Lær om politikken som handlar om oss

Usikker på kva politikk som gjeld for oss funksjonshemma? Hjelp oss å endre framtida, delta på Funkistimen!

Fjerde Funkistimen denne hausten skal handre om Crip Time, ei tilnærming til tid slik funksjonshemma opplever det.

Kor mykje tid brukar du dagleg på å navigere deg rundt samfunnsskapte barrierer? Gjer det at du får ei anna oppleving av tid enn andre? Sosiolog Birgitte Rosén kjem for å snakke om Crip Time på årets siste Funkistimen.

Arrangementet finn du her(lenke).

Vår politikk

No må vi få få regjeringa og politikarane til å stå for det dei har sagt om politikken for oss funksjonshemma.

Politiske rådgjevarar Henriette Nielsen og Martine Eliasson i Uloba, guidar deg gjennom tørre fakta, politikarsvar, og rett og slett kva som rører seg for funksjonshemma i det politiske landskapet.

Henriette Nielsen jobbar som politisk rådgjevar i Uloba. Ho er òg medlem av styret i organisasjonen Fri, og tidlegare leiar av Norges Handikapforbunds Ungdom. Henriette er 32 år gammal, er blond, har blå auge, markerte kinnbein, briller med svart innfatning og blondt hår i hestehale. På seg har ho svart blazer og grøn bukse, og ho sit i ein manuell rullestol.

– Dette er ein politisk time. Funkispolitikken kan fort drukne i andre saker. Vi vil tydeleggjere han. Denne timen finst slik at medlemmene våre og andre interesserte kan få innsyn i politikk for funksjonshemma, det vi driv med, seier politisk rådgjevar Henriette Nielsen.

Still spørsmåla du brenn inne med

I den neste Funkistimen får du innblikk i korleis det står til med funksjonshemma i verda i dag.

Du kan, som alltid, stille alle spørsmåla du treng svar på. Vi tek ikkje opptak av Funkistimen, nett for å gjere det til eit ope rom der ein kan stille alle spørsmåla ein ønskjer.

Ein politisk time sidan hausten 2021

Uloba har så langt gjennomført åtte Funkistimar, fire hausten 2021, og fire vinteren og våren 2022.

Vi har snakka om:

  • CRPD saman med Berit Vegheim frå stiftinga Stopp Diskrimineringen
  • Stortingsvalet saman med kollega Hans Hjellemo
  • Vegen etter valet for funkispolitikken, saman med Lars Ødegård
  • BPA-utvalet saman med to av gründerane bak Uloba, Vibeke Marøy Melstrøm og Knut Flaaum
  • Å engasjere seg og skape endring i eiga kommune, med Kåre Hunstad i Uloba
  • Å delta i samfunnsdebatten og skrive lesarinnlegg med kommunikasjonsrådgjevar og tidlegare debattjournalist Mone Celin Skrede
  • Kvinnedagen saman med universitetslektor Sonia Muñoz Llort, seniorrådgjevar Laila Bakke og politisk rådgjevar Henriette Nielsen i Uloba
  • Framtidas BPA saman med vår politiske leiar Aage Gjesdal og kampanje- og medlemsstøtteleiar Anneth Nielsen
  • Internasjonalt arbeid for menneskerettar
  • Freedom Drive og det Europeiske Independent Living-nettverket ENIL
  • Språket som handlar om oss, med Vibeke Marøy Melstrøm
Martine Eliasson er politisk rådgjevar i Uloba. Ho har tidlegare vore prosjektleiar i Redd Barna. Ho er ei kvinne på 32 år, har brune auge, briller med brun innfatning, eit stort ope smil og raudbrunt hår med pannelugg som fyk rundt andletet hennar i vinden. På seg har ho ei mørkeblå jakke, eit grått panneband og eit stripete skjerf i blått og raudt.

– Vi håpar å medverke til at medlemmane våre og i det heile funksjonshemma sjølv, kan få eigarskap til dei politiske sakene som handlar om oss, seier Martine Eliasson.

Kjenner du sveitten piple fram i panna når du høyrer tunge ord som politisk landskap, høyringssvar og konvensjonar? Då treng vi deg! Vi ønskjer at dette skal vere eit lågterskeltilbod slik at vi saman kan ruste oss betre til å stå i kampen om våre eigne rettar. Funksjonshemma sin likestillingskamp.

Éin kveld i månaden er romet ope og ordet fritt. Og får du det ikkje med deg denne gongen, kom neste gong!