Slik bryt Noreg med FN-konvensjonen for funksjonshemma

[ingress]– Vi kunne laga ein hel serie berre om Noreg sine brot på CRPD. Så då må vi gjere eit skjønsamt utval, seier Berit Vegheim i Stopp Diskrimineringen. Lytt til den nyaste episoden av podkasten Selvsagt no. [/ingress]

Dagleg leiar Berit Vegheim i stiftinga Stopp Diskrimineringen, Kristin Torske og Helge Olav Haneseth Ramstad greiar ut om korleis Noreg tolkar og følgjer opp FN-konvensjonen for funksjonshemma sine rettar, i tredje episode av Selvsagt.

Transkripsjonen av episode 3 av CRPD-skolen, finn du her(lenke).

– Forferdeleg språk

– Noreg har kome alt for kort i gjennomføringa av det såkalla paradigmeskiftet i synet på funksjonshemma, meinte FN i ei høyring om korleis Noreg følgjer opp FN-konvensjonen for funksjonshemma, i 2019. Robert Martin frå New Zealand, medlem av CRPD-komiteen, reagerte òg på språket Noreg brukte om funksjonshemma.

– Eg lid ikkje av den kognitive funksjonsnedsetjinga mi, og det gjer heller ikkje venene mine. Dette er forferdeleg språk, sa han.

Paradigmeskiftet som FN snakka om, handlar om å ta avstand frå det medisinske perspektivet der problemet ligg hjå deg og meg som er funksjonshemma sjølv, fordi vi har ei funksjonsnedsetjing, til det menneskerettslege perspektivet. Dette perspektivet slår fast at alle har krav på og rett til å få oppfylt dei same universelle menneskerettane, uansett korleis biologien vår er.

Tolkingserklæringar

Men visste du at Noreg, fordi vi erkjenner at norsk lov strir mot nokre av artiklane i CRPD, har gjort si eiga tolking slik at dei skal passe med dagens norske lovverk?

Tre av artiklane, artikkel 12, 14 og 25, inneber at ein ikkje skal kunne bruke funksjonsnedsetjinga eit menneske har som grunn til å ta frå dei rettsleg handleevne, eller å underleggje dei tvang, eller tvinga helsehjelp.

Men myndigheitene meiner at det kan vere naudsynt å kunne bruke tvang, til dømes i psykiatrien og når det gjeld menneske med utviklingshemming, og at det kan vere naudsynt å setje menneske under vergemål. Difor har Noreg sendt inn ei eiga tolkning av desse artiklane, og kan slik halde fram med denne praksisen.

Visste du òg at Noreg aldri tidlegare har levert tolkingserklæringar til ein menneskerettskonvensjon?

Det snakkar vi om i den nyaste episoden av Selvsagt, CRPD-skolen, episode 3(lenke).

Medverkande i tredje episode av CRPD-skolen:
Kristin Torske, Helge Olav Haneseth Ramstad, Berit Vegheim, Hans Hjellemo, Mone Celin Skrede.

Her finner du alle Selvsagt-episodene.

Klikk her for å abonnere på podkasten Selvsagt.

Høyr faktiske døme på at Noreg bryt med CRPD

Episoden tek òg føre seg faktiske døme på fleire av Noreg sine brot på FN-konvensjonen. Til dømes nemner vi Karl-saka som du kan få vite meir om her(lenke). Vi nemner òg Bergljot Gjelsvik frå Brennpunktdokumentaren “Fallet” frå 2019. Denne saka kan du lese meir om her(lenke) og her(lenke). Vi snakkar mest om brot på desse artiklene:

  • Artikkel 19, om retten til å leve eit sjølvstendig liv.
  • Artikkel 17, om retten til integritet.
  • Artikkel 29, om retten til deltaking i det politiske og offentlege livet.
  • Artikkel 22, om retten til privatliv.
  • Artikkel 12, om likskap for lova.
  • Artikkel 14, om fridom frå makt og overgrep frå staten.
  • Artikkel 13, om retten du har til ein rettvis rettargang.

Du kan lese heile FN-konvensjonen i norsk oversetjing her (ekstern lenke).

I denne episoden nemner vi eit argumentnotat som Stopp Diskrimineringen har laga. Dokumentet ettergår argumenta som norske politikarar har nytta for å forsvare at Noreg ikkje skal ta CRPD inn i menneskerettslova. Du kan lese det her(lenke) 

Du kan òg lære meir om FN-konvensjonen for funksjonshemma ved å lytte til dei neste episodane av Selvsagt. Klikk på «følg» eller «abonner» i podkastspelaren for å halde deg oppdatert om nye episodar. Dette er sommarens siste episode av Selvsagt, men vi er attende i august. Høyrast då!