Slik BPA fungerer i dag, er det kommunen som skal finansiere ordninga. Kommunen kan likevel krevje eigenandel for den praktiske bistanden. Den blir rekna ut frå inntekt.
Her får du sjå kva det kostar for kommunen å vilge vår BPA, og kva dei enkelte utgiftspostane er:
Lønn og fellesutgifter til assistentar
Vi har ein rettleiande timepris på 500 kroner per april 2022. Dette skal dekkje heile lønna til assistentane. Både grunnlønna og eventuelle tillegg som overtid, feriepengar, forsikringar og ansiennitet. Uloba har òg forhandla fram ein eigen tariffavtale med Fagforbundet i 2014, tilpassa assistentar.
Utgifter til drift
Uloba har eit eige budsjett til kostnadene som kjem i tillegg til assistentlønna. Det skal dekkje utgiftene som arbeidsleiaren får når hen skal utføre arbeidsleiaransvaret sitt, som HMS-tiltak og utgifter til reise.
Vi sikrar at desse midla blir brukt på rett måte, og stiller strenge krav til dokumentasjon.
Administrasjon
Uloba tek seg av det administrative som til slutt skal vere til hjelp for arbeidsleiarar og assistentar til å gjere ordninga best mogleg. Vi:
- utviklar og oppdaterer verktøy, kurs og kursmateriell for arbeidsleiarar.
- sørgjer for handbøker, rettleiing, oppfølging og rådgjeving for arbeidsleiarar og assistentar.
- tilbyr fagleg påfyll som temakveldar, arrangement og samtaleforum.
- sørgjer for at alt materiell er universelt utforma og tilrettelagt for til dømes synshemma.
Refusjon og opplæring til kommunane
Kommunen betalar ikkje for meir enn dei timane som faktisk blir brukt. Dette betyr at dersom arbeidsleiar brukar færre timar enn kommunen har løyva og betalt for, får kommunen att det som ikkje blir brukt på slutten av året.
I tillegg kan kommunen søke om tilskot til BPA-opplæring. Ordninga gjeld både arbeidsleiarar, assistentar og kommunale saksbehandlarar. Her kan du lese meir om tilskotet (ekstern lenke, blir opna i ny fane).
BPA er ei god løysing for samfunnet
BPA er ei god løysing både for samfunnsøkonomien og for menneskerettane våre.
Det kan bidra til at vi funksjonshemma blir aktive borgarar som gjev tilbake til samfunnet. Då kan vi utdanne oss og stå i arbeid sjølv, og vi treng ikkje å vere avhengig av kommunale heimetenester. Vi er òg med på å sikre arbeid til fleire, ettersom vi treng assistentar.
-
Borgarstyrt personleg assistanse (BPA)
-
Kva er BPA? Les om assistansen som mange av oss har ein lovfesta rett på.
-
Korleis får eg BPA? Alle kommunar skal tilby BPA. Slik søkjer du.
-
Ver sjef i ditt eige liv Les om nokre av moglegheitene BPA gjev oss funksjonshemma i kvardagen.
-
Born kan òg få BPA Å vere arbeidsleiar sjølv er ikkje noko krav for å få BPA.
-
Ti gode grunnar til å velje Uloba (Sjølvsagt finst det fleire grunnar enn berre ti…)
-
Dette kan du bruke BPA til Er det likestilling å få assistanse til å stå opp, dusje og sette på brødristaren?
-
Kommuner som har Ulobas BPA Sjå om din kommune har avtale med Uloba.
-
BPA og kommunen Dette må de som kommune vite om BPA.