Ein time i månaden til funkispolitikk

[ingress]Valet og 2021 er over, men det er ikkje likestillingskampen. Hjelp oss å endre framtida![/ingress]

Arrangementet finn du her(lenke).

Vi har no ein eineståande sjanse til å vere med å påverke framtidas BPA. Det skal vi snakke om i neste utgåve av konseptet vårt for unge som er interessert i funkispolitikk: Funkistimen: Ver med å endre framtidas BPA! Vi får to gjesteinnleiarar, Aage Gjesdal og Anneth Nielsen, som begge er sterkt engasjert i vår, funksjonshemma, sin likestillingskamp. Ver med oss å endre framtida!

No må vi få få den nye regjeringa og politikarane til å stå for det dei har sagt om politikken for oss funksjonshemma.

Politiske rådgjevarar Henriette Nielsen og Martine Eliasson i Uloba, guidar deg gjennom tørre fakta, politikarsvar, og rett og slett kva som rører seg for funksjonshemma i det politiske landskapet.

Bilde av Henriette Nielsen foran en lys brun murbygning. Henriette har blondt, oppsatt hår, blå øyne, markerte kinnbein og briller med sort innfatning. Hun har på seg sort skjorte og sort blazer.
Henriette Nielsen jobbar som politisk rådgjevar i Uloba. Ho er òg medlem av styret i organisasjonen Fri, og tidlegare leiar av Norges Handikapforbunds Ungdom.

– Dette er ein politisk time. Funkispolitikken kan fort drukne i andre saker. Vi vil tydeleggjere han. Denne timen finst slik at medlemmene våre og andre interesserte kan få innsyn i politikk for funksjonshemma, det vi driv med, seier politisk rådgjevar Henriette Nielsen.

Still spørsmåla du brenn inne med

Den fjerde Funkistimen i 2022 skal som sagt handle om BPA. Kampanjeleiar Anneth Nielsen og leiar for Analyse, kontraktar og politikk, Aage Gjesdal, vil leie denne fjerde Funkistimen, og ønskjer dine innspel til korleis BPA må vere. Vi håpar du vil dele med oss kva som trengst for at du skal få ein betre kvardag og eit likestilt liv med BPA.

Du kan, som alltid, stille alle spørsmåla du treng svar på.

Uloba har alt gjennomført seks Funkistimar, fire hausten 2021, og to vinteren 2022. Vi har snakka om CRPD saman med Berit Vegheim frå Stopp Diskrimineringen, stortingsvalet saman med kollega Hans Hjellemo, og vegen etterpå for funkispolitikken saman med Lars Ødegård. Gründerane bak Uloba, Vibeke Marøy Melstrøm og Knut Flaaum, har òg stilt opp for å snakke om BPA-utvalet som kom med utgreiingar om korleis framtidas BPA skal forvaltast. Vi har òg snakka med Kåre Hunstad i Uloba om å engasjere seg og skape endring i eiga kommune, og kommunikasjonsrådgjevar og tidlegare debattjournalist Mone Celin Skrede har snakka om å skrive lesarinnlegg.

– Vi håpar å medverke til at medlemmane våre og i det heile funksjonshemma sjølv, kan få eigarskap til dei politiske sakene som handlar om oss, seier Martine Eliasson.

Politisk rådgjevar Martine Eliasson står på biletet ute i frisk luft. Ho har raudleg brunt hår med grått strikka panneband, blå jakke og eit tjukt, blått og rosa skjerf rundt halsen. Martine brukar briller, smiler til kamera og har brune auge.
Martine Eliasson er politisk rådgjevar i Uloba. Ho har tidlegare vore prosjektleiar i Redd Barna.

Kjenner du sveitten piple fram i panna når du høyrer tunge ord som politisk landskap, høyringssvar og konvensjonar? Då treng vi deg! Vi ønskjer at dette skal bli eit lågterskeltilbod slik at vi saman kan ruste oss betre til å stå i kampen om våre eigne rettar. Funksjonshemma sin likestillingskamp.

Éin kveld i månaden er romet ope og ordet fritt. Og får du det ikkje med deg denne gongen, kom neste gong!