Judith «Judy» Heumann

19.09.1947 – 04.03.2023

Judith "Judy" Heumann hadde eit smil og ein latter som forplanta deg ut i heile andletet. På biletet hadde ho det brune håret oppsett, raude briller, lysegrå bluse, gullsmykke og raud leppestift.
Foto: Finn Ståle Felberg

“English version” Link

Ei slostkjempe for funksjonshemmas menneskerettar, og eit varmt, inkluderande og kunnskapsrikt menneske har gått bort.

Seint laurdag 4. mars kom den triste beskjeden om at Judith «Judy» Heumann, mor til borgarrettsrørsla for funksjonshemma i USA, er gått ut av tida, 75 år gammal. For Uloba er rørslas mest avgjerande førebilete og største inspirasjonskjelde, borte.

– Judy har alltid vore der. Ho har stått saman med oss sidan før Uloba blei grunnlagd, seier generalsekretær Vibeke Marøy Melstrøm.

Biletet viser Judy Heumann i raud overdel og Uloba-gründer Vibeke Marøy Melstrøm i svart jakke og rosa topp. Dei sit på kvar side av avlange konferansepultar av tre. På pultane ligg papir, teknisk utstyr og anna, og ein kan sjå mange menneske i bakgrunnen. Truleg er dette i ein pause i eit seminar eller ein konferanse.
Judy Heumann var gav avgjerande råd i arbeidet med å starte opp BPA-ordninga i Noreg, ifølge Vibeke Marøy Melstrøm (på biletet saman med Heumann). Ho har fleire gonger delt av den betydelege politiske karrieren sin med Ulobas gründerar. Foto: Finn Ståle Felberg

Ifølge Melstrøm og medgründer Knut Flaaum, var Judy Heumann eit levande bevis på kva som er mogleg når ein kjempar for rettane sine, tek plass og aldri gjev opp.

– Å miste Judy er nesten som å miste ein del av familien, seier Knut Flaaum.

Dei har begge møtt Independent Living-pioneren ved fleire høve. I 2007 reiste ein delegasjon frå Uloba til Washington for å feire 25-årsdagen til Independent Living-rørsla.

Heumann var limet i rørsla

– Ho var ein av dei verkeleg store. Og eit svært varmt og direkte menneske privat, med mykje humor og heilt utan nykkar. Ho kunne snakke med alle, uansett nivå, og ho engasjerte seg i mange kampar. Det var alle eller ingen. Slike menneske blir nettverksbyggjarar, limet i rørslene, seier Flaaum.

Han minnest ein middag på Oslo Plaza i 2006, med Uloba-gründerande og gjestar. Blant dei Judy Heumann.

– Eg spurde kva ho ville drikke til maten. Då snudde ho seg mot meg og sa ho gjerne ville ha ein grappa (italiensk brennevin, red.mrk). Då blei eg litt sett ut. Eg har aldri, før eller seinare, høyrt om nokon som drikk grappa til maten, seier Flaaum og ler.

Som systrer

Den som kjende Judy Heumann best av gründerane var Bente Skansgård. I den norske funksjonshemma-rørsla er ho kjend som BPAs mor. Skansgård gjekk bort i 2013.

– Bente traff Judy Heumann og Ed Roberts då ho reiste til USA gjennom Fulbright-stipendet. Desse to blei den store inspirasjonen for henne, seier Bjørn Sebastian Hecter, som var gift med Skansgård.

Han fortel om ein varm venskap både profesjonelt og privat.

Judy Heumann lener seg inntil Bente Skansgård, begge med eit tankefullt uttrykk. Bente Skansgård har litt gråleg, mørk bob-frisyre med pannelugg, Judy Heumann har tilsvarande frisyre utan pannelugg. Heumann er kledd i plommelilla og har matchande briller, Skansgård har blå genser og jakke med pelskrage, og ein ring som snirklar seg oppover fingeren hennar.
Bente Skansgård og Judy Heumann på Ulobas hovudkontor i 2006.

– Judy og Bente hadde den same brannen i seg, var kjappe i replikken og nesten som systrer. Dei sto saman både som kvinner og i kampen for funksjonshemma, blei gode vener og snakka ofte om å stå i front for saka.

Judy Heumann var på besøk heime hos Bente Skansgård og mannen (i husværet på Kampen i Oslo, red. anm) mange gonger.

– Eg hugsar særleg latteren deira, den fylde heile husromet. Då eg fekk vite at Judy er gått bort var det denne, styrken og stå på-viljen hennar, eg tenkte på. Hadde Bente vore i live i dag, hadde dette vore eit stort tap for henne. Det er ei kjempe som har gått bort, seier Hecter. 

Aktivisten Judy Heumann

Heumann var fødd i Philadelphia i 1947, men vaks opp i Brooklyn i New York. Ho fekk polio då ho var 18 månader gammal, og foreldra blei tilrådd av dokterane å sende dottera på institusjon. Då ville dei sleppe den økonomiske og sosiale byrda det ifølgje dokterane var å ha eit funksjonshemma barn.

