– Har du først sagt ja til å vere med på date må du kline til og ha det gøy!

Korleis påverkar BPA kjærleikslivet? Morten «Rulle» Marius Skau deler erfaringar og råd om dating, forelsking, nærleik og retten til å leve eit fritt liv.

Kan BPA påverke kjærleikslivet ditt? Ja, absolutt. Morten «Rulle» Marius Skau deler erfaringar og råd om dating, forelsking og det å byggje nære relasjonar som funksjonshemma. Han meiner at kjærleik handlar om å vere seg sjølv og våge å gripe moglegheitene når dei kjem.

– Eg har aldri brukt assistent på date før, seier han raskt gjennom telefonrøyret.

Morten Marius Skau (31), betre kjend som Morten Rulle, bur i Oslo og jobbar som lærar. Han er òg vloggar, aktiv på Instagram og medverkar i serien Klok av skade gjennom Sunnaas-stiftinga.

Korleis skal du feire valentinsdagen?

– Eg skal game og drikke Pepsi Max. Eg gler meg!

Skogstur som ikkje gjekk heilt etter planen

Kan du fortelje om ein date som var spesielt minneverdig?

– Eg hugsar at eg og ei eg var saman med skulle på skogstur til Grefsenkollen ein sommar. Vi skulle overnatte i hengekøye, og planen var at ho skulle bere meg fram til bålplassen, fortel Skau.

Men terrenget viste seg å vere meir krevjande enn dei hadde tenkt.

– Vi kom eit lite stykke frå bilen før ho ikkje klarte å bere meg lenger. Då bestemte vi oss for å setje opp hengekøya der vi var, seier han og ler.

Utfordringane var likevel ikkje over.

– Då kvelden kom, oppdaga vi at vi hadde gløymt myggspray. Etter kvart vart vi så oppetne av mygg at vi måtte gi opp og reise heim klokka tre om natta.

BPA og dating

Har du nokon gong nytta assistenten din til kjærleiksformål?

– Nei, det trur eg ikkje. Eg har til dømes vore på spontantur til Liseberg utan assistanse, og det gjekk heilt fint. Men dersom ein har lite rørsle, kan det vere naturleg å bruke assistent. På Tusenfryd ville eg nok gjort det, seier han.

Tykkjer du at ein skal kunne nytte BPA til å gå på date?

– Ja, absolutt. Dersom det kan hjelpe kjærleikslivet ditt, tenkjer eg at det berre er å køyre på. Så lenge assistenten er komfortabel med det, kan BPA nyttast i alle samanhengar. Kanskje kan assistenten til dømes hjelpe til med å lage mat før daten.

Rullestolen som isbrytar

Skau blei singel rett før årsskiftet. Den siste tida har han brukt Tinder for å bli kjend med nye menneske.

– Eg brukar mykje humor og legg ut tullebilete av rullestolen min og brukar han som ein isbrytar. Eg trur det gjer at eg skil meg ut. Faktisk får eg nesten fleire matchar på grunn av det, seier han og ler.

Men ikkje alle datinghistoriene har fått ein lykkeleg slutt.

– Eg fekk ein såkalla booty call ein kveld frå ei eg hadde matcha med på Tinder.

Skau fortel at han hoppa i ein taxi og sette kursen mot adressa han hadde fått.

– Men då eg kom fram, fekk eg ikkje noko svar. Så då sat eg eigentleg berre der. Det var ganske mislykka.

Singel på TV

Dating er ikkje noko nytt for Skau. I 2018 var han med i dokumentarserien Singel på TV 2. Målet var å vise at dating som funksjonshemma ikkje er så annleis enn dating for alle andre.

Føler du at du fekk vist fram det?

– Ja, det vil eg seie.

Det beste datingrådet

Kva er ditt beste råd til funksjonshemma som ønskjer å prøve seg i kjærleiken?

– Dersom du er usikker på funksjonsnedsetjinga di, så prøv heller å by på deg sjølv. Sit du i rullestol, er ikkje det noko å vere oppteken av. Dei du går på date med har allereie gjort seg opp ei meining om det. Har du først sagt ja til å vere med på date, må du kline til og ha det gøy!

Pssst!

I år ønskjer vi å feire valentinsdagen saman med dykk ved å setje ekstra pris på forelska funkisar.

Slik kan du vere med:

1. Del kjærleikshistoria di

Legg ut di finaste valentins- eller kjærleikshistorie på Instagram med emneknaggen #UlobaLove. Innlegget kan vere i videoformat og vare i opptil eitt minutt.

2. Følg med på innboksen

Vi trekkjer ein heldig vinnar som får hjartekonfekt i posten. Dersom du vinn, tek vi kontakt via direktemelding på Instagram.

Lukke til og god valentinsdag!