Kva legg sju ulike funksjonshemma-organisasjonar i BPA som likestillingsverktøy?

[ingress]Vi brukte FN-dagen 3. desember til å snakke om BPA, no og i framtida.[/ingress]

– Etter den 3. desember treng vi ei rørsle som engasjerer seg. Vi skal stå saman for å sikre våre grunnleggjande menneskerettar.
Slik opna Ståle Bratlie vårt 3. desember-webinar: BPA på livet løs!

Eit panel på sju svara kyndig på kva utfordringar dei ser med dagens BPA-ordning. Eit viktig punkt på agendaen var òg BPA for dei som ikkje kan leie ordninga sjølv.

Korleis ser draume-BPAen ut?

Politisk rådgjevar Henriette Nielsen stilte spørsmåla:

1. Kva legg vi i borgarstyrt personleg assistanse (BPA) som eit likestillingsverktøy?

2. Kva utfordringar ser vi med dagens BPA-ordning?
3.  I dag ligg BPA-ordninga under helse- og omsorgstenestelova. Er dette med på å skape utfordringane, og er det viktig å løfte ordninga ut av denne lova?

4. Vi er kjend med at enkelte er bekymra for at helserelaterte oppgåver skal bli fjerna frå BPA dersom ordninga blir flytta inn i ei anna lov. Er dette noko vi bør frykte?

5. Korleis sikrar vi at alle funksjonshemma som ønskjer det, også dei av oss som ikkje kan leie ordninga sjølv, får BPA?

6. Korleis ser ei draumeordning for BPA ut?

– For mange av oss og for Uloba handlar BPA om likestilling. Det handlar om retten til å ta ansvar, ta ansvar for sitt eige liv og ta ansvar i samfunnet, sa generalsekretær Vibeke Marøy Melstrøm.

Vi kjem til å leggje ut opptak av webinaret nedst i denne saka. Då kan du sjå og høyre politisk rådgjevar Henriette Nielsen, visegeneralsekretær Ståle Bratlie og generalsekretær Vibeke Marøy Melstrøm i Uloba, Gabriel W. Hoff frå Norsk handikapforbunds ungdom, Ingrid Thunem frå Unge Funksjonshemmede, Alette Reinholdt frå JAG assistanse, Elin Gunnarsson frå Løvemammaene,  Ingvild Østerby frå Norsk forbund for utviklingshemmede og Terje André Olsen frå Norges blindeforbund.