Møtet med kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen er utsett

[ingress]Departementet vil kome med ny dato[/ingress]

Tysdag 7. desember skulle Uloba og representantar frå Funksjonshemmedes fellesorganisasjon, samarbeidsforumet av funksjonshemma sine organisasjonar, stiftinga Stopp diskrimineringen og Amnesty møte kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen. Vi skulle overlevere nesten 30.000 underskrifter frå organisasjonar, politiske parti og enkeltpersonar for å ta FN-konvensjonen for funksjonshemma, CRPD, inn i norsk lov.

Viktig at statsråden sjølv mottek underskriftene

Diverre fekk vi i går melding frå departementet om at statsråden vart hindra i å møte oss personleg, og difor såg seg nøydd til å sende statssekretæren i staden.

Vi vurderte den nye informasjonen saman med alle som skulle vore med på overrekkjinga, og tok ei samla avgjerd om å avlyse møtet og be om eit nytt tidspunkt. Det er viktig for oss at statsråden sjølv mottek bodskapen vår om å inkorporere CRPD. Underskriftskampanjen har vore eit svært viktig i haust, både for å mobilisere og for å stille krav til den nye regjeringa. Departementet viser stor forståing for avgjerda og vil kome med eit nytt tidspunkt for møtet.