
Sidan 1991 har Uloba vore styrt av gründerane som skapte organisasjonen og BPA-ordninga i Noreg. Med Stig Morten Skjæran som konstituert generalsekretær, er Ulobas historie i endring.
Første april 2025 overlèt Vibeke Marøy Melstrøm, gründer og generalsekretær gjennom femten år, roret til Stig Morten Skjæran. Sidan starten i 1991 har Uloba vore styrt av gründerane som skapte både organisasjonen og BPA-ordninga i Noreg. Med Skjæran er Ulobas historie i endring. Kommunepolitikaren for Venstre, den stolte frostingen og tidlegare landslagssymjaren, kjem frå rolla som nestleiar for Uloba og leiar for avdelinga for BPA-rettleiing og kompetanseutvikling. No har han altså fått endå nokre stavelsar å hanskast med, som konstituert generalsekretær for Uloba – Independent Living Norge.
Då han starta som BPA-rådgjevar i Uloba første januar 2004, var han heilt fersk. Både på BPA og Uloba. Han hadde såvidt høyrt om Borgarstyrt personleg assistanse.
– Det var ikkje vanleg når du ikkje hadde arbeidsleiarerfaring sjølv. Eg søkte jobb og BPA i Uloba samtidig, seier Skjæran.
Mange har sett trønderen med skjegget, brun blazer og det store smilet. Offisielt i Uloba-samanheng, på scenen med bøylemikrofon og notat, og uformelt i gangane på hovudkontoret i Drammen. På heimstaden Frosta har mange sett han i avisspaltene og i kommunestyret.
Saka held fram under bileta.
Då vi får ein prat med han mellom doble møte i kalenderen, er det snart helg. Den komande veka skal han delta på sitt første styremøte som generalsekretær.
– Det blir spennande, ei fryd. Du skal kunne svare på alle spørsmåla styret stiller, seier han og smiler.
21 år i førarsetet
I 2024 hadde han arbeidd i Uloba i 20 år. Han kom inn i organisasjonen frå eit vikariat i Hjelpemiddelsentralen. Ein dag vart han oppringd av BPA-rådgjevar Tove Anita Moen i Trondheim. Ho skulle flytte til Drammen for å gifte seg med gründer og dagleg leiar Knut Flaaum. Nokon måtte ta over.
Saka held fram under biletet.

– Dei var så gode dei som jobba i Uloba. Og det var så mykje stammespråk. Eg lurte fælt på korleis det skulle gå, seier Skjæran.
Han opplevde at frykta for å bruke feil ord kunne avgrense diskusjonen, fortel han.
– Eg meinte, og meiner framleis at vi må snakke opp til grasrota. Og eg bestemte meg tidleg for å vere ei motstemme mot stammespråket.
Men sjølv i dag opplev han at han òg, dersom han er usikker, fort kan verte ullen.
– Ein kan gøyme seg i orda. Men vi må snakke så folk forstår, seier han.
– Språket er framleis svært viktig for Uloba. Det handlar ikkje berre om ord, men om politikk og definisjonsmakt. Kven vi er, korleis vi ser oss sjølv og kva vi krev av samfunnet rundt oss. Kva tenkjer du om denne språk-arven?
– Språket er viktig. Særleg for Uloba som Independent Living-organisasjon, vi skal vere eit føredøme. Men det er skilnad på det vi står for i det offentlege ordskiftet og korleis vi kommuniserer med kvarandre i organisasjonen. Meiningsbryting er svært viktig i ein organisasjon, og det er summen av alle i Uloba som gjer at vi er størst og best på BPA i Noreg. Ein arbeidsleiar er ikkje oppteken av delprosessar, men av å kome seg opp kvar morgon og starte dagen. Det må vi ikkje gløyme, seier Skjæran.
Han forsikrar at språket vil halde fram med å vere sentralt i alt Uloba gjer.
Saka held fram under faktaboksen.
Fem fakta:
- Fødselsdato og alder: 14.08.1970, 55 år.
- Heimstad: Frosta
- Års erfaring med BPA: 21 år
- Sivilstatus: Separert
- Utdanning: Cand.mag. med statsvitskap, leiing og pedagogikk.
