Er du vår nye BPA-rådgjevar?

Tre BPA-rådgjevarar rullar over operataket i Oslo. Ei kvinne i elektrisk rullestol med blond bob-klipp, off-white dressjakke, svart topp, olabukse og kvite joggesko har eit konsentrert uttrykk i andletet medan ho snur seg mot rådgjevar nummer to, i manuell rullestol. Han har solbriller på i sommarveret, grå poloskjorte, jeans og joggesko. Han har skjegg og tynt med hår, og rullestolen hans har gule detaljar. Ved siden av går ein assistent i shorts, og i front, men gjort uklar for å gje motivet bak han merksemd, rådgjevar nummer tre.

Vi leitar etter deg som vil by på deg sjølv og kompetansen din som funksjonshemma med assistansebehov.

Har du erfaring med å leie di eiga eller andre si BPA-ordning? Brenn du for å bruke kunnskapen og kompetansen din på ein måte som direkte påverkar andre arbeidsleiarar i Uloba positivt? Ønskjer du å by på deg sjølv og erfaringane dine? Då kan det vere deg vi leitar etter!

Les meir og søk på stillinga på Finn.no (lenke)

Uloba styrkjer likepersonsarbeidet for funksjonshemma med BPA, og ser difor etter ein ny medarbeidar i rådgjevar-teamet. Då søkjer vi deg som er engasjert i å betre vilkåra for funksjonshemma med assistansebehov i Noreg, og som ivrar etter å jobbe for full likestilling, samfunnsdeltaking og livsutfalding for funksjonshemma.

Ver med å gje andre nøkkelen til eit fritt liv

Som BPA-rådgjevar i Uloba får du hjelpe andre med å få i gang si assistanseordning. Du får òg jobbe med å rettleie arbeidsleiarar og assistentar i eit godt fagmiljø med dyktige kollegar.

Rett kunnskap og kompetanse om BPA er nøkkelen til å drive ei BPA-ordning på ein god og berekraftig måte. Uloba ønskjer difor å tilretteleggje for at arbeidsleiarar får rett kunnskap til rett tid, alt etter kvar den enkelte er i prosessen med å styre livet med BPA.

Les meir om BPA her (lenke).