Uloba på Handelskonferansen: – Lytt til dei røynde fjellfolka!

Biletet viser fire paneldeltakarar, tre står og ein, Stig Morten Skjæran, sit i ein elektrisk rullestol som er heist opp i ståhøgd for høvet. I bakgrunnen er bilete av paneldeltakarane på magenta bakgrunn.
Generalsekretær Stig Morten Skjæran var ein av fire paneldeltakarar i debatten «Hvordan kan private bidra til å løse oppgaver når velferden er under press?». Foto: Virke

– Vi i Uloba har ikkje berre tilrettelagt for borgarstyrt personleg assistanse (BPA) – vi har faktisk skapt tenesta vi tilrettelegg for.

Det sa generalsekretær Stig Morten Skjæran i Uloba på Handelskonferansen i regi av Virke mot slutten av september.

Konferansen er eit årleg arrangement for handels- og tenestenæringa og ein hovudarena for Virke, for nettverksbyggjing, kunnskapsdeling og debatt. Skjæran deltok i programposten «Hvordan kan private bidra til å løse oppgaver når velferden er under press?». Panelsamtalen handla om korleis private bedrifter kan bidra til å løyse offentlege oppgåver på ein god måte, ifølgje programmet for konferansen. Generalsekretæren nytta særleg høvet til å nemne den nye samfunnsøkonomiske analysen om BPA. Analysen er gjennomført av Vista Analyse på oppdrag frå BPA-koalisjonen.

Les meir om BPA-koalisjonen og den samfunnsøkonomiske analysen av BPA her.

Saka held fram under biletet.

Stig Morten Skjæran har glattbarbert hovud, skjegg, brun blazer, svart bukse og kvite joggesko. Han har Uloba-talekort i hendene.
– Vi samarbeider med mange svært dyktige kommunetilsette over hele landet, og vi veit – gjennom den nye Vista-analysen og andre samfunnsøkonomiske analysar – at BPA er eit særs kostnadseffektivt verkemiddel, sa generalsekretæren. Foto: Virke

BPA er kostnadseffektivt

– Vi samarbeider med mange svært dyktige kommunetilsette over hele landet, og vi veit – gjennom den nye Vista-analysen og andre samfunnsøkonomiske analysar – at BPA er eit særs kostnadseffektivt verkemiddel. Det gjev både økonomiske og samfunnsmessige gevinstar. Fleire kjem i arbeid, kommunane får auka skatteinntekter, innbyggjarane får meir fridom og auka livskvalitet, og fleire får høve til å ta utdanning, sa Skjæran.

Til slutt vart paneldeltakarane utfordra til å kome med ein beskjed til ungdomspolitikarane som skulle på scenen i neste programinnslag.

– Eg oppmoda om at politikarane lyttar til dei røynde «fjellfolka» når dei skal navigere BPA-landskapet. Dei har høve til å sørgje for at BPA blir henta ut av den kommunale helse- og omsorgslovgjevinga og over til staten og eige lovverk.