“Eit liv som skal levast”
Dei første åra i organisasjonen bar preg av to timars responstid, og intenst arbeid. Arbeidstakarane i organisasjonen sat spreidd rundt i heile landet. Stig Morten Skjæran som var rådgjevar i Trondheim, hadde ansvaret frå Ålesund til Sandnessjøen. Han hadde første arbeidsdag 1. januar 2004 og starta Uloba-karrieren på julebordet. Same året vart brukar-omgrepet offisielt gravlagt i Uloba, med eige gravøl. Borgarstyrt personleg assistanse vart fødd til smell frå sjampanjekorkar; eit assistanseverktøy for aktive samfunnsborgarar. Jamleg kom heile organisasjonen saman, til fagleg samling, middag og fuktige turar på byen.
– “Her skal det levast eit liv”, slik var tankegangen. Bente (Skansgård, red anm.) sa ein gong at samlingane òg handla om at vi skulle teste byen. Det var erfaring, og med livserfaring vart du ein betre rådgjevar. Så vi heiv oss på!
– Har du eit døme?
– Vi var tre- fire rådgjevarar som skulle på byen etter middagen på Clarion Hotel Royal Christiania, det som no er The Hub. På veg over gangfeltet gjekk den eine tom for straum på rullestolen. Men var vi solidariske og venta på assistenten hennar som framleis var på hotellet? “Vi fær, vi!” vinka vi, og rulla vidare, seier han og ler.
Samfunnet har endra seg sidan då, og Uloba har endra seg. Det er ein annan kultur no, meiner generalsekretæren.
– Vi har vorte strengare på det, vi dekkjer ikkje alkohol til tilsette og alle arrangementa våre er alkoholfrie. Det var det nok behov for.
Les meir om generalsekretæren i Trønder-Avisa (for abonnentar) her.
Saka held fram under biletet.
Mor til far til dotter
– Kven er Stig Morten Skjæran?
– Ja, kven er eg? Spør han retorisk, tenkjer seg om, og held fram:
– Identiteten min er først og framst knytt til at eg er frosting og pappa til Ida på snart 14 år. Det er det viktigaste i livet mitt. Og eg er driven av å vere sjølvstendig. Ikkje naudsynlegvis at eg skal klare alt sjølv, men at eg kan ha kontrollen over min eigen situasjon. At eg kan be om assistanse når og korleis eg vurderer at eg treng det, seier han.
Frostingen flytte heimanfrå då han var 16 og fekk reise rundt med idretten. Frå han var 5-6 år var mor hans åleine med han, før stefar kom inn i biletet.
– Eg er første generasjon som fekk gå på vanleg skule i Noreg. Mor mi hadde tilbodet om å setje meg bort på institusjon, men ho valde å ha meg heime. Difor fekk eg vere ein som lærarane var nyfikne på. Det betyr òg at eg slektar på ei sterk kvinne, og det er eg stolt av.
Han tenkjer seg om.
– Eg har tenkt på dette, at i funkismiljøet eg kom frå, og der handla det om idrett og ikkje så mykje politikk, har eg i periodar møtt personar som har likna litt på mor mi.
Han siktar til ein nyleg avdød kollega i Uloba, rådgjevar for statistikk og analyse Laila Bakke. Bakke var mellom anna avgjerande for arbeidet med Tilstandskartleggingen, undersøkinga Uloba gjennomfører kvart år for å ta temperaturen på BPA-ordninga. Dei to sumde saman. Då Skjæran seinare kom inn i arbeidslivet var flesteparten av dei funksjonshemma han hadde blitt kjend med, i vanleg jobb.

Tenkje nytt, utan å miste grepet
Jobben som leiar er ikkje ukjend for Skjæran.
– Som leiar må ein vise veg, ha mot til å ta avgjerder og stå for eigne verdiar. Ein må ha evna til å tenkje nytt, men utan å miste grepet.
– Du gjekk inn i rolla som konstituert generalsekretær 1. april. Korleis ser du på rolla som generalsekretær, og har du sett deg mål for organisasjonen framover?
– Det einaste målet eg har sett meg no i starten, er å lytte til folka eg har ansvar for. Men som generalsekretær håpar eg at eg kan vere ein lagbyggjar og tilretteleggjar. Jobben min er å sørgje for at vi går éin veg, samla, at vi når måla våre, og at medarbeidarane i administrasjonen har dei beste føresetnadene for å lukkast i rollene sine. Eg trur på å vere tydeleg sjølv om det kan vere vanskeleg, å vise tillit og gje handlingsrom. For meg handlar rolla om å balansere drift, utvikling og kultur.
