til å gjere BPA til likestillingsverktøyet det var meint som, sa styreleiar Lars Ødegård, til smålatter og heia-rop frå salen.   

– Det er feil å ikkje satse på BPA.