Stopp diskrimineringen fyller 20 år!

Berit Vegheim i Stolthetsparaden i 2016. Det året fikk Stopp diskrimineringen Stolthetsprisen. Hun har langt brunt hår, solbriller og en rød t-skjorte med teksten "Stolt, sterk, synlig!".
Bente Vegheim i Stolthetsparaden 2016.

20 år etter skipinga har stiftinga fleire store sigrar under beltet.
– Eg ønskjer dei minst 20 år til, seier generalsekretær Vibeke Marøy Melstrøm i Uloba.

Då borgarrettsstiftinga Stopp diskrimineringen var skipa i 2002, var det med eit håp om at funksjonshemma sjølv skulle ha handa på rattet når det skulle lagast ny diskrimineringslovgjeving. 

– Rettsvernet for funksjonshemma i Likestillings- og diskrimineringslova er ein siger i kampen for likestilling og mot diskriminering. Det er òg eit resultat av langvarig og solid samarbeid mellom funksjonshemma sine organisasjonar, seier Berit Vegheim.

Vegheim har vore dagleg leiar sidan organisasjonen vart skipa. Og det var rettsvern som var hovudformålet med organisasjonen, at diskriminering på grunn av funksjonsnedsetjing skal vere eit lovbrot og straffbart, slik som for andre diskriminerte grupper. 

Framleis er Stopp diskrimineringen den einaste stiftinga som eksklusivt jobbar politisk for antidiskriminering av funksjonshemma i Noreg. 

Berit Vegheim sitter ved et bord sammen med fire andre. Hun har langt brunt hår, blå øyne, svart jakke og lilla skjerf. Hun er tydelig engasjert i samtalen rundt bordet. På bordet ser vi kaffekopper og datamaskiner.
Berit Vegheim på FN-møte med sivilsamfunnet i Geneve i 2018

Vaktbikkje

Generalsekretær Vibeke Marøy Melstrøm i Uloba seier stiftinga har markert seg som ein samfunnsaktør. 

– Stiftinga var eit initiativ frå Uloba, og vi gjorde eit godt grep. Det er ingen tvil om den faglege tyngda og kompetansen Berit og Stopp diskrimineringen sit med, seier ho. 

Ho meiner stiftinga er av dei som har aller størst og tyngst kompetanse på CRPD, menneskerettskonvensjonen for funksjonshemma, i Noreg. Dei hadde òg ei sentral rolle, både i skuggerapporteringa til FN, og under høyringa i 2019. Då fekk Noreg skarp kritikk for korleis rettane i konvensjonen blir praktisert.
– Stopp diskrimineringen er vaktbikkjer. Eg ønskjer dei minst 20 år til!, seier Melstrøm.

Vernet om rettane

Sidan skipinga har Stopp diskrimineringen mange milepålar bak seg. Ratifiseringa av menneskerettskonvensjonen for menneske med nedsett funksjonsevne i 2013 er éin, det rettslege vernet mot hatkriminalitet i straffelova, ein annan. 

Er oppdraget til Stopp diskrimineringen det same no som då organisasjonen var skipa?

– Nei. Rettsvern er ein føresetnad, men skal det bli effektivt, må ein gjere eit enormt arbeid med å heve kompetansen til dei som skal identifisere lovbrot og handheve lovene. 

Då må ein òg skape erkjenning hos dei om diskrimineringa som skjer, forklarer Vegheim. 

Kva har endra seg?

– Vi står ein annan stad i kampen, mellom anna fordi vi har CRPD å vise til i dag, seier ho. 

Lærer opp funksjonshemma sjølv

Ettersom det no eksisterer eit lovverk som formelt sidestiller funksjonshemma med andre utsette grupper, jobbar stiftinga òg med å få folk til å ta i bruk lovverket. Dei lærer opp både funksjonshemma sjølv – dei som skal ha rettane som er festa i lovverket – óg dei som har plikt til å oppfylle rettane. Det same gjeld CRPD, fortel Vegheim, Noreg treng opplæring i å respektere og følgje menneskerettskonvensjonen. 

– Klagesaker og formidling tek mykje tid. Og vi jobbar heile tida med å styrke både lovverket og handhevinga av det, seier ho.

Hjartebarn

Bente Skansgård og Berit Vegheim gjekk til verks med eit høgt ambisjonsnivå i den nye borgarrettsstiftinga Stopp diskrimineringen i 2002. Under 30-årsjubileet til Uloba i 2021, omtala Berit Vegheim Stopp diskrimineringen som Bente Skansgård sitt hjartebarn. Dei to engasjerte seg i lovarbeid, arrangerte seminar, og Skansgård ville ha dei ut på vegen for å samle underskrifter til ei ny, norsk antidiskrimineringslov.

