
Ny rapport frå Vista analyse vil slå fast at BPA er lønsam likestilling.
– BPA er lønsamt. Ønskjer ein reell likestilling og rettar til alle i dette landet, har ein ikkje råd til ikkje å nytte BPA som verkemiddel, konkluderte Ingeborg Rasmussen, samfunnsøkonom og partner i Vista Analyse måndag 11. august i Samfunnsteltet på Arendalsuka.
BPA: – Har vi råd til å late vere?
I JAG-arrangementet «Har Norge råd til BPA? Eller har vi råd til å la være?» blei BPA-ordninga på nytt diskutert og løfta. BPA-koalisjonen, eit samarbeid av ei rad funksjonshemma-organisasjonar, har i 2025 bestilt ein samfunnsøkonomisk analyse av analyseselskapet Vista Analyse. 19. August vil BPA-koalisjonen presentere funna i rapporten som tek føre seg samfunnsnytten av BPA. Rapporten vil vise at BPA ikkje berre er eit livsviktig likestillingsverktøy, men òg smart samfunnsøkonomi, og korleis dette heng saman.
Den samfunnsøkonomiske analysen som Vista analyse står bak, fyller krava frå Finansdepartementet til korleis ein gjennomfører slike analysar.

– Det er fire år sidan BPA-utvalet la fram si innstilling. Regeringa nølar og skuldar på at det er usikkert kor mykje BPA kostar. No får dei tala, og vi ventar at dei kjem i gang med å gjere BPA til likestillingsvertøyet vi treng, seier Vibeke Marøy Melstrøm.
Melstrøm representerer Uloba i BPA-koalisjonen, og var òg medlem av BPA-utvalet som la fram NOU 2012:11 Selvstyrt er Velstyrt og dissensen til denne.
– Dei førebelse konklusjonane frå Vista analyse er heilt i tråd med kunnskapen og røynslene vi har samla gjennom mange år i arbeid for BPA som reelt likestillingsverktøy. Heilt sidan BPA vart ein lovfesta rett har vi arbeidd for å få retten ut av helse- og omsorgslovverket. Vi har òg arbeidd for å få ordninga opp til statleg forvalting.
– Eg er glad for at organisasjonane står saman i eit godt samarbeid i BPA-koalisjonen. Det er viktig at vi står i fells font for BPA-ordninga i Noreg, seier ho.
– Grunnleggjande feil
– Det er heilt grunnleggjande feil når andre sine prioriteringar skal styre din kvardag. Difor treng vi å gjere endringar, sa Venstre-politikar Grunde Almeland i debattrunden etter at Vista Analyse hadde lagt fram sine førebelse funn.
Han påpeika at BPA ikkje er blitt gjeven den politiske merksemda som trengst for å gjere det til eit reelt likestillingsverktøy, men at det dei siste åra er opparbeidd seg mykje røynsle. Ein veit kva som trengst.
– Problemet er at vi frå nasjonalt hald så langt verken har gjeve ramer eller høve til å oppfylle det vi har lova. Det openberre svaret er å flytte ordninga til nasjonalt nivå slik at rettane får stå i sentrum og du sjølv får bestemme korleis du skal leve i din kvardag.
Som vi veit, er ikkje BPA berre viktig for å kunne leve som ein vil på fritida. BPA gjer det mogleg for mange å stå i jobb.
– Vi treng alle arbeidsfolka vi har, og alle som står utanfor. Vi må setje alle klutar til, sa stortingsrepresentant og medlem i Arbeids- og sosialkomiteen for Arbeiderpartiet, Tone Berge Hansen.

BPA frigjer helseressursar
Dei førebelse funna i rapporten slår fast at BPA frigjer helsefaglege ressursar kommunane sårt treng, og det er låge administrasjonskostnader.
– Å flytte ordninga frå kommune til stat er naudsynt, meiner vi, for å sikre likestilling og full gevinstrealisering. Full gevinstrealisering av BPA krev anten at ordninga vert flytta frå kommune til stat, eller at kommunane får sterkare insentiv og ramer for å realisere nasjonale mål, seier Ingeborg Rasmussen.
Analysen og rapporten som kjem 19. august vil altså truleg tale for at BPA bør forvaltast av staten og leggjast i eit eige lovverk, frikopla frå Helse- og omsorgslovverket og kommunane.
Meir om analysen og arrangementet 19. august vil du finne på denne sida.
Her vil du òg finne rapporten og innhaldet i han nærare arrangementet.