“Hemminga di”

[ingress]Regjeringa røysta nei til å inkorporere FN-konvensjonen om rettane til personar med nedsett funksjonsevne i norsk lov.[/ingress]

I eit klasserom i Møre og Romsdal får ein heil skuleklasse utdelt dei gamle babylestane mine. Eg har nett byrja på ungdomsskulen, og mor mi har invitert ein føredragshaldar frå eit kompetansesenter for sjeldne diagnosar. Ho skal fortelje om funksjonshemminga mi. Hemminga mi, tenkjer eg og fniser. Eg høyrest ikkje rett navla ut. 

– Tre ein lest over handa de skriv med, og fest med hårstrikken, demonstrerer mor mi. 

Så byrjar det: Fleire prøver å halde fast papiret på pulten og skrive namnet sitt med feil hand. Éin prøver å klø seg i øyra, før han legg merke til at det er ein lestekledd ball der handa hans skal vere, og glidelåsen er plutseleg ikkje så enkel som han trudde.

– No veit de kanskje litt meir om korleis Mone har det, seier mor mi. 

 

I 2019 står eg på kjøkenet og viftar indignert med einhandsboksopnaren min. Førre veke stemte regjeringa nemleg nei til å ta FN-konvensjonen om rettar til personar med nedsett funksjonsevne inn i lovverket. 

– Noreg må innsjå at menneske med funksjonsnedsetjingar ikkje berre skal vere mottakarar av velferdstenester. Dei skal òg ha fulle menneskerettar, uttala kommiteen for konvensjonen for menneske med funksjonsnedsetjingar (CRPD). 

– Eg har ein teori, seier eg. 

Husveninna legg hovudet på skakke, og eg skjønar at ho ikkje forstår kva eg står og viftar med, før eg festar opnaren på ein boks med kokosmjølk. Han ser ut som ein mellomting mellom ei saks og ei stiftemaskin. 

– Eg trur at litt av grunnen til den høge prosenten uføretrygd i Noreg er at det er lettare å betale ut trygd enn å leggje til rette for menneske som ikkje fungerer på same måte som andre. Det er diskriminering. Men dersom ein satsa på inkludering og universell utforming, ville det verte lettare for “vanlege folk” òg. 

Eg lagar hermeteikn med den “vanlege” handa mi. 

 

For medan Noreg betalte ut 86,3 milliardar i uføretrygd i fjor, står 85.000 menneske med funksjonsnedsetjingar som vil i jobb, utan. Og i 2017 slo Arbeidsinstituttet fast at Noreg kunne spart milliardar på å inkludere menneske med funksjosnedsetjingar i arbeidslivet. 

Statistisk sentralbyrå melde òg i år at Noreg har lågare sysselsetjing av menneske med funksjonsnedsetjingar enn andre samanliknbare land. I høyringa om rettar for menneske med funksjonsnedsetjingar i Genève konkluderte FN med at Noreg er meir oppteke av velferd enn av menneskerettar. Ei tekstmelding som tikka høgt og skingrande inn førre vinter, dukkar opp på netthinna mi. 

– Huseigaren nektar å ordne moking til parkeringsplassen, så eg kjem meg ikkje ut, skreiv venninna mi. 

Ho sit i rullestol og kan ikkje nytte armar og bein på grunn av bøygde og feilstilte ledd. 

– Ein sommar vart eg sitjande inne i 15 dagar fordi huseigaren heller ikkje hadde ordna med heisavtale i bygget, fortel ho.

Eg tek meg i å lure på kvifor det at eg kan gå, gjer at eg har fleire rettar enn ho. 

 

Kvifor er barnekonvensjonen sjølvsagt i norsk lov, medan funksjonsevnekonvensjonen ikkje er det, tenkjer eg. Medan eg heller kokosmjølk i woken på kjøkenet og byrjar å skjere brød med noko som ser ut som ei lita sag, tenkjer eg at sjølv om eg fungerer ørlite annleis, er det ikkje eg som sit med hemminga. 

 

Teksten over var først publisert som kommentar i vekeavisa Dag og Tid for kultur og politikk, 12. april 2019. Uloba har fått løyve til å publisere teksten på våre sider. Dette gjer vi i samband med at Justiskomiteen på Stortinget nett no handsamar eit framlegg om å inkorporere funksjonsevnekonvensjonen i lovverket.