Det var òg Stopp diskrimineringen som starta Menneskerettsalliansen, ein allianse for menneskerettar på tvers av diskrimineringsgrunnlag. Organisasjonen var aktiv frå 2004 til 2019. 

Berit Vegheim sitter i et panel sammen med tre andre. Anette Trettebergstuen (Ap) og Bente Mathisen (H) sitter også ved bordet
Berit Vegheim i debatt på Arendalsuka 2018.

Kampen for vern mot hatkriminalitet

Det er framleis ikkje mange som tek innover seg at funksjonshemma er utsett for hatkriminalitet på same måte som andre diskrimineringsgrunnlag. Ifølge velferdsforskingsinstituttet Nova, opplever dobbelt så mange funksjonshemma hatkriminalitet som ikkje-funksjonshemma (lenke: https://www.handikapnytt.no/sa-mange-funksjonshemmede-opplever-hatkriminalitet/), og mørketala er truleg store. Berit Vegheim fortel at Stopp diskrimineringen i starten sto heilt åleine i kampen for at funksjonshemma òg skulle vernast i straffelova, mot hatkriminalitet. – Utan dokumentasjonen og spisskompetansen vår på dette feltet, ville ikkje funksjonshemma fått rettsleg vern i straffelova i 2013. Kompetansenivået om såkalla DHC, eller Disability Hate Crime, ville ikkje eksistert utan oss, seier ho. 

 Noreg må respektere rettane til alle borgarar

 Kva er den største utmaninga nett no?

– Å få Noreg til å slutte å tillate grove overgrep og inngrep i livet til borgarane sine og grunngje det med funksjonsnedsetjing. Noreg må avskaffe all lovgjeving som tillét umyndiggjering og tvang, seier Vegheim. 

Berit Vegheim på scenen under Stolthetsparaden 2016. Her mottar hun Stolthetsprisen for Stopp Diskrimineringen. Hun snakker i en mikrofon, har langt brunt hår, solbriller og en rød t-skjorte med teksten "Stolt, sterk, synlig!".
Berit på scenen under Stolthetsparaden i 2016. Her mottar hun Stolthetsprisen for Stopp Diskrimineringen.

Og ho er ikkje nådig. 

– Det handlar om den absolutte testen på om landet Noreg faktisk respekterer menneskerettane til alle borgarar. Fridom og likskap er dei mest grunnleggjande menneskerettane. Det handlar om det same i land som framleis umyndiggjer kvinner. 

Framleis vert det at funksjonshemma ikkje får delta i samfunnet og ikkje synast i folkerekkene – at ein vert utsett for statlege inngrep og overgrep – forsvart og forklart med feil, avvik og manglar ved individet sjølv, meiner Vegheim. 

Neste generasjon

I jubileumsåret har Stopp diskrimineringen òg fått nye krefter inn. Ihra Lill Scharning kom frå fulltidsjobb som BPA-rådgjevar i Uloba i November, og jobbar no 60 prosent i Stopp diskrimineringen.

– Det er mykje å lære. Eg skjønar kor lenge og kor mykje Stopp diskrimineringen har jobba for verkeleg å endre strukturane i samfunnet. At det faktisk kan skje om ein ikkje gjev opp, seier Scharning. 

Ho er glad og audmjuk over tilliten, og påpeiker òg særstillinga Stopp diskrimineringen har i arbeidet med antidiskriminering av funksjonshemma.

– Det er unikt og må bringast vidare til neste generasjon, seier ho. 

Ihra Lill Scharning i Stolthetsparaden 2022. Hun har på seg en knallrosa kjole med teksten "Stolt, sterk, synlig!" påsydd. Hun har halvlangt brunt hår og briller.
Ihra Lill Scharning i Stolthetsparaden 2022.

Dei neste 20 

 Korleis ser Stopp diskrimineringen på dei neste 20 åra?

– Framleis knallhard kamp for at Noregs største minoritet skal oppnå same status som majoriteten, altså alle ikkje-funksjonshemma, og som andre minoritetar i Noreg, seier Berit Vegheim.  

Ho minner om at sjølv om Noreg har fått diskrimineringslovgjeving, betyr det ikkje at tankegodset og haldningane til majoriteten er endra. 

– Sigrane er eit resultat av kamp, og vi må halde fram med å kjempe for eit paradigmeskifte i synet på funksjonshemma, seier ho.  

Lese meir om Stopp diskrimineringen? Besøk sida deira her.
Les innlegget «Hatet mot funksjonshemmede», frå 2020, av Stopp diskrimineringen og to andre organisasjonar om hatkriminalitet mot funksjonshemma her.