Eg lærde at eg måtte bli min eigen forkjempar

Judy Heumann

Men for Heumann og familien blei dette i staden starten på ein livslang kamp for dei same menneske- og borgarrettane som for dei fleste andre i samfunnet var heilt sjølvsagde. Judy fekk ikkje starte på vanleg skule. Ho som ikkje kunne gå, blei sett på som ein brannfare. Mange år seinare, etter ein lang kamp for å bli lærarutdanna, fekk ho heller ikkje sertifisering som lærar, av same grunn.

– Eg lærde meir og meir om kva diskriminering var, og like viktig, eg lærde at eg måtte bli min eigen forkjempar, snakke mi eiga sak, har ho tidlegare uttala.

Judy Heumann deltok mange gonger på Ulobas arrangement. Her frå utdelinga av Ulobas ærespris på det digitale Stolt Natt-arrangementet i 2021. Foto: Finn Ståle Felberg.

Heumann saksøkte og vann fram, og vart statens første funksjonshemma lærar. Ho har vore med å grunnleggje nasjonale og internasjonale politiske interesseorganisasjonar for funksjonshemma, og har støtta eit stort tal andre menneskerettsorganisasjonar, som Human Rights Watch, Verdsinstituttet for funksjonshemming (World Institute on Disability) og Redd Barna.

Ei kjempe for borgarrettar

I ein TED Talk frå 2018 (lenke) serverer Heumann, i raud cardigan dekorert med små bier som nesten flyg over skuldrene hennar, publikum ei gåte.

– Kor mange menneske treng ein for å stoppe trafikken ved Madison Avenue i New York, i rushen?

Svaret, ifølgje Heumann, var 50.

– Og det fanst ingen universelt utforma politibilar. Så då måtte dei berre, de veit, takle oss, seier Heumann på skjermen. Ho smiler, som ho ofte gjorde, med heile andletet.  

Enkelte vil seie at det eg gjorde, endra verda. Men det eg eigentleg gjorde var ganske enkelt at eg nekta å akseptere det andre fortalde meg om kven og kva eg kunne bli. Og eg var villig til å lage bråk

Judy Heumann

Fleire gonger har Judy Heumann vore ei leiande kraft i store sivile demonstrasjonar for å få lovfesta borgarrettar for funksjonshemma i USA.

Villig til å lage bråk

I «The 504 sit in», ein nesten månadslang okkupasjon av eit offentleg bygg i San Fransisco, deltok over 100 menneske med eit breitt spekter av ulike funksjonsnedsetjingar, for å få dei sivile rettane til funksjonshemma inn i det amerikanske lovverket. Heumann, i lag med fleire aktivistar frå USA, planla og leia denne okkupasjonen. Ho var òg med då funksjonshemma frå heile USA kom saman framfor Capitol-bygget i Washington i 1990, for å gjennomføre det som no blir kalla «The capitol crawl». Over 1000 menneske drog seg sjølv og rullestolar, armar og bein opp dei verdskjende trappene til bygget som husar den amerikanske kongressen, for å få gjennom antidiskrimineringslova The Americans with Disabilities Act (ADA).

Judy Heumann deltok òg på sommarleiren Camp Jened då ho var ung. Leiren blei grobotn for funksjonshemmarørsla i USA. Netflix-dokumentaren Crip Camp viser Heumann og hennar jamnaldrande på vegen mot borgarrettar og antidiskriminering. Sjå dokumentaren i vindauget over.

«Enkelte vil seie at det eg gjorde, endra verda. Men det eg eigentleg gjorde var ganske enkelt at eg nekta å akseptere det andre fortalde meg om kven og kva eg kunne bli. Og eg var villig til å lage bråk», har Heumann sjølv skrive i biografien Being Heumann: An Unrepentant Memoir of a Disability Rights Activist.  

Seinare blei ho den første direktøren for utvikling og tenester for funksjonshemma i Verdsbanken. Og i 1993 flytta ho til Washington D.C. og tenestegjorde i høge offentlege verv, både i Clinton- og Obama-administrasjonane. Ho arbeidde med tenester og sivile rettar for funksjonshemma, både nasjonalt og internasjonalt.

Den største inspirasjonskjelda

For generalsekretær Vibeke Marøy Melstrøm vil Judy Heumann halde fram med å vere ein inspirasjon. Gjennom alt sitt arbeid og all sin innsats står ho att som mor, førebilete og pioner for ei heil rørsle. Gjennom skikkelsar som Heumann vert arbeidet mot eit likestilt samfunn litt lettare.

– Ho har vore vår største ideologiske og politiske inspirasjonskjelde. Ikkje minst har ho anerkjent Uloba som Independent Living-organisasjon og vårt arbeid. Når ho har fortalt om kva som er mogleg og delt raust av eigne erfaringar og kloke strategiar, gjev det oss pågangsmot og inspirasjon til å halde fram. Ho har mint oss på at det er vi sjølv som må ta kampen.
Les meir: Våre kroppar, våre sinn, våre stemmer! eit intervju med Judy Heumann i Ulobas jubileumsbok Spydspissen (lenke).

Les meir: Judy Heumann mottok Ulobas ærespris (lenke)