– Kva kultur ønskjer du å ha i leiarsetet? Opa dør for alle, eller faste møtepunkt?
– Dette er eit spørsmål som ein lett kan svare opp med flosklar. Eg håpar at eg kan opplevast som ein som lyttar og er føreseieleg, men som òg kan gripe høva som byr seg.
Fem favorittar:
- Stad: Frosta, sjølvsagt! Nr. 2 er Barcelona.
- Film: Det er vanskeleg å velje éin, så eg får velje ein eg såg no for ikkje så lenge sidan saman med Ida, Ildfluens grav frå 1988. Ein heilt utruleg vakker og trist animasjonsfilm.
- Mat: Det finst mykje god mat frå heile verda: Taco og Sushi, Pizza og Pasta. Men lite slår Inherredssodd med skjenning.
- Bok: Skråninga av Carl Frode Tiller sette ein skikkeleg støkk i meg. Men eg er òg veldig glad i novellene til Ingvar Ambjørnsen.
- Aktivitet: Taxisjåfør for Ida (med glimt i auga).
Samfunnsoppdraget
Som organisasjon har Uloba eit samfunnsoppdrag: Å endre samfunnets syn på funksjonshemma og i det, endre synet funksjonshemma har på seg sjølv. Den nye generalsekretæren er overtydd om at BPA er nøkkelen her òg.
– For å oppfylle samfunnsoppdraget må vi bidra til at fleire funksjonshemma kan vere ein del av samfunnet på godt og vondt gjennom likestillingsverktøyet BPA. Vi må få fleire funksjonshemma inn i kommunepolitikken og i klasseromet. Vi treng fleire funkisar som rollemodellar i akademia og i populærkulturen. Men kanskje er den andre delen av samfunnsoppdraget viktigare, å endre funksjonshemma sitt syn på seg sjølv. Og korleis gjer vi det? Spør han ut i lufta, før han held fram:
– Mykje handlar om å forvente, å stille krav og spele folk gode. Vi i Uloba – både medlemmane og administrasjonen – har dei beste føresetnadene og kompetansen til å tilretteleggje for at folk får ta ansvar og leve livet dei sjølv ønskjer.
Frontar BPA i politikken
Når det gjeld oppdrag og ansvar, har Stig Morten Skjæran òg ein fot i politikken. Han er nemleg kommunerepresentant i heimkommunen for Venstre. På Venstres landsmøte tidlegare i år tok han til orde for at Borgarstyrt personleg assistanse må forvaltast av staten og flyttast til eige lovverk for å fungere som likestillingsverktøyet det var meint å vere.
– Kva tenkjer du om å kombinere eit slikt verv med rolla som toppleiar i ein politisk organisasjon?
– Det er eit godt spørsmål og eit spørsmål som må stillast kontinuerleg. For meg handlar politikken om å ta eit samfunnsansvar, og eg er ikkje redd for å seie partiet mitt imot. Men det er likevel slik at samfunnsengasjementet som politikar i Frosta kommune ikkje kan kome i vegen for arbeidet i Uloba, uavhengig av kva stilling eg har. Difor må eg vere open for å bli utfordra. Blir det problematisk med habilitet og roller, må vi ta tak i det. Dessutan er det strenge reglar for dette i politikken, oppstår det rollekonflikt kan ein måtte ta permisjon frå vervet, til dømes, seier Skjæran.
Bety noko for andre
– Til slutt: Kva vil du med livet?
– Det at mine røynsler kan bety noko for andre, er ein drivar for meg. Slik var det då eg kom inn i Uloba òg, som rådgjevar. Å sjå ryggen som vert rettare, blikket som plutseleg ser framover, dei fantastiske endringane som skjer når folk som tidlegare har hatt minimalt høve til å bestemme i livet sitt, får assistanse, full kontroll og alle rettar. Det tek eg med meg på jobb, privat, som politikar og nabo.
– Samstundes er eg svært klar over at vi som har assistanse og arbeider i Uloba, er privilegerte. For mange er det usikkert om ein får leve livet ein ønskjer seg. Om ein kjem seg opp, har nok assistanse, får god nok hjelp av rådgjevaren sin eller har nok folk i BPA-ordninga.
Les siste nytt frå Uloba, om og med den konstituerte generalsekretæren:
En stolt, sterk og synlig boklansering – med historie, identitet og språk i sentrum
5. mai, en dag for stolthet, styrke og synlighet
Trygghet for fremtiden krever handling, Jonas!